Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Åsmund Aukrust, Espen Barth Eide, Ruth Grung, Else-May Norderhus
og Runar Sjåstad, frå Høgre, Liv Kari Eskeland, Stefan Heggelund,
Aase Simonsen og Lene Westgaard-Halle, frå Framstegspartiet, Jon Georg
Dale og Terje Halleland, frå Senterpartiet, Sandra Borch og Ole
André Myhrvold, frå Sosialistisk Venstreparti, Lars Haltbrekken,
frå Venstre, leiaren Ketil Kjenseth, frå Kristeleg Folkeparti, Tore Storehaug,
og frå Miljøpartiet Dei Grøne, Une Bastholm, syner til at
saka med Røldal-Suldal kraftanlegg no ligg til handsaming i Olje-
og energidepartementet. Kraftverka i Røldal-Suldal blir lagd til
eit offentleg selskap, Lyse Kraft DA, der det fullt ut offentleg eigde
Lyse Produksjon AS vil ha 74,4 pst. av selskapet. Det er søkt om
at gjeldande vilkår om tidsavgrensing og heimfall i konsesjonen
av 1962 blir omgjort. Det følgjer av vannfallrettighetsloven (dåverande
industrikonsesjonslova) og vassdragsreguleringsloven at ein slik søknad
skal blir innvilga om vilkåra for offentleg eigarskap er oppfylte.
Komiteen viser vidare til brev
frå statsråd Tina Bru datert 8. januar 2021, der det står:
«De aktuelle lovbestemmelsene
ble vedtatt i 2008 som en del av lovendringene for å bringe lovverket
i samsvar med EØS-retten etter at staten hadde tapt hjemfallssaken
i EFTA domstolen i 2007. De berørte kommunene har krevd revisjon
av konsesjonsvilkårene. I søknaden fra Lyse Kraft er det tatt høyde
for at vilkår om revisjon vil bli satt.»
Og vidare:
«Myndighet til å
behandle saker der det åpnes revisjon er delegert til Norges vassdrags-
og energidirektorat (NVE). Revisjonssaken behandles i tråd med vassdragslovgivningen
og departementets ‘Retningslinjer for revisjon av konsesjonsvilkår
for vassdragsreguleringer’, fastsatt 25. mai 2012.»
Brevet, med rettebrev
av 11. januar 2021, er lagt ved innstillinga. Brev frå statsråd
Tina Bru av 29. januar 2021 er òg lagt ved innstillinga.
Departementet legg
til grunn at den vidare sakshandsaminga vil vareta dei forholda
som representantframlegget legg til grunn i framlegg 1.
Det følgjer av prosessen
i slike saker at når departementet har handsama omgjeringssaka,
vil NVE treffe vedtak om å opne revisjonssak.
Komiteen legg difor til grunn
at NVE opnar revisjon så snart søknaden til Lyse Kraft er handsama
i departementet.
Komiteen syner vidare til at
det har vore andre og liknande saker som har vore handsama i departementet.
Statsråd Tina Bru viser her til Elkem-sakene, som ho peikar på er
nær identiske med saka som no er under handsaming. Desse vart avgjorde
i 2010. Kommunane hadde også her krav om å få etablert eit næringsfond, noko
som ikkje vart teke til følgje. Ifølge departementet vart dette
grunna med følgjande frå Ot.prp. nr. 61 (2007–2008) side 55 og 56:
«Det ligger åpning
for betydelige verdioverføringer i omgjøring, siden staten på denne
måten i realiteten vil frafalle verdier som ellers ville ha hjemfalt
til staten i fremtiden. Det oppstår også et tap for vertskommunene som
ikke vil få tilgang på inntil 1/3 av de hjemfalte verdier slik industrikonsesjonsloven
bestemmer. Hjemfall er på den annen side intet mål i seg selv. Det
avgjørende er at offentlig eierskap gjennomføres innenfor de rammer
som følger av konsolideringsmodellen.»
