Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Nokre av dei viktigaste oppgåvene Finansdepartementet skal utføre i 2021, i tillegg til å samordne den økonomiske politikken, er å arbeide med:
Virusutbrotet – vidare oppfølging
Statens pensjonsfond
Regelverksarbeid på finansmarknadsområdet
Skatte- og avgiftsområdet
Fornye, forenkle og forbetre.
Ein viser til kap. 2 i proposisjonen for nærare omtale.
Komiteen tar omtalen til orientering.
Nedanfor er det gjeve ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Finansdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2019–2020 og alle vedtak frå tidlegare sesjonar der rapporteringa ikkje vart varsla avslutta i Prop. 1 S (2019–2020) eller som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 373 S (2019–2020) om Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2018–2019 meinte at ikkje var utkvitterte. I nokre tilfelle er det annanstad i budsjettframlegget gjeve ei meir omfattande framstilling av oppfølginga. I slike tilfelle er det vist til kor denne framstillinga finst.
I kolonnen lengst til høgre i tabellen nedanfor er oppgitt om departementet reknar med at rapporteringa om vedtaket no vert avslutta, eller om det vil rapportere konkret om det i budsjettframlegget neste år òg. Ei rapportering som inneber at departementet skal leggje fram ei konkret sak for Stortinget, vil normalt fyrst verte avslutta når slikt framlegg er gjort.
Sjølv om det i tabellen er oppgitt at rapporteringa vert avslutta, vil det stundom vere slik at oppfølging av alle sider av vedtaket ikkje er sluttført. Dette kan t.d. gjelde oppmoding om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, og der oppfølginga vil kunne gå over fleire år. I slike tilfelle vert Stortinget orientert om oppfølginga slik som elles gjennom omtale av det relevante politikkområdet i andre dokument til Stortinget.
I samband med virusutbrotet våren 2020 vart det fremja og behandla ei mengd proposisjonar og innstillingar. Fleire av desse hadde svært lange namn. Nedanfor er desse dokumenta difor berre nemnde med nummer, art og sesjon, og utan namn.
Oversikt over oppmodingsvedtak
|
Sesjon |
Vedtak nr. |
Stikkord |
Rapportering vert avslutta (Ja/Nei) |
|
2019–2020 |
396 |
Kompensasjon for dei som er særskilt hardt råka av konsekvensane av korona-pandemien |
Ja |
|
2019–2020 |
397 |
Utsett betaling mva., utsett betaling forskottsskatt, redusere låg momssats |
Ja |
|
2019–2020 |
413 |
Ressursar til samfunnskritiske funksjonar |
Ja |
|
2019–2020 |
422 |
Redusert arbeidsgjevaravgift for ein termin |
Ja |
|
2019–2020 |
423 |
Kompensasjon til arbeidsgjevarar i tiltakssona |
Ja |
|
2019–2020 |
445 |
Mellombels startavskriving på nyanskaffa driftsmiddel i saldogruppe d |
Ja |
|
2019–2020 |
446 |
Mellombels saldo for skip i nærskipsfart med avskrivingssats på 20 pst. |
Ja |
|
2019–2020 |
447 |
CO2-avgift for ikkje-kvotepliktig sektor for elektrolyse og metallurgiske prosessar for industrien |
Ja |
|
2019–2020 |
448 |
Utsett innbetaling av særavgifter til drivstoffbransjen |
Ja |
|
2019–2020 |
449 |
Utsett innbetaling av særavgifter til bryggerinæringa |
Ja |
|
2019–2020 |
450 |
Utsett innbetaling av andre særavgifter |
Ja |
|
2019–2020 |
451 |
Opsjonsskatteordninga for små oppstartsføretak |
Ja |
|
2019–2020 |
472 |
Krisepakke |
Ja |
|
2019–2020 |
479 |
Lån over 50 mill. kroner i lånegarantiordninga for føretak |
Ja |
|
2019–2020 |
480 |
Vurdering av lånegarantiordninga for føretak |
Ja |
|
2019–2020 |
490 |
Hindre at levedyktige føretak må stengje |
Ja |
|
2019–2020 |
491 |
Kompensasjonsordninga for næringslivet, hindre pengar ut av landet |
Ja |
|
2019–2020 |
493 |
Kompensasjonsordninga for næringslivet, samanstillingsprinsippet |
Ja |
|
2019–2020 |
495 |
Kompensasjon til private og ideelle aktørar |
Ja |
|
2019–2020 |
554 |
Fiskal avgift på fiskeria |
Nei |
|
2019–2020 |
692 |
Konkret forslag om kontonummerportabilitet |
Nei |
|
2019–2020 |
693 |
Vurdering av digitale sentralbankpengar |
Nei |
|
2019–2020 |
694 |
Utvida mandat for Finansklagenemnda |
Nei |
|
2019–2020 |
707 |
Vedlikehald av privateide kulturminne og kulturmiljø |
Nei |
|
2019–2020 |
782 |
Vurdering av behov for supplerande likviditetsordningar for føretak |
Ja |
|
2019–2020 |
784 |
Reiarlagsskatteordninga |
Nei |
|
2019–2020 |
785 |
Endringar i regelverket for campingbilar |
Nei |
|
2019–2020 |
786 |
Provenynøytral omlegging av eingongsavgift for campingbilar |
Ja |
|
2019–2020 |
787 |
Mva – periodisering av omtvista krav i entreprisar |
Ja |
|
2018–2019 |
45 |
Solidarisk alkoholpolitikk |
Ja |
|
2018–2019 |
404 |
Presisering i forskrift av kven som skal verte identifisert som reelle rettshavarar |
Nei |
|
2018–2019 |
424 |
Utgreiing av ny teknologi som kan erstatte gjeldande bompengeordning |
Nei |
|
2017–2018 |
596 |
Tilsyn med OTP-ordningar |
Ja |
|
2017–2018 |
858 |
Likestille praksis frå kommunal og privat revisjon |
Ja |
|
2016–2017 |
48 |
Land-for-land-rapportering |
Nei |
|
2016–2017 |
1040 |
Sikre behovet hos bustadkjøpare for meir tid i bustadhandelen |
Nei |
Komiteen viser til oversikten ovenfor som viser hvilke anmodningsvedtak som gjelder Finansdepartementets fagområde. Det vises videre til omtalene av de ulike anmodningsforslagene i proposisjonen. Der ikke annet er nevnt nedenfor, i Innst. 3 S (2020–2021) eller i Innst. 4 L (2020–2021), tar komiteen omtalene til orientering.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil likevel påpeke at merknadene ikke er å anse som Stortingets formelle kontroll av regjeringens oppfølging av vedtakene og således ikke kan erstatte kontroll- og konstitusjonskomiteens behandling av stortingsmeldingen om anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til oversikten over anmodingsvedtak og merker seg at fra sesjonen 2019–2020 er ikke vedtakene 554, 692, 693, 694, 707, 784 og 785 fulgt opp. Fra sesjonen 2018–2019 er ikke vedtakene 4040 og 424 fulgt opp, og fra sesjonen 2016–2017 er ikke vedtakene 48 og 1040 fulgt opp.