1.6.3 Elektronisk utsending av valkort
Ved kommunestyre-
og fylkestingsvalet i 2019 blei det gjort forsøk med elektronisk
utsending av valkort i nokre utvalde kommunar. Totalt 18 kommunar
deltok i forsøket: Bergen, Bodø, Fredrikstad, Færder, Gjøvik, Gloppen,
Grimstad, Hamar, Hå, Lillesand, Skaun, Skien, Stjørdal, Tromsø,
Ulstein, Vadsø, Vanylven og Vågan.
Alle med stemmerett
som var innførte i manntalet i dei utvalde kommunane, og som ikkje
stod oppførte som reserverte i registeret over digital kontaktinformasjon
og reservasjon, fekk tilgang til valkortet elektronisk. Unntaket
var dei som ikkje hadde oppdatert opplysningar om seg sjølve eller
stadfesta at opplysningane i registeret over digital kontaktinformasjon
og reservasjon var korrekte dei siste 18 månadane. Desse fekk tilsendt
valkortet på papir, saman med dei som hadde reservert seg.
Valkortet blei tilgjengeleg
for dei med stemmerett ved innlogging på internettsida til Valdirektoratet.
Valkortet blei sendt elektronisk til den digitale postkassa for
dei med stemmerett som hadde oppretta slik postkasse. Veljarane
blei varsla med SMS om at dei hadde fått valkortet.
Valdirektoratet
har fått gjennomført ei evaluering av forsøket med elektronisk utsending
av valkort. Tre av fire spurde veljarar ønsker å få valkortet tilsendt
elektronisk ved neste val. Av alle kommunane som svarte på departementet
si valgjennomføringsundersøking etter valet, svarte fleirtalet at
dei er positive eller svært positive til ordninga med digitale valkort.
Fleirtalet av kommunane som deltok i forsøket, oppgav at veljarar
hadde behov for rettleiing og informasjon om det digitale valkortet
i vallokalet. Dei opplevde òg stor pågang frå veljarar som hadde
spørsmål om det digitale valkortet før valgjennomføringa.
Vallovutvalet ser
positivt på å innføre elektronisk utsending av valkort, og viser
til at elektronisk utsending vil vere i tråd med forvaltningslova
§ 15 a, som fastslår at digital kommunikasjon skal vere hovudregelen.
Departementet ser
mange fordelar ved ordninga. Det digitale valkortet kan nå fleire
veljarar, reduserer kostnadene til produksjon og utsending, og har
miljømessige konsekvensar i form av redusert bruk av papir og distribusjon.
Valkortet vil i større grad vere tilgjengeleg for veljarar med nedsett
funksjonsevne i tråd med CRPD artikkel 29 bokstav a og CRPD-komiteen
sine anbefalingar til Noreg om at alt materiell som blir nytta ved
val, er tilgjengeleg. Ei elektronisk utsending er òg i tråd med
digitaliseringsrundskrivet, som stiller krav om bruk av digital
postkasse for utsending av post til innbyggarar som har valt digital
postkasse, og som ikkje har reservert seg. Departementet foreslo
derfor i høyringsnotatet at valkort blir sende elektronisk til alle med
stemmerett som er innførte i manntalet, og som er busette innanriks,
med unntak av Svalbard og Jan Mayen. Fleirtalet av høyringsinstansane
støtta forslaget eller hadde ikkje nokon merknader til forslaget.
Einskilde kommunar og KS meinte ein burde vere forsiktig med å innføre
noko som krev så mykje rettleiing og informasjon på noverande tidspunkt.
Dei viste til usikkerheita rundt den pågåande pandemien, og frykta
at digitale valkort vil ta mykje tid og ressursar både i perioden
fram mot valet og i sjølve vallokalet. Fleire instansar streka òg under
viktigheita av at Valdirektoratet sørger for god informasjon til
veljarane og kommunane.
Departementet vedtok
20. november 2020 ei ny føresegn i valforskrifta som fastslår at
valkort blir sende elektronisk til alle med stemmerett som er innførte
i manntalet og som er busette innanriks, med unntak av Svalbard
og Jan Mayen. Personar med stemmerett som er busette utanriks, på
Svalbard eller på Jan Mayen, får ikkje tilsendt valkort elektronisk.
Føresegna vil gjelde frå stortingsvalet i 2021. Departementet vidarefører unntaka
frå forsøket, slik at enkelte veljarar framleis vil få valkortet
tilsendt på papir.
Valdirektoratet
er ansvarleg for at kommunar og veljarar får tilstrekkeleg opplæring
og informasjon i samband med innføringa av digitale valkort. Kommunane
må rekne med at dei får fleire spørsmål om valkort frå veljarar
enn normalt, både i forkant av valet og i vallokalet.