2. Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit,
frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet,
Solveig Horne, frå Senterpartiet, Hans Inge Myrvold, frå Sosialistisk
Venstreparti, Freddy André Øvstegård, frå Venstre, Terje Breivik,
og uavhengig representant Ulf Leirstein, syner til Riksrevisjonens
undersøking av rovviltforvaltninga, Dokument 3:13 (2018–2019).
Komiteen syner til at Riksrevisjonen
presiserer at undersøkinga er avgrensa slik at ho berre skal vurdere om
«Klima- og miljødepartementet gjennom rovviltforvaltningen, og i
samarbeid med Landbruks- og matdepartementet, legger til rette for
å oppnå Stortingets todelte mål om bærekraftige rovviltbestander
og en livskraftig beitenæring». Undersøkinga omfattar perioden 2010–2018.
Komiteen syner til at Riksrevisjonen
i sin rapport om den todelte målsettinga og korleis ho vert implementert,
har seks hovudfunn:
-
Stortingets bestandsmål
for rovvilt er delvis nådd, og det er utfordringer med den genetiske
levedyktigheten til ulv og jerv i Skandinavia.
-
Sauenæringen er
livskraftig nasjonalt, men noen beiteområder har svært høy rovviltbelastning.
-
Forutsetningene
om soneforvaltning er bare delvis innfridd, og soneforvaltningen
er særlig lite egnet for å ivareta reindriftsnæringen.
-
Lisensfelling fungerer
som virkemiddel for å regulere de fleste rovviltbestandene, men
skadefelling er i liten grad effektiv.
-
Miljøforvaltningen
har for lite kunnskap både om tapsårsaker og om effekter av forebyggende
tiltak.
-
Klima- og miljødepartementet
har ikke sørget for å avklare uenighet om regionale forvaltningsplaner for
rovvilt.
Riksrevisjonen
sine funn munnar i rapporten ut i seks tilrådingar til Klima- og
miljødepartementet, der Riksrevisjonen meiner departementet bør:
-
vurdere tiltak for
å sikre mer funksjonelle forvaltningssoner, som ivaretar både rovvilt
og beitenæringene
-
vurdere fordelingen
av de nasjonale bestandsmålene mellom forvaltningsregionene for
rovvilt
-
vurdere hvordan
skadefellingen kan bli iverksatt så effektivt som mulig
-
vurdere hvordan
virkemidlene kan innrettes slik at rovviltbelastningen i reindriftsnæringen
reduseres
-
sørge for nødvendige
avklaringer når det oppstår uenighet mellom miljømyndighetene og
rovviltnemndene, for eksempel i arbeidet med å utforme forvaltningsplaner
-
fortsette å utvikle
et godt kunnskapsgrunnlag om rovviltbestandene, og forsterke arbeidet
med å bygge kunnskap om både årsaker til tap av beitedyr og effekten
av forebyggende og konfliktdempende tiltak.
Komiteen syner
vidare til at statsråden i Klima- og miljødepartementet har skissert
fleire tiltak som er meinte å bøte på dei svake punkta som Riksrevisjonen har
peika på. Komiteen merkar
seg at statsråden gjev uttrykk for at «rovviltforvaltningen fungerer
godt», men at departementet er i gang med å gjere enkelte endringar
som i større eller mindre grad fangar opp dei forslaga som Riksrevisjonen
kjem med. Komiteen merkar
seg særleg at departementet syner til det pågåande arbeidet med
å evaluere den regionale rovviltforvaltninga og regionale bestandsmål
i regi av Norsk institutt for naturforskning. Komiteen ser òg at statsråden
på enkelte punkt ikkje er einig i Riksrevisjonen sine vurderingar/tilrådingar.
I handsaminga av
saka har komiteen halde
høyring 25. november 2019.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemen frå Venstre, noterte seg òg at fleire synte
til at Riksrevisjonen har lagt for lite vekt på andre samfunnsinteresser enn
beitedyr. Endeleg merka fleirtalet seg at det blant dei
som representerte beitenæringa, var skepsis til dei endringane i
den norske forvaltningsmodellen på rovviltfeltet som har vore på
høyring (kutt i talet på rovviltregionar, ny nasjonal klagenemnd).