«Omgjøring innebærer
at de berørte private selskapene likestilles med offentlige eiere
som ønsker å selge sine vannfall eller kraftverk til andre offentlige
aktører. Begge kategorier eiere vil kunne selge kraftverk, til samme
gruppe potensielle kjøpere, og med den følge at konsesjonene på
kjøpers hånd blir tidsubegrenset. Slik sett blir markedsvilkårene
ved omsetning tilnærmet like.»
Departementet seier
vidare i sitt brev:
«’Retningslinjer
om revisjon av konsesjonsvilkår for vassdragsreguleringer’ av 2012,
viser også til denne praksis: ‘Økonomiske krav omfattes normalt
heller ikke av revisjon. Det må foreligge helt spesielle hensyn
før det kan være aktuelt å pålegge næringsfond og andre økonomiske
vilkår i revisjonssaker. Dette gjelder også økonomisk kompensasjon
for miljøulemper.’»
Komiteen merkar seg difor at
dersom ein skal gå inn i punkt to av framlegget, vil det bli etablert
ein ny praksis i slike saker.
Vidare viser komiteen til
departementet sitt oversyn over inntekter som kommunane og fylkeskommunen
har i dag, og som ikkje vil bli endra ved at Lyse Kraft overtek
eigarskapen. Desse består av naturressursskatt, eigedomsskatt, konsesjonsavgift
og verdien av sal av konsesjonskraft. Detaljert oppsett kjem fram
i brev frå departementet.
Komiteen viser til at det er
kome inn 25 høyringsinnspel innan fristen som var sett den 11. januar 2021.
Desse gjev til saman eit godt bilete av ståstaden til partane i
saka.
Fleirtalet i komiteen,
medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Venstre
og Kristeleg Folkeparti, viser til at grunnlaget for å kunne
gjera krav på tidsuavgrensa konsesjon er vedteke i Ot.prp. nr. 61
(2007–2008) under Stoltenberg II-regjeringa, og ligg som premiss
for den transaksjonen som ligg til vurdering hjå Olje- og energidepartementet.
Fleirtalet forstår at Hydro
si målsetjing har vore å overdra RSK-anlegga til ein offentleg eigar
og få omgjort konsesjonane til tidsuavgrensa konsesjonar. Denne
avhendinga er gjord innan tidsfristen for gjeldande tidsavgrensa
konsesjon.
Fleirtalet merkar seg vidare
at etter vedtaket gjort i Ot.prp. nr. 61 (2007–2008) har Lyse Kraft
DA, som offentleg aktør, etter lova krav på å få omgjort konsesjonane
til å gjelde på uavgrensa tid, jf. vannfallsrettighetsloven § 10.
Ei slik endring skal gjennomførast i tråd med alminnelege krav til
saksbehandling og saksbehandlingstid etter forvaltningsloven.
Lyse Kraft DA har
difor etter vassfallsrettighetsloven krav på omgjering av Røldal-Suldal-konsesjonane
til å gjelde på uavgrensa tid. Fleirtalet legg til grunn at
det i samband med dette vil bli inntatt vilkår om igangsetjing av
alminneleg revisjon som i andre tidsuavgrensa konsesjonar.
Fleirtalet viser også til at
vertskommunane Ullensvang og Suldal ber om at det straks må opnast
ei revisjonssak, og har sett fram krav overfor NVE i 2019 om dette.
I høyringsinnspela argumenterer dei for at revisjonssaka må innebere
ein gjennomgang av alle konsesjonsvilkåra og at det er heimel for
å gje næringsfond i saka. Kommunane meiner at:
«(…) nye konsesjonsvilkår
må inneholde en rimelig og rettferdig kompensasjon til berørte kommuner,
dels som erstatning for særlig tyngende, irreversible naturinngrep
og dels som en andel av den store verdiskapingen som kommer eierkommuner
og Hydro som konsesjonær til del, både i form av utbytte og arbeidsplasser» (henta
frå høringsinnspel frå Suldal og Ullensvang kommunar datert 19. januar
2021).
