Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om representantforslag om ny konsesjon for Røldal-Suldal kraftanlegg

Dette dokument

Søk
Til Stortinget

Bakgrunn

I dokumentet fremmes følgende forslag:

  1. Stortinget ber regjeringen samtidig med at det tas stilling til søknaden om omgjøring av Røldal-Suldal-konsesjonene til tidsubegrensede konsesjoner, beslutte åpning av revisjon av konsesjonsvilkårene.

  2. Stortinget ber regjeringen likebehandle vertskommunenes stilling i revisjonssaken med behandlingen av de kommuner som tidligere har hatt vassdragskonsesjoner som er blitt fornyet, også når det gjelder konsesjonsvilkår om etablering av næringsfond.»

Det vises til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslaget.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Åsmund Aukrust, Espen Barth Eide, Ruth Grung, Else-May Norderhus og Runar Sjåstad, frå Høgre, Liv Kari Eskeland, Stefan Heggelund, Aase Simonsen og Lene Westgaard-Halle, frå Framstegspartiet, Jon Georg Dale og Terje Halleland, frå Senterpartiet, Sandra Borch og Ole André Myhrvold, frå Sosialistisk Venstreparti, Lars Haltbrekken, frå Venstre, leiaren Ketil Kjenseth, frå Kristeleg Folkeparti, Tore Storehaug, og frå Miljøpartiet Dei Grøne, Une Bastholm, syner til at saka med Røldal-Suldal kraftanlegg no ligg til handsaming i Olje- og energidepartementet. Kraftverka i Røldal-Suldal blir lagd til eit offentleg selskap, Lyse Kraft DA, der det fullt ut offentleg eigde Lyse Produksjon AS vil ha 74,4 pst. av selskapet. Det er søkt om at gjeldande vilkår om tidsavgrensing og heimfall i konsesjonen av 1962 blir omgjort. Det følgjer av vannfallrettighetsloven (dåverande industrikonsesjonslova) og vassdragsreguleringsloven at ein slik søknad skal blir innvilga om vilkåra for offentleg eigarskap er oppfylte.

Komiteen viser vidare til brev frå statsråd Tina Bru datert 8. januar 2021, der det står:

«De aktuelle lovbestemmelsene ble vedtatt i 2008 som en del av lovendringene for å bringe lovverket i samsvar med EØS-retten etter at staten hadde tapt hjemfallssaken i EFTA domstolen i 2007. De berørte kommunene har krevd revisjon av konsesjonsvilkårene. I søknaden fra Lyse Kraft er det tatt høyde for at vilkår om revisjon vil bli satt.»

Og vidare:

«Myndighet til å behandle saker der det åpnes revisjon er delegert til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Revisjonssaken behandles i tråd med vassdragslovgivningen og departementets ‘Retningslinjer for revisjon av konsesjonsvilkår for vassdragsreguleringer’, fastsatt 25. mai 2012.»

Brevet, med rettebrev av 11. januar 2021, er lagt ved innstillinga. Brev frå statsråd Tina Bru av 29. januar 2021 er òg lagt ved innstillinga.

Departementet legg til grunn at den vidare sakshandsaminga vil vareta dei forholda som representantframlegget legg til grunn i framlegg 1.

Det følgjer av prosessen i slike saker at når departementet har handsama omgjeringssaka, vil NVE treffe vedtak om å opne revisjonssak.

Komiteen legg difor til grunn at NVE opnar revisjon så snart søknaden til Lyse Kraft er handsama i departementet.

