Bakgrunn

I dokumentet fremmes følgende forslag:

  1. Stortinget ber regjeringa føreslå tiltak for å sikre eldre betre smittevern og verdig omsorg under koronapandemien, og snarast kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

  2. Stortinget ber regjeringa sikre at alle sjukeheimar og heimetenester har nok smittevernutstyr og får moglegheiter til nødvendige, mindre ombyggingar (etablering av besøksrom, isolasjonsrom med meir)

  3. Stortinget ber regjeringa snarast greie ut og innføre retningslinjer for systematisk koronatesting av personale og bebuarar ved helseinstitusjonar for eldre og i heimetenesten.

  4. Stortinget ber regjeringen sikre at sårbare eldre blir prioritert når ein godkjend vaksine blir gjort tilgjengeleg.

  5. Stortinget ber regjeringa sørge for at medisinsk og palliativ behandling av eldre personar med covid-19-smitte må vurderast individuelt og etter behov. Alder skal ikkje kunne brukast som argument for å nekte innlegging på sjukehus.

  6. Stortinget ber regjeringa sikre at ingen eldre på helseinstitusjonar skal måtte døy åleine under pandemien. Nære pårørande må få høve til å vere til stades i livets sluttfase.

  7. Stortinget ber regjeringa innan juni 2021 fremme eit nasjonalt program for fleire heiltidstillingar, auka grunnbemanning og rekruttering til den kommunale helse- og omsorgstenesta, med tiltak både på kort og lang sikt.

  8. Stortinget ber regjeringa ikkje innføre ordninga med fritt brukarval i eldreomsorga.»