Søk

Innhold

2. Finansdepartementet

2.1 Viktige oppgaver i 2021

Sammendrag fra Prop. 1 S (2020–2021) Finansdepartementet

Nokre av dei viktigaste oppgåvene Finansdepartementet skal utføre i 2021, i tillegg til å samordne den økonomiske politikken, er å arbeide med:

  • Virusutbrotet – vidare oppfølging

  • Statens pensjonsfond

  • Regelverksarbeid på finansmarknadsområdet

  • Skatte- og avgiftsområdet

  • Fornye, forenkle og forbetre.

Ein viser til kap. 2 i proposisjonen for nærare omtale.

Komiteens merknader

Komiteen tar omtalen til orientering.

2.2 Oppfølging av anmodningsvedtak

Sammendrag fra Prop. 1 S (2020–2021) Finansdepartementet

Nedanfor er det gjeve ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Finansdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2019–2020 og alle vedtak frå tidlegare sesjonar der rapporteringa ikkje vart varsla avslutta i Prop. 1 S (2019–2020) eller som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 373 S (2019–2020) om Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2018–2019 meinte at ikkje var utkvitterte. I nokre tilfelle er det annanstad i budsjettframlegget gjeve ei meir omfattande framstilling av oppfølginga. I slike tilfelle er det vist til kor denne framstillinga finst.

I kolonnen lengst til høgre i tabellen nedanfor er oppgitt om departementet reknar med at rapporteringa om vedtaket no vert avslutta, eller om det vil rapportere konkret om det i budsjettframlegget neste år òg. Ei rapportering som inneber at departementet skal leggje fram ei konkret sak for Stortinget, vil normalt fyrst verte avslutta når slikt framlegg er gjort.

Sjølv om det i tabellen er oppgitt at rapporteringa vert avslutta, vil det stundom vere slik at oppfølging av alle sider av vedtaket ikkje er sluttført. Dette kan t.d. gjelde oppmoding om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, og der oppfølginga vil kunne gå over fleire år. I slike tilfelle vert Stortinget orientert om oppfølginga slik som elles gjennom omtale av det relevante politikkområdet i andre dokument til Stortinget.

I samband med virusutbrotet våren 2020 vart det fremja og behandla ei mengd proposisjonar og innstillingar. Fleire av desse hadde svært lange namn. Nedanfor er desse dokumenta difor berre nemnde med nummer, art og sesjon, og utan namn.

Oversikt over oppmodingsvedtak

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering vert avslutta (Ja/Nei)

2019–2020

396

Kompensasjon for dei som er særskilt hardt råka av konsekvensane av korona-pandemien

Ja

2019–2020

397

Utsett betaling mva., utsett betaling forskottsskatt, redusere låg momssats

Ja

2019–2020

413

Ressursar til samfunnskritiske funksjonar

Ja

2019–2020

422

Redusert arbeidsgjevaravgift for ein termin

Ja

2019–2020

423

Kompensasjon til arbeidsgjevarar i tiltakssona

Ja

2019–2020

445

Mellombels startavskriving på nyanskaffa driftsmiddel i saldogruppe d

Ja

2019–2020

446

Mellombels saldo for skip i nærskipsfart med avskrivingssats på 20 pst.

Ja

2019–2020

447

CO2-avgift for ikkje-kvotepliktig sektor for elektrolyse og metallurgiske prosessar for industrien

Ja

2019–2020

448

Utsett innbetaling av særavgifter til drivstoffbransjen

Ja

2019–2020

449

Utsett innbetaling av særavgifter til bryggerinæringa

Ja

2019–2020

450

Utsett innbetaling av andre særavgifter

Ja

2019–2020

451

Opsjonsskatteordninga for små oppstartsføretak

Ja

2019–2020

472

Krisepakke

Ja

2019–2020

479

Lån over 50 mill. kroner i lånegarantiordninga for føretak

Ja

2019–2020

480

Vurdering av lånegarantiordninga for føretak

Ja

2019–2020

490

Hindre at levedyktige føretak må stengje

Ja

2019–2020

491

Kompensasjonsordninga for næringslivet, hindre pengar ut av landet

Ja

2019–2020

493

Kompensasjonsordninga for næringslivet, samanstillingsprinsippet

Ja

2019–2020

495

Kompensasjon til private og ideelle aktørar

Ja

2019–2020

554

Fiskal avgift på fiskeria

Nei

2019–2020

692

Konkret forslag om kontonummerportabilitet

Nei

2019–2020

693

Vurdering av digitale sentralbankpengar

Nei

2019–2020

694

Utvida mandat for Finansklagenemnda

Nei

2019–2020

707

Vedlikehald av privateide kulturminne og kulturmiljø

Nei

2019–2020

782

Vurdering av behov for supplerande likviditetsordningar for føretak

Ja

2019–2020

784

Reiarlagsskatteordninga

Nei

2019–2020

785

Endringar i regelverket for campingbilar

Nei

2019–2020

786

Provenynøytral omlegging av eingongsavgift for campingbilar

Ja

2019–2020

787

Mva – periodisering av omtvista krav i entreprisar

Ja

2018–2019

45

Solidarisk alkoholpolitikk

Ja

2018–2019

404

Presisering i forskrift av kven som skal verte identifisert som reelle rettshavarar

Nei

2018–2019

424

Utgreiing av ny teknologi som kan erstatte gjeldande bompengeordning

Nei

2017–2018

596

Tilsyn med OTP-ordningar

Ja

2017–2018

858

Likestille praksis frå kommunal og privat revisjon

Ja

2016–2017

48

Land-for-land-rapportering

Nei

2016–2017

1040

Sikre behovet hos bustadkjøpare for meir tid i bustadhandelen

Nei

Komiteens merknader

Komiteen viser til oversikten ovenfor som viser hvilke anmodningsvedtak som gjelder Finansdepartementets fagområde. Det vises videre til omtalene av de ulike anmodningsforslagene i proposisjonen. Der ikke annet er nevnt nedenfor, i Innst. 3 S (2020–2021) eller i Innst. 4 L (2020–2021), tar komiteen omtalene til orientering.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil likevel påpeke at merknadene ikke er å anse som Stortingets formelle kontroll av regjeringens oppfølging av vedtakene og således ikke kan erstatte kontroll- og konstitusjonskomiteens behandling av stortingsmeldingen om anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til oversikten over anmodingsvedtak og merker seg at fra sesjonen 2019–2020 er ikke vedtakene 554, 692, 693, 694, 707, 784 og 785 fulgt opp. Fra sesjonen 2018–2019 er ikke vedtakene 4040 og 424 fulgt opp, og fra sesjonen 2016–2017 er ikke vedtakene 48 og 1040 fulgt opp.