Fleirtalet legg til grunn
at beitenæringane er sentrale for norsk matproduksjon og sjølvberging.
På same måte er beitenæringane viktige for busetnaden i norske distrikt.
Noreg er eit av dei landa i Europa kor beiteressursane har mest
å seie for landet sin totale matproduksjon. Berre tre prosent av
arealet i Noreg er jordbruksareal; det lågaste talet i heile Europa.
Samstundes har Noreg utmarksbeite av høg kvalitet på 45 prosent
av arealet på fastlandet. Årleg vert det sleppt over 2 millionar sau
og lam, 254 000 storfe, 58 000 geiter og 9 000 hestar på utmarksbeite
i Noreg. Desse haustar fôrressursar i utmarka som svarer til det
ein ville måtte bruke 10 prosent av Noregs fulldyrka areal for å
produsere. Fleirtalet vil
peike på at beitebruk bidreg til både økologisk og økonomisk berekraftig
produksjon av mat, noko som er viktig no – og som kjem til å verte
endå viktigare i åra som kjem. I tillegg understrekar fleirtalet at
beitebruk er viktig for kulturlandskapet og det biologiske mangfaldet.
Norsk kvit sau trekker mot grasdominerte areal i utmarka og trekker
mot artsrik kulturmark når han får beite fritt. Attgroing på grunn
av beiteslutt har negativ påverknad på 685 norske artar. Dette er
heile 29 prosent av dei artane som er å finne på «Norsk rødliste for
arter» (Artsdatabanken).
Fleirtalet vil vidare peike
på at reindrift og annan utmarksbruk er sentrale i samisk næringsliv.
Dette vert reflektert i det faktum at Sametinget utpeikar to av
seks medlemer til dei tre nordlegaste regionale rovviltnemndene
(Troms og Finnmark, Nordland og Trøndelag) og ein av fem medlemer
til rovviltnemnda i Hedmark.
Reindrifta lir årleg
store tap til freda rovvilt, og i nokre område er tapa så store
at dei trugar reindrifta sin eksistens. Difor har Sametinget gjentekne
gonger bede om ein nasjonal rovviltpolitikk som på ein betre måte hegnar
om reindrifta og annan beitebruk, og kor staten syter for at reelle
tap til rovvilt vert kompenserte. Fleirtalet syner til at Noreg
har internasjonale forpliktingar til å sikre dei samiske beitenæringane
si framtid, og at det for lengst er konstatert at norsk rovviltpolitikk
trugar dette målet.
Fleirtalet minner om at er
eit stort problem for reindrifta, og at det så langt ikkje har kome
tiltak som kan bøte på problemet.
Fleirtalet har merka seg at
Riksrevisjonen konkluderer med at bestandsmålet for ulv og jerv
er overoppfylt dei siste fem åra, medan bjørn og gaupe ligg under
bestandsmålet.
Eit anna fleirtal,
alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti og Venstre,
merka seg at dei som representerte beitenæringane på høyringa, var svært
utilfredse med korleis regjeringa og departementet undergrev Stortinget
sine vedtekne bestandsmål for dei ulike rovviltartane, noko som
Riksrevisjonen i liten grad har problematisert. Dei la òg vekt på
at Riksrevisjonen ikkje har teke inn over seg det faktum at beitebruk i
utmark så å seie er utradert i fleire fylke, noko som i stor grad
er på grunn av rovviltforvaltninga.
Dette fleirtalet vil peike
på at Riksrevisjonen har valt ein snever inngang når ein har vurdert
norsk rovviltforvaltning, noko som gjer denne undersøkinga mindre
interessant enn om ein hadde valt ei breiare vurdering av om rovviltforvaltninga
oppfyller dei rammene, måla og styringssignala frå Stortinget si
side som ligg til grunn for norsk rovviltpolitikk, og om norsk rovviltforvaltning
i det heile fungerer.