Kommunene viser til
Kgl. resolusjon 4. september 2020 (Kvænangen-saken), der departementet
uttrykker at næringsfond kan være aktuelt når det foreligger «’helt spesielle
hensyn’.»
Vidare meiner kommunane
at konsesjonen i Røldal-Suldal er ei revisjonssak der det finst
slike «heilt spesielle omsyn», då dei omfattande naturinngrepa ved
utbygging av vasskraftverket ikkje lèt seg reversere. Kommunane
refererer til at naturinngrepa har ført til tørrlegging av Novlefoss,
17 meter regulering av Røldalsvatn og neddemming av 18 stølar som
var i bruk i Valldal.
Fleirtalet vil påpeike at Stortinget
ikkje skal drive saksbehandling, men at det er regjeringa sitt ansvar
at intensjonane i lova blir følgde opp i revisjonssaka. Fleirtalet legg
til grunn at det blir lagt opp til prosessar som søker å finne gode
og omforeinte løysingar.
Fleirtalet ser positivt på
at Hydro Energi AS har inngått fusjonsavtale med Lyse Produksjon
AS og etablert eit nytt selskap, Lyse Kraft DA. Etterspørselen etter kraft
vil stige markant dei komande åra. Avtalen vil sikre langsiktig
industriell tilgang på fornybar kraft og dermed styrke verdiskaping
og industriarbeidsplassar i Noreg. Kraft er den største enkeltkostnaden
i aluminiumsproduksjon, og kraftprisen er avgjerande for lokalisering
av aluminiumsindustri i Noreg. Hydro sine fem norske aluminiumsverk
på Karmøy, Husnes, Årdal, Høyanger og Sunndal sysselset nærare 5 000
tilsette, og forbruker årleg om lag 17 TWh fornybar kraft som svarer
til om lag 11–12 pst. av norsk kraftproduksjon. Hydro sjølv eig
ein kraftportefølje på 9,4 TWh, og denne porteføljen er eit viktig
bidrag i dei langsiktige avtalane til Hydro. I 2019 genererte kraftverka
i Røldal-Suldal skattar og konsesjonsavgifter på til saman 300 mill.
kroner.
Hydros ni kraftverk
i Røldal-Suldal-vassdraget har ein samla installert effekt på 630
MW og produksjon på om lag 3,21 TWh/år. Etter samanslåing vil Hydro
eige 25,6 pst. og Lyse 74,4 pst. og fyller dermed vilkåra til offentleg
eigarskap. Utbygginga på 1960-talet var eit av Noregs største vasskraftanlegg
og representerer store verdiar og inntekter til eigarane, storsamfunnet
og kommunane. Anlegga inneber store naturinngrep som tørrlagd Novlefoss,
neddemming av Valldal med 18 stølar som hadde stor tyding for landbruksbygda
Røldal, og at Røldalsvatnet midt i bygda vart reguleringsmagasin med
inntil 17 meters reguleringshøgde. Ved etablering av anlegga i 1962
vart Hydro pålagt å betale til dåverande Røldal og Suldal kommune
1 mill. kroner til et næringsfond, med årleg tilskot på 25 000 kroner
til kvar av kommunane. Tilskotet blir inflasjonsjustert og utgjer no
305 000 kroner årleg til kvar av kommunane.
I tillegg mottek
grunneigarar om lag 4,8 mill. kroner årleg som erstatningar, eit
beløp som også med jamne mellomrom blir inflasjonsjustert.
Fusjonen medfører
at heimfall frå Hydros vasskraftanlegg til staten opphøyrer, og
Lyse Kraft DA får ein tidsuavgrensa konsesjon.