Komiteen syner vidare til at det har vore andre og liknande saker som har vore handsama i departementet. Statsråd Tina Bru viser her til Elkem-sakene, som ho peikar på er nær identiske med saka som no er under handsaming. Desse vart avgjorde i 2010. Kommunane hadde også her krav om å få etablert eit næringsfond, noko som ikkje vart teke til følgje. Ifølge departementet vart dette grunna med følgjande frå Ot.prp. nr. 61 (2007–2008) side 55 og 56:

«Det ligger åpning for betydelige verdioverføringer i omgjøring, siden staten på denne måten i realiteten vil frafalle verdier som ellers ville ha hjemfalt til staten i fremtiden. Det oppstår også et tap for vertskommunene som ikke vil få tilgang på inntil 1/3 av de hjemfalte verdier slik industrikonsesjonsloven bestemmer. Hjemfall er på den annen side intet mål i seg selv. Det avgjørende er at offentlig eierskap gjennomføres innenfor de rammer som følger av konsolideringsmodellen.»

«Omgjøring innebærer at de berørte private selskapene likestilles med offentlige eiere som ønsker å selge sine vannfall eller kraftverk til andre offentlige aktører. Begge kategorier eiere vil kunne selge kraftverk, til samme gruppe potensielle kjøpere, og med den følge at konsesjonene på kjøpers hånd blir tidsubegrenset. Slik sett blir markedsvilkårene ved omsetning tilnærmet like.»

Departementet seier vidare i sitt brev:

«’Retningslinjer om revisjon av konsesjonsvilkår for vassdragsreguleringer’ av 2012, viser også til denne praksis: ‘Økonomiske krav omfattes normalt heller ikke av revisjon. Det må foreligge helt spesielle hensyn før det kan være aktuelt å pålegge næringsfond og andre økonomiske vilkår i revisjonssaker. Dette gjelder også økonomisk kompensasjon for miljøulemper.’»

Komiteen merkar seg difor at dersom ein skal gå inn i punkt to av framlegget, vil det bli etablert ein ny praksis i slike saker.

Vidare viser komiteen til departementet sitt oversyn over inntekter som kommunane og fylkeskommunen har i dag, og som ikkje vil bli endra ved at Lyse Kraft overtek eigarskapen. Desse består av naturressursskatt, eigedomsskatt, konsesjonsavgift og verdien av sal av konsesjonskraft. Detaljert oppsett kjem fram i brev frå departementet.

Komiteen viser til at det er kome inn 25 høyringsinnspel innan fristen som var sett den 11. januar 2021. Desse gjev til saman eit godt bilete av ståstaden til partane i saka.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti, viser til at grunnlaget for å kunne gjera krav på tidsuavgrensa konsesjon er vedteke i Ot.prp. nr. 61 (2007–2008) under Stoltenberg II-regjeringa, og ligg som premiss for den transaksjonen som ligg til vurdering hjå Olje- og energidepartementet.

Fleirtalet forstår at Hydro si målsetjing har vore å overdra RSK-anlegga til ein offentleg eigar og få omgjort konsesjonane til tidsuavgrensa konsesjonar. Denne avhendinga er gjord innan tidsfristen for gjeldande tidsavgrensa konsesjon.

Fleirtalet merkar seg vidare at etter vedtaket gjort i Ot.prp. nr. 61 (2007–2008) har Lyse Kraft DA, som offentleg aktør, etter lova krav på å få omgjort konsesjonane til å gjelde på uavgrensa tid, jf. vannfallsrettighetsloven § 10. Ei slik endring skal gjennomførast i tråd med alminnelege krav til saksbehandling og saksbehandlingstid etter forvaltningsloven.

Lyse Kraft DA har difor etter vassfallsrettighetsloven krav på omgjering av Røldal-Suldal-konsesjonane til å gjelde på uavgrensa tid. Fleirtalet legg til grunn at det i samband med dette vil bli inntatt vilkår om igangsetjing av alminneleg revisjon som i andre tidsuavgrensa konsesjonar.

Fleirtalet viser også til at vertskommunane Ullensvang og Suldal ber om at det straks må opnast ei revisjonssak, og har sett fram krav overfor NVE i 2019 om dette. I høyringsinnspela argumenterer dei for at revisjonssaka må innebere ein gjennomgang av alle konsesjonsvilkåra og at det er heimel for å gje næringsfond i saka. Kommunane meiner at:

«(…) nye konsesjonsvilkår må inneholde en rimelig og rettferdig kompensasjon til berørte kommuner, dels som erstatning for særlig tyngende, irreversible naturinngrep og dels som en andel av den store verdiskapingen som kommer eierkommuner og Hydro som konsesjonær til del, både i form av utbytte og arbeidsplasser» (henta frå høringsinnspel frå Suldal og Ullensvang kommunar datert 19. januar 2021).

