Søk

Sammendrag

Innleiing

Få marknader har like mykje å seie for folk flest som daglegvaremarknaden, peiker regjeringa på i meldinga. Ein velfungerande daglegvaremarknad er kjenneteikna av at forbrukarane kan gjere informerte val. Dette inneber god tilgang til eit breitt utval av daglegvarer av god kvalitet i ulike priskategoriar.

Den norske daglegvaremarknaden har utfordringar. Noreg har høgare prisar og mindre vareutval i daglegvarehandelen enn nabolanda våre. Dette er det fleire årsaker til, mellom anna geografi, spreidd befolkning, klima, rammevilkår, som til dømes landbrukspolitikken, og ein utfordrande konkurransesituasjon. Det er få aktørar i marknaden, og få nye aktørar etablerer seg.

I desember 2019 fremja regjeringa forslag til lov om god handelsskikk, som blei vedteke av Stortinget i mars 2020. Lov om god handelsskikk i daglegvarekjeda er omtala i delkapittel 5.1.5 i meldinga.

Konkurranse mellom føretak gjer at dei blir meir effektive, og prisane til kundane lågare. Dette fører til meir effektiv ressursutnytting og auka verdiskaping. Det er positivt for både kundane og samfunnet. Korleis konkurransen i verdikjeda for daglegvarer fungerer, har difor mykje å seie for forbrukarane.

Regjeringa ynskjer betre konkurranse i verdikjeda for daglegvarer.

Stortingsmeldinga har som mål å setje konkurransesituasjonen i verdikjeda for daglegvarer inn i ein større samanheng, då det er viktig for å få ein heilskapleg forståing av verdikjeda. Det blir difor vist utviklingstrekk i verdikjeda og presentert nokre av dei sentrale aktørane og dei forskjellige ledda i verdikjeda. Vidare blir det vist til forhold som har direkte eller indirekte verknad på konkurransen og nokre av dei forholda regjeringa meiner har størst verknad på konkurransen. Til slutt blir det gjort vurderingar av korleis daglegvaremarknaden vil sjå ut i framtida.

Kva koronautbrotet har å seie for verdikjeda for daglegvarer er omtala i delkapittel 1.6 i innleiinga i meldinga.

Stortingsmeldinga er delt inn i tre delar. Del I, som består av kapittel 2 og 3, beskriv verdikjeda for daglegvarer og sentrale utviklingstrekk i verdikjeda dei siste tiåra. Prisar og utval i norske daglegvarebutikkar blir samanlikna med nabolanda våre, og det blir vurdert moglege årsaker til kvifor norske butikkar har høgare prisar og mindre utval. Deretter blir aktørane i verdikjeda for daglegvarer, marknadsdelar og konsentrasjon, organiseringsform, eigne merkevarer og tilgrensande marknader beskrivne.

Del II omhandlar ulike forhold ved konkurransen i verdikjeda for daglegvarer og kva verkemiddel som finst for å vareta konkurransen i verdikjeda, jf. kapittel 4 i meldinga. Konkurransesituasjonen er utfordrande, med få aktørar, og det er krevjande for nye aktørar å etablere seg. Fleire reguleringar som varetek andre omsyn enn konkurranse, gjer situasjonen meir utfordrande. Særlege problemstillingar i verdikjeda for daglegvarer som vertikal integrasjon, produksjon av eigne merkevarer, franchisekontraktar, skilnader i innkjøpsprisar, tilgang til grossisttenester og tilgang til butikklokale blir drøfta av regjeringa i kapittel 5.

Bruk av nye digitale løysingar og teknologi, bransjegliding og nye samarbeidsformer utfordrar konkurransepolitikken. Del III ser framover, og i kapittel 6 gjer regjeringa greie for korleis daglegvaremarknaden vil kunne sjå ut om fem til ti år.

Regjeringa varslar ei rekkje tiltak i meldinga. Tiltaka, og bakgrunnen for dei, blir nærmare gjennomgått i dei ulike kapitla i meldinga.

Regjeringa vil:

  • innføre ei permanent satsing på daglegvare i Konkurransetilsynet

  • be Konkurransetilsynet styrkje kontrollen av skilnader i innkjøpsprisar i verdikjeda for daglegvarer gjennom årlege kartleggingar

  • ta sikte på å innføre krav til grunngjeving frå leverandørar som opererer med store skilnader i innkjøpsprisar

  • opprette eit daglegvaretilsyn som skal handheve lov om god handelsskikk

  • vurdere konkurranseverknader av marknadsmakta daglegvaregrupperingane har i fleire marknader, og om det er behov for nye verkemiddel eller endringar i gjeldande regelverk.

  • vurdere om konkurranseomsyn kan takast inn som eksplisitte omsyn i plan- og bygningslova

  • kartleggje omfanget av konkurranseavgrensande åtferd som avgrensar tilgang til butikklokale

  • greie ut verknader av å innføre ein standardisert konkurransetest ved etablering av nye butikkar

  • sjå på korleis det i større grad kan leggjast til rette for konkurranse frå tilgrensande marknader i verdikjeda for daglegvarer

  • undersøkje om det er reell tilgang på grossisttenester for nye aktørar

  • vurdere behovet for regulering av tilgang på grossisttenester, og korleis ei slik regulering kan bli utforma

  • kartleggje lønnsemd og selskapsstrukturar i verdikjeda for daglegvarer

  • jobbe vidare med kunnskapen og anbefalingane frå rapporten Årsaker til ulike innkjøpspriser (2019) frå Oslo Economics om marknadsmessige verknader av oppdeling av store offentlege kontraktar

  • kartleggje omfanget av eksklusivitetsavtalar mellom daglegvaregrupperingar og leverandørar, og vurdere korleis slike eksklusivitetsavtalar påverkar vareutvalet forbrukarane får i butikkane

  • vurdere konkurranseverknader av franchisekontraktar i daglegvaremarknaden

  • greie ut om det er behov for nye verkemiddel i konkurransepolitikken for å handtere moglege framtidige konkurranseutfordringar som den kommersielle og teknologiske utviklinga skaper.

Regjeringa peiker på at i sum vil tiltaka i denne meldinga kunne lempe på etableringshindringar, styrke konkurransen i verdikjeda for daglegvarer, auke forbrukarvelferda og effektivisere ressursbruken. Tiltaka har samla sett små administrative konsekvensar. Nokre av tiltaka vil medføre auka administrative konsekvensar hos Konkurransetilsynet og aktørane i bransjen. Dette gjeld særleg tiltaka knytte til styrkt kontroll med innkjøpsprisar.

Regjeringa viser til at det per i dag er vanskeleg å talfeste dei økonomiske og administrative konsekvensane av dei nye tiltaka som meldinga varslar ei nærmare vurdering av. Nye tiltak i denne stortingsmeldinga som har økonomiske konsekvensar, blir dekte innanfor dei til kvar tid gjeldande budsjettrammene eller med atterhald om når dei kan gjennomførast.