Fleirtalet meiner det er viktig
å merke seg at fornying av ein konsesjon føreset at opphavleg konsesjon er
gått ut, og at rettane til konsesjonæren har falt bort, slik at
det må utskrivast ein heilt ny konsesjon. I denne saka vil konsesjonen
og rettane til konsesjonæren bli vidareførte, og eksisterande konsesjonar
for RSK-anlegga vil framleis vere gjeldande. Det er derfor ingen
heimel for å krevje fornya konsesjonsbehandling. Fleirtalet merkjer seg at det
er litt ulik tilnærming til dette i høyringsinnspela.
Fleirtalet er kjent med at
konsesjonsstyresmaktene no gjennomfører ei rekke revisjonar av konsesjonsvilkår
for vassdragsreguleringar. Fleirtalet merkjer seg vidare
at statsråden i sitt siste brev til komiteen av 29. januar 2021
skriv følgjande:
«Det vil bli satt
vilkår om adgang til revisjon ved behandling av omgjøringssaken.
Når departementet har behandlet omgjøringssaken, vil det bli åpnet
revisjonssak.»
Fleirtalet føreset at gjennomføringa
av den alminnelege vilkårsrevisjonen for anlegga vil skje innanfor
rammene av gjeldande praksis og god forvaltningspraksis, der synspunkta
til dei ulike brukarinteressene saman med eit godt fagleg grunnlag
blir vektlagde, noko også departementet legg til grunn i sitt svarbrev
til komiteen. Fleirtalet er
opptatt av at tiltaka i vassdraget legg til rette for at næringslivet
i Røldal og Suldal blir utvikla med lønnsame bedrifter som gir grunnlag
for vekst og utvikling. I samband med dette har fleirtalet mellom anna merka
seg at Lyse Kraft DA har trekt fram enkelte forhold som det er naturleg
å ta opp til vurdering i samband med ein revisjonsprosess. Det blir
her vist til innspel som er komne gjennom høyringsinnspela, og som
mellom anna peikar på veg- og vinterferdsel i Valldalen; vasslepp
i Novlefoss; vasstand/oppfylling i Røldalsvatn og Valldalsvatn;
og dessutan tiltaksplanar for tilløpselvane til Suldalsvatn av omsyn
til fisk og flaum. Det blir føresett at dette er tema som blir adresserte gjennom
revisjonsprosessen, og at lokale myndigheiter og interessentar får
kome med innspela sine gjennom denne revisjonsprosessen. Gjennom
høyringsinnspel til denne saka er det kome mange konkrete framlegg
til tema som må adresserast. Fleirtalet merkar seg også at
Lyse Kraft DA ønskjer å legge til rette for og styrke dialogen med
lokalsamfunnet for å finne gode løysingar.
Fleirtalet merkar seg at det
av Ot.prp. nr. 61 (2007–2008) følgjer:
«Økonomiske krav
omfattes normalt heller ikke av revisjon. Det må foreligge helt
spesielle hensyn før det kan være aktuelt å pålegge næringsfond
og andre økonomiske vilkår i revisjonssaker. Dette gjelder også
økonomisk kompensasjon for miljøulemper. Ifølge Ot.prp. nr. 50 (1991-92)
s. 114 er behovet for oppjustering av årlige konsesjonsavgifter
o.a. ivaretatt av lov av 3. juni 1983 nr. 51, jf. også lov av 12. juni
1987 nr. 62.»
Dette vart også stadfesta
av dåverande olje- og energiminister Riis Johansen:
«Det oppstår også
et tap for vertskommunene som ikke vil få tilgang på inntil 1/3
av de hjemfalte verdier slik industrikonsesjonsloven bestemmer.
(…) Av forarbeidene fremgår at lovgiver var klar over at det ville
oppstå et tap for vertskommunene som følge av bortfall av hjemfalte
verdier, men det ble ikke tillagt avgjørende vekt. Det ble forutsatt
at det ikke skulle gis noen kompensasjon som følge av bortfallet
av inntekter.»
