Sammendrag
I revidert nasjonalbudsjett
2020 foreslår regjeringa fleire nye endringar i skatte- og avgiftslovgjevinga
som ein respons på utbrotet av koronaviruset. Desse framlegga inneber
at skatte- og avgiftsinntektene vert reduserte med om lag 9,8 mrd.
kroner påløpt og 8,7 mrd. kroner bokført samanlikna med saldert
budsjett for 2020. Følgjande endringar har provenyverknad for 2020:
-
Å redusere arbeidsgjevaravgifta
svarande til 4 pst. av arbeidsgjevaravgiftsgrunnlaget for mai og
juni månad (tredje termin). Det gjev eit provenytap rekna til i
overkant av 8 mrd. kroner bokført i 2020. Samstundes vert forfallstidspunktet
for tredje termin utsett til 15. oktober 2020. I sone V («tiltakssona»)
og på Svalbard, der satsen er null, legg ein opp til eit tilskot
på 4 pst. av arbeidsgjevaravgiftsgrunnlaget, på til saman 167 mill.
kroner.
-
Å innføre startavskriving
for saldogruppe d (mellom anna maskinar) på 10 pst., slik at avskrivingane første
året vert auka frå 20 til 30 pst. Endringa omfattar driftsmidlar
som vert erverva frå og med tidspunktet framlegget tek til å gjelde.
Tapet av proveny er berekna til om lag 1 200 mill. kroner påløpt
og om lag 200 mill. kroner bokført i 2020. Tapet av proveny på kort
sikt vil verte motsvart av lågare avskrivingar og høgare innbetaling
av skatt i åra etter 2020. Departementet foreslår at tiltaket gjeld
for 2020, og at ei eventuell vidareføring for 2021 vert vurdert
i samband med statsbudsjettet for 2021.
-
Å utvide opsjonsskatteordninga
for små oppstartsselskap. Dagens vilkår om at personar som får tildelt opsjonar
under ordninga må ha vorte tilsette i selskapet etter 1. januar
2018, vert oppheva. Vidare vert ordninga utvida til å omfatte selskap
med 25 tilsette eller færre og 25 mill. kroner eller mindre i driftsinntekter
og balansesum. Det er anslått at framlegga vil redusere provenyet
med om lag 690 mill. kroner påløpt og 550 mill. kroner bokført i 2020.
Endringane må godkjennast av EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) før
dei kan ta til å gjelde.
-
Den låge meirverdiavgiftssatsen
er sett ned frå 12 til 6 pst. frå og med 1. april til og med 31. oktober
2020. Ved satsreduksjonen vart det ikkje gjort justeringar i budsjettpostar
på utgiftssida som vert påverka av satsen for meirverdiavgift, som
til dømes løyvinga til NRK. Regjeringa foreslår no å justere ned
postar på utgiftssida med samla 290 mill. kroner. Overslaget på
det samla netto provenytapet for staten som følgje av redusert meirverdiavgiftssats,
vert dermed 1 490 mill. kroner påløpt og bokført i 2020.
Regjeringa
foreslår òg enkelte andre endringar på grunn av virusutbrotet som
ikkje er venta å ha provenyverknad for 2020:
-
Føretak med betalingsproblem
som følgje av virusutbrotet og smitteverntiltaka, bør framleis få
høve til å utsetje betaling av skatt og avgift. Regjeringa foreslår
å innføre nye og meir fleksible føresegner om betalingsutsetjing
og å setje utsetjingsrenta ned frå 9,5 til 6 pst.
-
Foreldingsfristen
for krav om meirverdiavgiftskompensasjon for januar og februar 2020,
vert utsett til 31. august.
-
Etablere ei mellombels
skattemessig saldogruppe for skip (utanfor reiarlagsskatteordninga)
i nærskipsfart. Regjeringa tilrår ikkje at framlegget vert gjennomført.
I tillegg
til framlegga i samband med virusutbrotet foreslår regjeringa endringar
i det allmenne skatte- og avgiftsopplegget i revidert nasjonalbudsjett
2020. Desse framlegga reduserer provenyet med om lag 35 mill. kroner
påløpt og om lag 25 mill. kroner bokført i 2020 samanlikna med saldert
budsjett. Følgjande framlegg til endringar har verknad for provenyet
for 2020:
-
Utvide meirverdiavgiftsfritaket
for aviser til òg å omfatte aviser som har ei djuptgåande dekking
av nyheits- og aktualitetsstoff. Dersom endringa vert sett i verk
1. juli, er tapet av proveny rekna til 25 mill. kroner påløpt og
15 mill. kroner bokført i 2020. Dei langsiktige verknadene på provenyet
er truleg vesentleg større.