Kommunene viser til Kgl. resolusjon 4. september 2020 (Kvænangen-saken), der departementet uttrykker at næringsfond kan være aktuelt når det foreligger «’helt spesielle hensyn’.»

Vidare meiner kommunane at konsesjonen i Røldal-Suldal er ei revisjonssak der det finst slike «heilt spesielle omsyn», då dei omfattande naturinngrepa ved utbygging av vasskraftverket ikkje lèt seg reversere. Kommunane refererer til at naturinngrepa har ført til tørrlegging av Novlefoss, 17 meter regulering av Røldalsvatn og neddemming av 18 stølar som var i bruk i Valldal.

Fleirtalet vil påpeike at Stortinget ikkje skal drive saksbehandling, men at det er regjeringa sitt ansvar at intensjonane i lova blir følgde opp i revisjonssaka. Fleirtalet legg til grunn at det blir lagt opp til prosessar som søker å finne gode og omforeinte løysingar.

Fleirtalet ser positivt på at Hydro Energi AS har inngått fusjonsavtale med Lyse Produksjon AS og etablert eit nytt selskap, Lyse Kraft DA. Etterspørselen etter kraft vil stige markant dei komande åra. Avtalen vil sikre langsiktig industriell tilgang på fornybar kraft og dermed styrke verdiskaping og industriarbeidsplassar i Noreg. Kraft er den største enkeltkostnaden i aluminiumsproduksjon, og kraftprisen er avgjerande for lokalisering av aluminiumsindustri i Noreg. Hydro sine fem norske aluminiumsverk på Karmøy, Husnes, Årdal, Høyanger og Sunndal sysselset nærare 5 000 tilsette, og forbruker årleg om lag 17 TWh fornybar kraft som svarer til om lag 11–12 pst. av norsk kraftproduksjon. Hydro sjølv eig ein kraftportefølje på 9,4 TWh, og denne porteføljen er eit viktig bidrag i dei langsiktige avtalane til Hydro. I 2019 genererte kraftverka i Røldal-Suldal skattar og konsesjonsavgifter på til saman 300 mill. kroner.

Hydros ni kraftverk i Røldal-Suldal-vassdraget har ein samla installert effekt på 630 MW og produksjon på om lag 3,21 TWh/år. Etter samanslåing vil Hydro eige 25,6 pst. og Lyse 74,4 pst. og fyller dermed vilkåra til offentleg eigarskap. Utbygginga på 1960-talet var eit av Noregs største vasskraftanlegg og representerer store verdiar og inntekter til eigarane, storsamfunnet og kommunane. Anlegga inneber store naturinngrep som tørrlagd Novlefoss, neddemming av Valldal med 18 stølar som hadde stor tyding for landbruksbygda Røldal, og at Røldalsvatnet midt i bygda vart reguleringsmagasin med inntil 17 meters reguleringshøgde. Ved etablering av anlegga i 1962 vart Hydro pålagt å betale til dåverande Røldal og Suldal kommune 1 mill. kroner til et næringsfond, med årleg tilskot på 25 000 kroner til kvar av kommunane. Tilskotet blir inflasjonsjustert og utgjer no 305 000 kroner årleg til kvar av kommunane.

I tillegg mottek grunneigarar om lag 4,8 mill. kroner årleg som erstatningar, eit beløp som også med jamne mellomrom blir inflasjonsjustert.

Fusjonen medfører at heimfall frå Hydros vasskraftanlegg til staten opphøyrer, og Lyse Kraft DA får ein tidsuavgrensa konsesjon.