Vassdragsreguleringsloven
§ 8 gir ingen avgrensingar for kva som blir revidert i ei revisjonssak.
I den siste revisjonssaka som er behandla i statsråd 4. september 2020
(Kvænangen), uttalte departementet at næringsfond kan vere aktuelt
når det finst «heilt spesielle omsyn».
Her merkar fleirtalet seg
at statsråden i sitt brev av 29. januar 2021 skriv:
«Når det gjelder
henvisningen til saken om revisjon av konsesjonsvilkår i Kvænangenvassdraget
som ble avsluttet før sommeren i 2020, viser jeg til at konsesjonæren
ikke ble pålagt å bidra til et næringsfond, men et øremerket fond
til kommunene for fremme av fisk/fiske, vilt og friluftsliv.»
Fleirtalet merkar seg at det
som ledd i ein alminneleg vilkårsrevisjon er konsesjonsstyresmaktene
som på fagleg grunnlag skal vurdere om det er spesielle forhold
som kan tilseie at det blir etablert økonomiske vilkår knytte til
tiltaket. Fleirtalet ser
fram til ei fagleg god vurdering av behov for eventuelle økonomiske
vilkår, basert på eksisterande praksis og retningsliner. Fleirtalet ser
at dette i tilfelle blir å vurdere som eit næringsfremmande fond
eller tilsvarande.
På denne bakgrunnen
set fleirtalet fram
følgjande forslag:
«Stortinget
ber regjeringa om at vilkårsrevisjon av Røldal-Suldal-anlegga blir
prioritert etter at konsesjon til desse anlegga er omgjord til ein
konsesjon på uavgrensa tid.»
«Stortinget
ber regjeringa sjå til at konsesjonsstyresmaktene vurderer om det
på fagleg grunnlag er spesielle forhold som tilseier etablering
av næringsfond, eller andre økonomiske vilkår basert på eksisterande praksis
og retningslinjer.»
Komiteens flertall,
medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti
og Miljøpartiet De Grønne, viser til at gjeldende konsesjon
for Røldal-Suldal-reguleringen ble gitt i 1962 på 60 år, det vil
si med utløp i 2022. Eldre vassdragsreguleringer medførte, som kjent,
større naturinngrep enn senere utbygginger, med konsesjonsvilkår
uten krav til minstevannføring eller andre miljøforbedrende tiltak,
slik dagens konsesjonspraksis innebærer. Det er etter flertallets mening
åpenbart et behov for modernisering av vilkårene for så gamle vassdragsreguleringer,
og i den sammenheng hjemler både vannfallrettighetsloven § 9 og
vassdragsreguleringsloven § 8 alminnelig revisjon av konsesjonsvilkårene
etter 30 år.
Flertallet viser videre til
at det i konsesjonssøknaden, under henvisning til det nye offentlige
eierskapet, er bedt om omgjøring av konsesjonsvilkåret om tidsbegrensning
slik at ny konsesjon blir tidsubegrenset, i tråd med loven. Det
er i tillegg bedt om at «konsesjonen ellers videreføres på uendrede
vilkår».
En ny
konsesjon som omsøkt vil, slik komiteens medlemmer fra Senterpartiet,
Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet De Grønne forstår
saken, innebære at en modernisering av konsesjonsvilkårene først
vil finne sted om 30 år, det vil si i 2051. Røldal-Suldal-anleggene
vil da være drevet med grunnlag i konsesjonsvilkår som er 90 år
gamle. Disse medlemmer er
sterkt kritiske til dette i lys av historikken i Røldal. Disse medlemmer vil
understreke at innbyggerne i området fortsatt lever under konsekvensene
av de betydelige naturinngrepene og behandlingen av grunneierrettigheter
kraftutbyggingen førte med seg på 1960-tallet.