Dette fleirtalet legg då til
grunn dei tre rovdyrforlika som er fastsette av Stortinget (rovviltforlika
frå 2004 og 2011, samt ulveforliket frå 2016), samt Innst. 257 L
(2016–2017), kor Stortinget m.a. instruerer regjeringa om korleis
Bernkonvensjonen og naturmangfoldlova skal tolkast, og instruerer
Klima- og miljødepartementet om å endre rovviltforskrifta.
Dette fleirtalet meiner at
Riksrevisjonen med fordel kunne ha sett nærare på dei omstenda som
bidreg til at rovviltforvaltninga i Noreg er svært konfliktfylt.
Komiteens medlemmer
fra Høyre og Fremskrittspartiet, og uavhengig representant Ulf Leirstein, viser
til at konfliktene dreier seg mye om tolkninger av bestandsmålene
for ulv og jerv, spesielt når dette ses i sammenheng med naturmangfoldloven. Disse medlemmer vil
påpeke at de bestandsmålene som Stortinget har vedtatt, må overholdes.
Komiteen vil
påpeke at det er politisk bred enighet i Stortinget under skiftende
flertall om at ulv ikke skal etablere seg i Nord-Norge, nettopp
av reindriftshensyn.
Medlemen i komiteen
frå Senterpartiet meiner òg at Riksrevisjonen ikkje kan sjå
bort frå det faktum at regjeringa ved fleire høve har lagt til rette
for ei rovviltforvaltning som ikkje er i samsvar med Stortinget
sine vedtak, noko som på ein kraftig måte har auka konfliktane rundt
norsk rovviltforvaltning. Denne medlemen vil minne om
at det både i 2017 og 2019 var store demonstrasjonar ved Stortinget
mot regjeringa si rovviltforvaltning – og til støtte for dei vedtaka
om rovviltforvaltninga som Stortinget hadde gjort.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti og Venstre,
legg til grunn at det må få konsekvensar for uttak av rovdyr der bestandsmålet
er overoppfylt, særskilt i område kor beitedyr er prioriterte.
Fleirtalet meiner at Riksrevisjonen
mellom anna burde ha vurdert:
-
Korleis regjeringa
i praktisk forvaltning følgjer opp Stortingets vedtekne bestandsmål
for rovdyr, og om bestandsmål som er innretta som intervallmål,
vert nytta slik at det nedre talet er eit minimum for bestanden
sin tilsikta størrelse og det øvre talet eit tilsikta maksimum.
Det ville særleg vore interessant om Riksrevisjonen hadde vurdert
om den forvaltninga som skjer i tilfelle der bestanden ligg over bestandsmålet,
er i tråd med Stortinget sine intensjonar, og om regjeringa sin
politikk i slike tilfelle bidreg til at det todelte målet vert oppfylt
og beitebruken vert teken omsyn til.
-
Kva som er årsakene
til at beitebruken så å seie er avvikla eller sterkt redusert i
bjørnesona og ulvesona, stikk i strid med dei føresetnadene som
Stortinget har uttrykt fleire gonger. Per i dag artar særleg ulvesona
seg som eit ulvereservat, noko som aldri var Stortinget sin intensjon.
-
Om regjeringa vik
frå prinsippet om soneforvaltning når regjeringa i beiteprioriterte
område legg opp til å hegne om einskilde ulvehannar (med bakgrunn
i genetikk) og einskilde bjørnebinner (med bakgrunn i at bestandsmålet
ikkje er nådd).
-
Om metodane som
vert nytta ved uttak av rovvilt, er gode nok, slik at uttaket kan
skje raskt og effektivt.
-
Om tilbodet om midlar
til førebyggande rovdyrtiltak er stort nok til å dekke dei verkelege
kostnadene og meirarbeidet ved desse tiltaka.
-
Om rovviltforvaltninga
har oppfylt Stortinget sin føresetnad om full erstatning til dei
som har tap av husdyr og tamrein til rovvilt. Det er særleg grunn
til å minne om Stortinget sine to vedtak av 6. juni 2016, nemleg
nr. 770, som lyder: «Stortinget ber regjeringen utrede mulige økonomiske
ordninger for tap av eventuelle rettigheter eller belastninger innenfor ulvesonen
og viser til ulvesoneutvalgets forslag knyttet til dette spørsmålet»
og vedtak nr. 771, som lyder: «Stortinget ber regjeringen legge
frem en sak hvor man vurderer mulige ordninger for midler til kommuner
med ynglinger innenfor ulvesonen».