Fleirtalet meiner det er viktig å merke seg at fornying av ein konsesjon føreset at opphavleg konsesjon er gått ut, og at rettane til konsesjonæren har falt bort, slik at det må utskrivast ein heilt ny konsesjon. I denne saka vil konsesjonen og rettane til konsesjonæren bli vidareførte, og eksisterande konsesjonar for RSK-anlegga vil framleis vere gjeldande. Det er derfor ingen heimel for å krevje fornya konsesjonsbehandling. Fleirtalet merkjer seg at det er litt ulik tilnærming til dette i høyringsinnspela.

Fleirtalet er kjent med at konsesjonsstyresmaktene no gjennomfører ei rekke revisjonar av konsesjonsvilkår for vassdragsreguleringar. Fleirtalet merkjer seg vidare at statsråden i sitt siste brev til komiteen av 29. januar 2021 skriv følgjande:

«Det vil bli satt vilkår om adgang til revisjon ved behandling av omgjøringssaken. Når departementet har behandlet omgjøringssaken, vil det bli åpnet revisjonssak.»

Fleirtalet føreset at gjennomføringa av den alminnelege vilkårsrevisjonen for anlegga vil skje innanfor rammene av gjeldande praksis og god forvaltningspraksis, der synspunkta til dei ulike brukarinteressene saman med eit godt fagleg grunnlag blir vektlagde, noko også departementet legg til grunn i sitt svarbrev til komiteen. Fleirtalet er opptatt av at tiltaka i vassdraget legg til rette for at næringslivet i Røldal og Suldal blir utvikla med lønnsame bedrifter som gir grunnlag for vekst og utvikling. I samband med dette har fleirtalet mellom anna merka seg at Lyse Kraft DA har trekt fram enkelte forhold som det er naturleg å ta opp til vurdering i samband med ein revisjonsprosess. Det blir her vist til innspel som er komne gjennom høyringsinnspela, og som mellom anna peikar på veg- og vinterferdsel i Valldalen; vasslepp i Novlefoss; vasstand/oppfylling i Røldalsvatn og Valldalsvatn; og dessutan tiltaksplanar for tilløpselvane til Suldalsvatn av omsyn til fisk og flaum. Det blir føresett at dette er tema som blir adresserte gjennom revisjonsprosessen, og at lokale myndigheiter og interessentar får kome med innspela sine gjennom denne revisjonsprosessen. Gjennom høyringsinnspel til denne saka er det kome mange konkrete framlegg til tema som må adresserast. Fleirtalet merkar seg også at Lyse Kraft DA ønskjer å legge til rette for og styrke dialogen med lokalsamfunnet for å finne gode løysingar.

Fleirtalet merkar seg at det av Ot.prp. nr. 61 (2007–2008) følgjer:

«Økonomiske krav omfattes normalt heller ikke av revisjon. Det må foreligge helt spesielle hensyn før det kan være aktuelt å pålegge næringsfond og andre økonomiske vilkår i revisjonssaker. Dette gjelder også økonomisk kompensasjon for miljøulemper. Ifølge Ot.prp. nr. 50 (1991-92) s. 114 er behovet for oppjustering av årlige konsesjonsavgifter o.a. ivaretatt av lov av 3. juni 1983 nr. 51, jf. også lov av 12. juni 1987 nr. 62.»

Dette vart også stadfesta av dåverande olje- og energiminister Riis Johansen:

«Det oppstår også et tap for vertskommunene som ikke vil få tilgang på inntil 1/3 av de hjemfalte verdier slik industrikonsesjonsloven bestemmer. (…) Av forarbeidene fremgår at lovgiver var klar over at det ville oppstå et tap for vertskommunene som følge av bortfall av hjemfalte verdier, men det ble ikke tillagt avgjørende vekt. Det ble forutsatt at det ikke skulle gis noen kompensasjon som følge av bortfallet av inntekter.»

Vassdragsreguleringsloven § 8 gir ingen avgrensingar for kva som blir revidert i ei revisjonssak. I den siste revisjonssaka som er behandla i statsråd 4. september 2020 (Kvænangen), uttalte departementet at næringsfond kan vere aktuelt når det finst «heilt spesielle omsyn».

