Sammendrag
Ordninga med supplerande
stønad til personar med kort butid i Noreg vart innført frå 1. januar
2006 for å sikre personar over 67 år med liten eller ingen pensjon frå
folketrygda ei minste samla inntekt, jf. lov 29. april 2005 nr.
21. Ytinga vert skattlagt som pensjonsinntekt.
Det er vedteke at
ordninga med supplerande stønad skal utvidast til òg å omfatte uføre
flyktningar under 67 år. Bakgrunnen for endringa er at dei fleste
særreglane for flyktningar i folketrygdloven knytte til butid, vert oppheva,
jf. Prop. 10 L (2019–2020) kapittel 7 og Innst. 80 L (2019–2020)
punkt 1.7. Flyktningar hadde tidlegare rett til fulle minsteytingar
for pensjon og uføretrygd, uavhengig av butid. Endringane i folketrygdloven
får verknad for krav om uføretrygd som vert sette fram frå 1. januar
2021, jf. Prop. 117 S (2019–2020). Det inneber at dei berre vil
gjelde for nye mottakarar.
Full supplerande
stønad til uføre flyktningar skal svare til minste årlege yting
for uføretrygd.
Departementet meiner
at supplerande stønad til uføre flyktningar bør skattleggjast som
uføretrygd og andre uføreytingar, dvs. som lønsinntekt. På denne
bakgrunnen foreslår departementet enkelte endringar i skatteloven
og i reglane om trygdeavgift i folketrygdloven.
Etter skatteloven
§ 5-42 bokstav a er «uføretrygd etter folketrygdloven kapittel 12»
og «uføreytelser fra andre ordninger» skattepliktig inntekt. Minstefrådraget
for slike ytingar skal reknast ut frå satsane for lønsinntekt etter
skatteloven § 6-32 første ledd bokstav a. Departementet legg til
grunn at supplerande stønad til uføre flyktningar går inn under
omgrepet «uføreytelser fra andre ordninger», og at det ikkje er
behov for å endre desse føresegnene.
Etter skatteloven
§ 12-2 bokstav i inngår «støtte etter lov om supplerande stønad
til personar med kort butid i Noreg» i personinntekta til mottakaren.
Vidare inngår «uføretrygd etter folketrygdloven kapittel 12 og uføreytelser
fra andre ordninger» i personinntekta etter bokstav j. Supplerande
stønad til uføre flyktningar er dermed famna av både bokstav i og
j.
Skatteloven § 16-1
inneheld reglar om frådrag i skatt for pensjonsinntekt. Etter skatteloven
§ 16-1 første ledd bokstav c vert det gjeve skattefrådrag for skattytar som
«mottar stønad etter lov 29. april 2005 nr. 21 om supplerande stønad
til personar med kort butid i Noreg». For å sikre at det berre vert
gjeve skattefrådrag i ytingar som skal skattleggjast som pensjonsinntekt,
må bokstav c avgrensast til å gjelde supplerande stønad til personar
som har fylt 67 år.
Folketrygdloven
§ 23-3 regulerer satsane for trygdeavgift. Etter § 23-3 andre ledd
nr. 1 bokstav a skal det betalast låg sats av pensjon mv. Det omfattar
òg «støtte etter lov om supplerande stønad til personar med kort
butid i Noreg». Departementet foreslår endringar i folketrygdloven
§ 23-3 andre ledd nr. 1 bokstav a, slik at det uttrykkeleg går fram
at det berre skal reknast låg trygdeavgift av supplerande stønad
til personar som har fylt 67 år. Supplerande stønad til uføre flyktningar
vil då gå inn under § 23-3 andre ledd nr. 2 bokstav b. Der framgår
det at det skal betalast mellomsats av «uføreytelser fra andre ordninger»,
på same måte som av uføretrygd frå folketrygda.
Departementet viser
til framlegg om endringar i skatteloven § 16-1 og folketrygdloven
§ 23-3.
Endringane vil ikkje
ha nemneverdige administrative følgjer eller verknader for provenyet.
Departementet gjer framlegg om at endringane tek til å gjelde straks med
verknad frå og med inntektsåret 2021.