-
Om andre samfunnsinteresser
enn beitedyr er tekne tilstrekkeleg omsyn til i dei områda av landet som
har høgt rovvilttrykk. Dette gjeld både spørsmålet om opplevd tryggleik
i lokalsamfunna som vert råka, men òg spørsmålet om korleis rovviltpolitikken
pregar næringslivet utanfor beitenæringane (t.d. når det gjeld jakt).
-
At det enno er mange
spørsmål knytte til det genetiske opphavet til ulvebestanden i Sør-Skandinavia som
ikkje er tilstrekkeleg klara opp i.
Fleirtalet er
særleg kritisk til Riksrevisjonen si vurdering av om beitenæringa
i Noreg er livskraftig. Fleirtalet vil i samband med
dette åtvare mot å sjå seg blind på nasjonal statistikk over talet
på sau og talet på beitedyr som er tapte til rovvilt, sidan det
er tydeleg at desse tala kamuflerer store lokale og regionale rovviltkatastrofar. Fleirtalet vil
peike på at det ikkje kan seiast å vere eit døme på ei vellukka
forvaltning at talet på skadar på beitedyr går ned, så lenge grunnen
til dette er ein sterk nedgang i talet på beitedyr fordi næringsutøvarar
ikkje finn det forsvarleg å halde fram med beitedyr på grunn av
rovdyrpresset. Sjølv om talet på sau og lam på utmarksbeite har
vore stabilt, har det vore ein kraftig nedgang i fleire område.
Dette gjeld sjølv i beiteprioriterte område.
Fleirtalet meiner vidare at
prinsippet om at rovviltnemndene skal stå fritt til å vedta forvaltningsplanar for
rovvilt, må oppretthaldast, og at departementet skal ha respekt
for dei vedtaka om forvaltning som vert gjorde i rovviltnemndene.
Det er rovviltnemndene si oppgåve å sikre at omsynet til rovvilt,
beitedyr, reindriftsnæring og andre interesser vert ivaretekne innanfor
forvaltningsregionane. Det skal ikkje vere slik at Klima- og miljødepartementet
skal ha eit generelt høve til å overprøve nemndene si skjønnsutøving.
Dersom rovviltnemndene
ikkje vert høyrde og stadig vert overkøyrde, vil det føre til auka
mistillit. Fleirtalet meiner
dette er særs uheldig.
Eit anna fleirtal,
alle unnateke medlemen frå Venstre, vil understreke at rask felling
av skadedyr i dei beiteprioriterte områda er særs viktig for å skape
tillit til forvaltninga og dei som er sette til å styre dei politiske avgjerdene. Dette fleirtalet ber
difor departementet ta på alvor at det ikkje skal vere rovdyr som
utgjer skadepotensial, i beiteprioriterte område. Det same gjeld
tilhøvet mellom departementet og rovviltnemndene.
Dette fleirtalet vil òg understreke
alvoret for reindriftsnæringa, der meir enn ein av tre reinkalvar vert
tekne av rovdyr. Dette gjer det utfordrande å drive for reineigarane
og set heile næringa under stort press, med dei konsekvensane det
har, særleg for samiske næringsutøvarar.
Komiteens medlemmer
fra Høyre og Venstre viser til Dokument 3:13 (2018–2019) –
Riksrevisjonens undersøkelse av rovviltforvaltningen – knyttet til
om Klima- og miljødepartementet gjennom rovviltforvaltningen, og
i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet, legger til rette
for å oppnå Stortingets todelte mål om bærekraftige rovviltbestander og
en livskraftig beitenæring. Det er gjort en gjennomgang både av
bestandsmålene og av beitenæringen, og Riksrevisjonen har kommet
med seks hovedanbefalinger.