I forbindelse med
at Olje- og energidepartementet foreslo forenklinger og lovtekniske
oppdateringer av vassdragsreguleringsloven og industrikonsesjonsloven
i 2017, viser disse
medlemmer til at følgende ble uttalt fra departementet om
når revisjonsadgangen inntrer der tidsbegrensede konsesjoner blir
omgjort til tidsubegrensede konsesjoner:
«[F]or konsesjoner
som ikke har vilkår om revisjon bør det, samtidig med omgjøring
av vilkår om varighet, også settes vilkår om revisjon. Revisjonstidspunktet
bør settes som om den opprinnelige konsesjonen ble gitt tidsubegrenset.
Er dette tidspunktet passert bør revisjonstidspunktet settes til
tidspunktet for omgjøringsvedtaket.»
Disse medlemmer er kjent med
at vertskommunene Ullensvang og Suldal i flere år har arbeidet for en
modernisering av konsesjonsvilkårene i Røldal-Suldal og for at kommunene
ved utløpet av den tidsbegrensede konsesjonen skulle tildeles næringsfond.
Dette har vært praksis for andre vertskommuner i tilsvarende saker,
og disse medlemmer mener
det må stilles som vilkår også i denne saken.
Krav om revisjon
ble, slik disse
medlemmer forstår det, fremmet i oktober 2019, men er enda
ikke besvart av konsesjonsmyndigheten. Anleggene er for lengst nedskrevne,
og ved en ny, tidsubegrenset konsesjon tilføres konsesjonærene Lyse
og Hydro store økonomiske verdier med grunnlag i en evigvarende
rett til bruk av kommunenes kanskje mest verdifulle naturressurser.
Alle tidligere initiativ
er av Hydro blitt skjøvet ut i tid med den begrunnelse at
«(..) en fornyelse
av konsesjoner er å betrakte mer omfattende enn revisjoner av evigvarende
konsesjoner. En fornyelse av konsesjon omfatter også flere tema
enn hva som er mulighetene innen vanndirektivets rammer.»
Slik formulerte
Hydro det i sin høringsuttalelse 31. desember 2014 til vannforvaltningsplanene
i Rogaland. Verken Hydro eller konsesjonsmyndighetene har dermed
iverksatt noen gjennomgang av vassdragene med sikte på en modernisering
av konsesjonsvilkårene, til forskjell fra de fleste andre større
vassdragsreguleringer.
Slik disse medlemmer ser
det, haster det med en avklaring av den videre konsesjonsprosessen
for Røldal-Suldal-anleggene. Dette er knyttet like mye til behovet
for en nødvendig modernisering av konsesjonsvilkårene og til vertskommunenes
behov for forutberegnelighet, som til konsesjonssøkers behov for
rask avklaring.
Disse medlemmer mener at saken
om ny konsesjon i Røldal-Suldal ikke er en vanlig revisjonssak,
og at departementets praksis i revisjonssaker derfor ikke alene
kan legges til grunn for behandlingen av saken. Reglene om revisjon
eller modernisering av konsesjonsvilkårene gjelder for evigvarende
konsesjoner, og gir rett til endringer i konsesjonsvilkårene hvert
30. år. Konsesjonen i Røldal-Suldal er tidsbegrenset for 60 år frem
til 2022. Konsesjonær og konsesjonsmyndigheten ved NVE har, slik disse medlemmer forstår
det, i flere år avvist å behandle konsesjonen etter gjeldende revisjonsregler
og videre avvist å behandle konsesjonen som ledd i vannforvaltningsplanene
etter vannforskriften. Disse
medlemmer forstår det også slik at kommunene i stedet har
vært henvist til å vente på en søknad fra Hydro om fornyelse av
konsesjonen. Disse medlemmer viser
til at denne forhistorien nå tilsidesettes helt av Olje- og energidepartementet,
som nå tvert imot henviser de berørte kommuner og grunneiere til
en ordinær revisjonsprosess.