Her merkar fleirtalet seg at statsråden i sitt brev av 29. januar 2021 skriv:

«Når det gjelder henvisningen til saken om revisjon av konsesjonsvilkår i Kvænangenvassdraget som ble avsluttet før sommeren i 2020, viser jeg til at konsesjonæren ikke ble pålagt å bidra til et næringsfond, men et øremerket fond til kommunene for fremme av fisk/fiske, vilt og friluftsliv.»

Fleirtalet merkar seg at det som ledd i ein alminneleg vilkårsrevisjon er konsesjonsstyresmaktene som på fagleg grunnlag skal vurdere om det er spesielle forhold som kan tilseie at det blir etablert økonomiske vilkår knytte til tiltaket. Fleirtalet ser fram til ei fagleg god vurdering av behov for eventuelle økonomiske vilkår, basert på eksisterande praksis og retningsliner. Fleirtalet ser at dette i tilfelle blir å vurdere som eit næringsfremmande fond eller tilsvarande.

På denne bakgrunnen set fleirtalet fram følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa om at vilkårsrevisjon av Røldal-Suldal-anlegga blir prioritert etter at konsesjon til desse anlegga er omgjord til ein konsesjon på uavgrensa tid.»

«Stortinget ber regjeringa sjå til at konsesjonsstyresmaktene vurderer om det på fagleg grunnlag er spesielle forhold som tilseier etablering av næringsfond, eller andre økonomiske vilkår basert på eksisterande praksis og retningslinjer.»

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet De Grønne, viser til at gjeldende konsesjon for Røldal-Suldal-reguleringen ble gitt i 1962 på 60 år, det vil si med utløp i 2022. Eldre vassdragsreguleringer medførte, som kjent, større naturinngrep enn senere utbygginger, med konsesjonsvilkår uten krav til minstevannføring eller andre miljøforbedrende tiltak, slik dagens konsesjonspraksis innebærer. Det er etter flertallets mening åpenbart et behov for modernisering av vilkårene for så gamle vassdragsreguleringer, og i den sammenheng hjemler både vannfallrettighetsloven § 9 og vassdragsreguleringsloven § 8 alminnelig revisjon av konsesjonsvilkårene etter 30 år.

Flertallet viser videre til at det i konsesjonssøknaden, under henvisning til det nye offentlige eierskapet, er bedt om omgjøring av konsesjonsvilkåret om tidsbegrensning slik at ny konsesjon blir tidsubegrenset, i tråd med loven. Det er i tillegg bedt om at «konsesjonen ellers videreføres på uendrede vilkår».

En ny konsesjon som omsøkt vil, slik komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet De Grønne forstår saken, innebære at en modernisering av konsesjonsvilkårene først vil finne sted om 30 år, det vil si i 2051. Røldal-Suldal-anleggene vil da være drevet med grunnlag i konsesjonsvilkår som er 90 år gamle. Disse medlemmer er sterkt kritiske til dette i lys av historikken i Røldal. Disse medlemmer vil understreke at innbyggerne i området fortsatt lever under konsekvensene av de betydelige naturinngrepene og behandlingen av grunneierrettigheter kraftutbyggingen førte med seg på 1960-tallet.

I forbindelse med at Olje- og energidepartementet foreslo forenklinger og lovtekniske oppdateringer av vassdragsreguleringsloven og industrikonsesjonsloven i 2017, viser disse medlemmer til at følgende ble uttalt fra departementet om når revisjonsadgangen inntrer der tidsbegrensede konsesjoner blir omgjort til tidsubegrensede konsesjoner:

«[F]or konsesjoner som ikke har vilkår om revisjon bør det, samtidig med omgjøring av vilkår om varighet, også settes vilkår om revisjon. Revisjonstidspunktet bør settes som om den opprinnelige konsesjonen ble gitt tidsubegrenset. Er dette tidspunktet passert bør revisjonstidspunktet settes til tidspunktet for omgjøringsvedtaket.»

