Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Elise Bjørnebekk-Waagen, Lise Christoffersen, Arild Grande og Rigmor Aasrud, frå Høgre, Margret Hagerup, Heidi Nordby Lunde og Kristian Tonning Riise, frå Framstegspartiet, Jon Georg Dale og leiaren Erlend Wiborg, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, frå Sosialistisk Venstreparti, Solfrid Lerbrekk, og frå Kristeleg Folkeparti, Torill Selsvold Nyborg, viser til Meld. St. 30 (2020–2021) Årsmelding 2020 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer og har ingen merknader.