Disse medlemmer vil påpeke
at den rovdyrpolitikken som føres i Norge, skal være innenfor rammene av
Bernkonvensjonen og naturmangfoldloven og i samsvar med rovviltforlikene
fra 2004 og 2011, flertallsvedtakene om ulv fra 2016 og den todelte
målsettingen om at vi skal ha rovdyr og beitedyr i Norge. All forvaltning
av rovdyr skal bygge på vitenskapelig og erfaringsbasert kunnskap.
Videre skal det legges vekt på regional forvaltning, respekt for
eiendomsretten og livskvaliteten for enkeltmennesker og lokalsamfunn.
Det er viktig å arbeide videre med målet om reduserte konflikter.
Disse medlemmer viser til
at Riksrevisjonen sine funn i rapporten munner ut i seks anbefalinger
til Klima- og miljødepartementet, der Riksrevisjonen mener departementet
bør:
-
vurdere tiltak for
å sikre mer funksjonelle forvaltningssoner, som ivaretar både rovvilt
og beitenæringene
-
vurdere fordelingen
av de nasjonale bestandsmålene mellom forvaltningsregionene for
rovvilt
-
vurdere hvordan
skadefellingen kan bli iverksatt så effektivt som mulig
-
vurdere hvordan
virkemidlene kan innrettes slik at rovviltbelastningen i reindriftsnæringen
reduseres
-
sørge for nødvendige
avklaringer når det oppstår uenighet mellom miljømyndighetene og
rovviltnemndene, for eksempel i arbeidet med å utforme forvaltningsplaner
-
fortsette å utvikle
et godt kunnskapsgrunnlag om rovviltbestandene, og forsterke arbeidet
med å bygge kunnskap om både årsaker til tap av beitedyr og effekten
av forebyggende og konfliktdempende tiltak»
Disse medlemmer viser til
at Riksrevisjonens rapport synliggjør at rovviltforvaltningen fungerer
godt, men at det må vurderes nærmere oppfølging på enkelte områder. Disse medlemmer merker
seg at Riksrevisjonen gir seks konkrete anbefalinger, og at det
på ett av disse punktene reises kritikk mot Klima- og miljødepartementet.
Dette gjelder anbefalingen om å sørge for nødvendige avklaringer
når det oppstår uenighet mellom miljømyndighetene og rovviltnemndene,
for eksempel i arbeidet med å utforme forvaltningsplaner.
Disse medlemmer ser det som
viktig at det i rovviltforvaltningen arbeides videre med tiltak,
slik at soneforvaltningen blir best mulig og ivaretar både rovvilt
og beitenæringene. Disse
medlemmer merker seg høringsinnspillene, hvor flere aktører
ønsket en god dialog mellom departement og berørte næringer om soneforvaltningen.
Hvordan de nasjonale bestandsmålene for de ulike rovdyrartene fordeles
mellom regionene, er også en viktig del av dette. Disse medlemmer merker seg
at klima- og miljøministeren har hatt flere forslag på høring, og
imøteser at forslag til antall forvaltningsregioner for rovvilt,
fordeling av regionale bestandsmål for den enkelte rovviltregion
og spørsmålet om felles bestandsmål legges fram for Stortinget.
Disse medlemmer påpeker at
skadefelling må iverksettes og gjennomføres så effektivt som mulig
når slike tillatelser blir gitt. Disse medlemmer merker seg
de tiltak klima- og miljøministeren har gjennomført på dette området,
herunder den veilederen som er utarbeidet om skadefelling, og de
utfordringer som påpekes. Disse medlemmer mener det
i oppfølgingen av veilederen er viktig å øke kompetansen hos de
kommunale og interkommunale fellingslagene, større grad av kompetanseoverføring
mellom fellingslagene og kompetanseoverføring fra Statens naturoppsyn
til fellingslagene. Det bør også arbeides videre med tiltak for
raskere avdekking av skader, slik at skadefellingsforsøk kan iverksettes
så effektivt som mulig.
