Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:
I

Stortinget ber regjeringa sørge for at medisinsk og palliativ behandling av eldre personar med covid-19-smitte må vurderast individuelt og etter behov.

II

Stortinget ber regjeringa sikre at ingen eldre på helseinstitusjonar skal måtte døy åleine under pandemien. Nære pårørande må få høve til å vere til stades i livets sluttfase.

III

Stortinget ber regjeringa sikre at kommunar og sjukehus rapporterer om tilfelle der eldre døyr åleine på helseinstitusjon, og kvifor pårørande ikkje kunne vere til stades.

IV

Stortinget ber regjeringa foreslå tiltak for å sikre eldre betre smittevern og verdig omsorg under koronapandemien, og snarast råd kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

V

Stortinget ber regjeringa endre sin kommunikasjonspraksis under pandemien på ein slik måte at kommunane og kommuneoverlegane blir direkte varsla om nasjonale endringar og tiltak.