Disse medlemmer er kjent med at vertskommunene Ullensvang og Suldal i flere år har arbeidet for en modernisering av konsesjonsvilkårene i Røldal-Suldal og for at kommunene ved utløpet av den tidsbegrensede konsesjonen skulle tildeles næringsfond. Dette har vært praksis for andre vertskommuner i tilsvarende saker, og disse medlemmer mener det må stilles som vilkår også i denne saken.

Krav om revisjon ble, slik disse medlemmer forstår det, fremmet i oktober 2019, men er enda ikke besvart av konsesjonsmyndigheten. Anleggene er for lengst nedskrevne, og ved en ny, tidsubegrenset konsesjon tilføres konsesjonærene Lyse og Hydro store økonomiske verdier med grunnlag i en evigvarende rett til bruk av kommunenes kanskje mest verdifulle naturressurser.

Alle tidligere initiativ er av Hydro blitt skjøvet ut i tid med den begrunnelse at

«(..) en fornyelse av konsesjoner er å betrakte mer omfattende enn revisjoner av evigvarende konsesjoner. En fornyelse av konsesjon omfatter også flere tema enn hva som er mulighetene innen vanndirektivets rammer.»

Slik formulerte Hydro det i sin høringsuttalelse 31. desember 2014 til vannforvaltningsplanene i Rogaland. Verken Hydro eller konsesjonsmyndighetene har dermed iverksatt noen gjennomgang av vassdragene med sikte på en modernisering av konsesjonsvilkårene, til forskjell fra de fleste andre større vassdragsreguleringer.

Slik disse medlemmer ser det, haster det med en avklaring av den videre konsesjonsprosessen for Røldal-Suldal-anleggene. Dette er knyttet like mye til behovet for en nødvendig modernisering av konsesjonsvilkårene og til vertskommunenes behov for forutberegnelighet, som til konsesjonssøkers behov for rask avklaring.

Disse medlemmer mener at saken om ny konsesjon i Røldal-Suldal ikke er en vanlig revisjonssak, og at departementets praksis i revisjonssaker derfor ikke alene kan legges til grunn for behandlingen av saken. Reglene om revisjon eller modernisering av konsesjonsvilkårene gjelder for evigvarende konsesjoner, og gir rett til endringer i konsesjonsvilkårene hvert 30. år. Konsesjonen i Røldal-Suldal er tidsbegrenset for 60 år frem til 2022. Konsesjonær og konsesjonsmyndigheten ved NVE har, slik disse medlemmer forstår det, i flere år avvist å behandle konsesjonen etter gjeldende revisjonsregler og videre avvist å behandle konsesjonen som ledd i vannforvaltningsplanene etter vannforskriften. Disse medlemmer forstår det også slik at kommunene i stedet har vært henvist til å vente på en søknad fra Hydro om fornyelse av konsesjonen. Disse medlemmer viser til at denne forhistorien nå tilsidesettes helt av Olje- og energidepartementet, som nå tvert imot henviser de berørte kommuner og grunneiere til en ordinær revisjonsprosess.

Disse medlemmer viser til at olje- og energiminister Tina Bru i leserbrev av 4. februar 2021 i Haugesunds Avis har uttalt at kommunene som er berørt av utbyggingen, kommer «svært godt ut av det». Disse medlemmer har forståelse for at dette utsagnet oppleves særdeles negativt for de berørte lokalsamfunn og grunneiere. Disse medlemmer vil understreke at dette gjelder et av Norges største kraftanlegg med en produksjon på mer enn 3 TWh – 3 milliarder kilowattimer, som har påført naturverdiene og befolkningen i Ullensvang og Suldal mer omfattende skader og ulemper enn de fleste vannkraftkommuner har opplevd. Gevinsten av naturinngrepene er på flere mrd. kroner hvert år. Naturinngrepene er i dag lovstridige og ville, dersom det ikke var for vannkraftens store verdi for storsamfunnet og for eierne, blitt reversert. Disse medlemmer vil understreke at vår vannkrafthistorie trolig ikke har tilsvarende eksempler på naturødeleggelser, som neddemmingen av et helt dalføre i aktiv bruk, Valldal, tørrlegging av fossefall og store reguleringshøyder i Røldalsvatn beliggende midt i bygda Røldal. Denne saken er etter disse medlemmers syn å forstå som en videreføring av disse naturinngrepene inn i evigheten.