Disse medlemmer viser til
at olje- og energiminister Tina Bru i leserbrev av 4. februar 2021
i Haugesunds Avis har uttalt at kommunene som er berørt av utbyggingen,
kommer «svært godt ut av det». Disse medlemmer har forståelse
for at dette utsagnet oppleves særdeles negativt for de berørte
lokalsamfunn og grunneiere. Disse medlemmer vil understreke
at dette gjelder et av Norges største kraftanlegg med en produksjon
på mer enn 3 TWh – 3 milliarder kilowattimer, som har påført naturverdiene
og befolkningen i Ullensvang og Suldal mer omfattende skader og
ulemper enn de fleste vannkraftkommuner har opplevd. Gevinsten av
naturinngrepene er på flere mrd. kroner hvert år. Naturinngrepene
er i dag lovstridige og ville, dersom det ikke var for vannkraftens
store verdi for storsamfunnet og for eierne, blitt reversert. Disse medlemmer vil
understreke at vår vannkrafthistorie trolig ikke har tilsvarende
eksempler på naturødeleggelser, som neddemmingen av et helt dalføre
i aktiv bruk, Valldal, tørrlegging av fossefall og store reguleringshøyder
i Røldalsvatn beliggende midt i bygda Røldal. Denne saken er etter disse medlemmers syn
å forstå som en videreføring av disse naturinngrepene inn i evigheten.
Disse medlemmer spør seg om
statsråden har lagt nok vekt på de store tapene av natur – og med
påfølgende store økonomiske tap – når det kan uttales at de berørte
distrikter kommer «svært godt ut av det». Disse medlemmer ser at søkelyset
i stedet rettes mot de kraftinntekter kommunene mottar fra utbyggingen. Disse medlemmer finner
det oppsiktsvekkende at kommunenes opplysninger til komiteen om
at naturressursskatten i all hovedsak kommer en samlet kommunesektor
til gode og ikke de berørte kommuner, og at utjevningssystemet «reiser
flere interessante spørsmål», nærmest avfeies i så måte. Videre
mener disse medlemmer at
det må bero på en feil når det ikke tas hensyn til at den lovbestemte
retten til konsesjonskraft i hovedsak tilfaller fylkeskommunene
– og ikke kommunene. Disse
medlemmer finner etter dette at det på bakgrunn av de opplysninger
som er gitt, er tegnet et bilde av saken som disse medlemmer har vanskelig
for å kjenne seg igjen i. Disse medlemmer vil uansett
understreke at dette, sammen med karakteristikker av de berørte
lokalsamfunn, er egnet til å skjerpe konfliktnivået. Disse medlemmer mener dette
er uheldig uavhengig av hva man mener om sakens innhold som sådan.
Disse medlemmer er av den
faste overbevisning at det i denne saken foreligger helt spesielle
hensyn som tilsier at kommunene må bli tilkjent betydelige næringsfond
som en beskjeden erstatning for de særdeles omfattende naturinngrep
som den nye konsesjonæren nå gis en evigvarende rett til. Røldal-Suldal-saken
er spesiell både i forhistorie, konsesjonshistorie og i omfanget
av naturinngrep, og disse
medlemmer fastholder at slike spesielle saker krever spesielle
løsninger fra storsamfunnet.
På denne bakgrunn
fremmer disse
medlemmer følgende forslag:
«Stortinget
ber regjeringen samtidig med at det tas stilling til søknaden om
omgjøring av Røldal-Suldal-konsesjonene til tidsubegrensede konsesjoner,
beslutte åpning av revisjon av konsesjonsvilkårene.»
«Stortinget
ber regjeringen likebehandle vertskommunenes stilling i revisjonssaken
med behandlingen av de kommuner som tidligere har hatt vassdragskonsesjoner
som er blitt fornyet, også når det gjelder konsesjonsvilkår om etablering
av næringsfond.»