Disse medlemmer mener det
må settes inn tiltak for å finne løsninger på hvordan ulike virkemidler kan
innrettes for å bedre situasjonen for reindriftsnæringen. Disse medlemmer merker
seg at Riksrevisjonen stiller spørsmål ved om de tiltakene som er
gjennomført og som er planlagt, er tilstrekkelige for å redusere
rovviltbelastningen for tamreinnæringen. Disse medlemmer imøteser derfor
ytterligere tiltak fra Klima- og miljødepartementet for å følge
Riksrevisjonen på dette punktet.
Disse medlemmer merker seg
at det er til dels store sprik mellom forskning og reindriftsnæringens egen
oppfatning av utfordringene, og det må søkes større klarhet i dette
slik at effektive tiltak kan settes inn.
Disse medlemmer påpeker at
regional rovviltforvaltning står sentralt i dagens rovviltpolitikk,
og det er viktig at rovviltnemndene har hovedansvaret for sine regioner.
Det skal være en høy terskel for Klima- og miljødepartementet å
overprøve de planer nemndene utarbeider. Samtidig må departementet,
som overordnet instans og ansvarlig for at Stortingets vedtak etterfølges, sørge
for raskere avklaring av eventuelle uenigheter enn det som har vært
tilfelle fram til i dag. Det er uheldig at det oppstår langvarig
usikkerhet om viktige forhold slik som soneinndeling i den enkelte
region. Disse
medlemmer forutsetter at Klima- og miljødepartementet følger
opp dette.
Disse medlemmer understreker
viktigheten av kunnskap om rovviltbestandene, årsaker til tap av
beitedyr og effekten av forebyggende og konfliktdempende tiltak.
Dette skal være høyt prioriterte oppgaver i rovviltforvaltningen. Disse medlemmer har
merket seg Riksrevisjonens vurderinger om mangelfull kunnskap om
ulike tapsårsaker på beitedyr. Av hensyn til både mest mulig korrekt
erstatningsutmåling, konfliktdemping og iverksetting av mest mulig
effektive og presise tiltak er det viktig at slik kunnskap kommer
på plass så raskt som mulig.
Komiteens medlem
fra Sosialistisk Venstreparti mener Riksrevisjonens rapport
er balansert og gir et bilde av en rovviltforvaltning som i hovedsak fungerer
godt. Dette medlem merker
seg at også andre hensyn enn undersøkelsens temaer er relevante
for rovviltpolitikken, slik som andre næringsinteresser ut over
beitenæring, og viser forståelse for dette. Dette medlem peker likevel
på hva som er undersøkelsens formål, og at komiteen behandler de
temaene som rapporten belyser. Dette medlem understreker
videre viktigheten av å nå bestandsmålene for rovvilt, viktigheten
av at naturmangfoldlovens bestemmelser følges, og at Norge er forpliktet
av internasjonale konvensjoner til å sikre levedyktige bestander
av rovvilt. Dette medlem viser
til at nasjonale myndigheter generelt og departementet spesielt
har et særlig ansvar, og forutsetter at departementet oppfyller
disse krav og kriterier.
Dette medlem vil understreke
at mye av konflikten som oppstår, skyldes mangel på god, tilgjengelig kunnskap. Dette medlem har
registrert at klare forskningsresultater som ville ryddet av veien
mange misforståelser, aldri når avisspaltene. Dette medlem savner en mer
aktiv rolle fra offentlige myndigheter (som Miljødirektoratet, Fylkesmannen
og Statens naturoppsyn (SNO)) når det er en tilspisset debatt i
offentligheten om rovdyrspørsmål, gjerne når konkrete situasjoner
oppstår.
Dette medlem er kjent med
at naturveiledningsdelen av SNO er bortfalt, og at deler av denne
oppgaven er overført til de offentlig godkjente rovdyrsentrene.
Det er vanskelig å se at disse har instruks eller kapasitet til
å bidra aktivt i pågående rovdyrdebatter når situasjoner oppstår. Dette medlem vil
påpeke at det er et stort behov for at mediene får saklig, objektiv
informasjon bygd på de høyst kompetente og anerkjente forskningsmiljøene
i Skandinavia på rovdyras økologi.
Dette medlem vil understreke
at god formidling av forskningsresultater om rovdyras vandringsmønster, næringsvalg
og farlighet ville senket konfliktnivået i mange tilfeller.