Disse medlemmer spør seg om statsråden har lagt nok vekt på de store tapene av natur – og med påfølgende store økonomiske tap – når det kan uttales at de berørte distrikter kommer «svært godt ut av det». Disse medlemmer ser at søkelyset i stedet rettes mot de kraftinntekter kommunene mottar fra utbyggingen. Disse medlemmer finner det oppsiktsvekkende at kommunenes opplysninger til komiteen om at naturressursskatten i all hovedsak kommer en samlet kommunesektor til gode og ikke de berørte kommuner, og at utjevningssystemet «reiser flere interessante spørsmål», nærmest avfeies i så måte. Videre mener disse medlemmer at det må bero på en feil når det ikke tas hensyn til at den lovbestemte retten til konsesjonskraft i hovedsak tilfaller fylkeskommunene – og ikke kommunene. Disse medlemmer finner etter dette at det på bakgrunn av de opplysninger som er gitt, er tegnet et bilde av saken som disse medlemmer har vanskelig for å kjenne seg igjen i. Disse medlemmer vil uansett understreke at dette, sammen med karakteristikker av de berørte lokalsamfunn, er egnet til å skjerpe konfliktnivået. Disse medlemmer mener dette er uheldig uavhengig av hva man mener om sakens innhold som sådan.

Disse medlemmer er av den faste overbevisning at det i denne saken foreligger helt spesielle hensyn som tilsier at kommunene må bli tilkjent betydelige næringsfond som en beskjeden erstatning for de særdeles omfattende naturinngrep som den nye konsesjonæren nå gis en evigvarende rett til. Røldal-Suldal-saken er spesiell både i forhistorie, konsesjonshistorie og i omfanget av naturinngrep, og disse medlemmer fastholder at slike spesielle saker krever spesielle løsninger fra storsamfunnet.

På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen samtidig med at det tas stilling til søknaden om omgjøring av Røldal-Suldal-konsesjonene til tidsubegrensede konsesjoner, beslutte åpning av revisjon av konsesjonsvilkårene.»

«Stortinget ber regjeringen likebehandle vertskommunenes stilling i revisjonssaken med behandlingen av de kommuner som tidligere har hatt vassdragskonsesjoner som er blitt fornyet, også når det gjelder konsesjonsvilkår om etablering av næringsfond.»

Forslag frå mindretal

Forslag frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringen samtidig med at det tas stilling til søknaden om omgjøring av Røldal-Suldal-konsesjonene til tidsubegrensede konsesjoner, beslutte åpning av revisjon av konsesjonsvilkårene.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringen likebehandle vertskommunenes stilling i revisjonssaken med behandlingen av de kommuner som tidligere har hatt vassdragskonsesjoner som er blitt fornyet, også når det gjelder konsesjonsvilkår om etablering av næringsfond.

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen blir lagd fram av medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti.

Komiteen har elles ingen merknader, syner til dokumentet og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:
I

Stortinget ber regjeringa om at vilkårsrevisjon av Røldal-Suldal-anlegga blir prioritert etter at konsesjon til desse anlegga er omgjord til ein konsesjon på uavgrensa tid.

II

Stortinget ber regjeringa sjå til at konsesjonsstyresmaktene vurderer om det på fagleg grunnlag er spesielle forhold som tilseier etablering av næringsfond eller andre økonomiske vilkår basert på eksisterande praksis og retningslinjer.

Vedlegg

Vedlegg finnes kun i PDF, se merknadsfelt.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 9. februar 2021

Ketil Kjenseth

Liv Kari Eskeland

leiar

ordførar