-
Oppheve Stortingets
tidlegare vedtak om full elavgift for utvinning av kryptovaluta
i store datasenter. På usikkert grunnlag reknar ein at framlegget
reduserer provenyet med 10 mill. kroner bokført i 2020.
Etter
at budsjettet for 2020 vart vedteke av Stortinget i desember 2019,
har Stortinget vedteke ei rekkje endringar i samband med virusutbrotet.
Fristen for å betale ei rekkje skattar og avgifter har vorte utsett.
Likviditetseffekten av utsetjingane vil vere på det høgaste nivået
i månadsskiftet mai/juni, då dei i sum utgjer om lag 133 mrd. kroner.
Det er òg gjennomført fleire mellombelse skatte- og avgiftsletter,
både generelle letter og meir målretta letter for utsette næringar.
Mellom anna er den låge satsen i meirverdiavgifta redusert frå 12
pst. til 6 pst. i perioden april–oktober, flypassasjeravgifta er oppheva
for flygingar i perioden januar–oktober og totalisatoravgifta er
avvikla for 2020. For prosessindustrien er CO2-avgifta på naturgass og LPG
fjerna frå 1. april 2020, og avgifta vert trappa opp igjen frå 2021
over fire år. Samla tap av proveny som følgje av utsett betaling
og mellombels skatte- og avgiftslette er rekna til 8,1 mrd. kroner
påløpt og 5 mrd. kroner bokført i 2020. I tillegg kjem ordninga
med tilbakeføring av underskot som oppstår i 2020, mot overskot
i 2019 og 2018. Denne ordninga får bokført verknad først i 2021.
Dei vedtekne endringane og dei nye framlegga i dette reviderte budsjettet
vil samla redusere skatte- og avgiftsinntektene med om lag 18 mrd.
kroner påløpt og 13,7 mrd. kroner bokført i 2020 samanlikna med
saldert budsjett for 2020.
Regjeringa foreslår
òg enkelte andre endringar på skatte- og avgiftsområdet:
-
Klårgjere at høvet
til eigenendring av skattefastsetting ikkje omfattar ei endring
av skatteregime for reiarlag
-
Auke minstegrensa
for å skrive ut eigedomsskatt frå 50 kroner til 300 kroner
-
Innføre tollfritak
på kjøt frå eiga jakt til eige bruk
-
Innføre fritak for
meirverdiavgift på utolla køyretøy som skal brukast av ambassadar
m.m.
-
Fastsetje skattereglar
for supplerande stønad til uføre flyktningar
-
Overgangsordning
for å handtere utleggstrekk når kommunale skatteoppkrevjarar vert
overførte til Skatteetaten
I tillegg er følgjande
saker omtalte:
-
Fritak for CO2-avgift på naturgass og LPG
til verksemder som er kvotepliktige
-
Eingongsavgifta for
varebilar og overgang til ny metode for måling av avgassar (WLTP)
-
Tollfritak på roser
frå GSP+-land
-
Maksimal sats for
bustad og fritidsbustad i eigedomsskatten
-
Avklaring av omgåingsregelen
Regjeringas
framlegg til endringar i petroleumsskatten er omtalt i Prop. 113
L (2019–2020) Midlertidige endringer i petroleumsskatteloven. Det
vert òg vist til følgjande saker som er omtalte i kapittel 4 i Meld.
St. 2 (2019–2020) Revidert nasjonalbudsjett 2020:
I proposisjonen
gjer departementet framlegg om:
-
lov om endring i
eigedomsskattelova
-
lov om endring i
folketrygdlova
-
lov om endring i
skatteloven
-
lov om endring i
merverdiavgiftskompensasjonsloven
-
lov om endring i
skattebetalingsloven
-
lov om endring i
tolloven
-
lov om endring i
merverdiavgiftsloven
-
lov om endring i
SI-loven
-
lov om endring i
skatteforvaltningsloven
-
lov om endring i
lov 20. desember 2019 nr. 94 om endringer i skatteloven
-
lov om midlertidig
kompensasjonsordning for arbeidsgivere med nullsats for beregning
av arbeidsgiveravgift (Sone V og Svalbard)
og