Grunnlova § 57 seier
at stortingsmandata si fordeling mellom dei ulike valdistrikta skal
gjerast kvart åttande år. Fylka i Noreg er valdistrikta. Kommunal-
og regionaldepartementet offentleggjorde 7. mai 2012 fordelinga
som skal gjelda for stortingsvala i 2013 og 2017. Til grunn for
denne fordelinga av stortingsmandat ligg innbyggjartalet i fylket
og arealet av fylket. Neste endring vert gjeldande frå stortingsvalet
i 2021.
Etter Grunnlova kan
berre norske borgarar verta valde som stortingsrepresentantar, og
berre norske borgarar kan røysta ved stortingsval. Men ved utrekninga
av mandatfordelinga til Stortinget vert derimot òg utanlandske borgarar
som er registrerte som busette i Noreg, tekne med i utrekningsgrunnlaget.
Talet på utanlandske borgarar og fordelinga av dei mellom valdistrikta
påverkar slik mandatfordelinga mellom distrikta. Forslagsstillarane
meiner det er prinsipielt gale at personar utan røysterett ved stortingsval
påverkar mandatfordelinga mellom valdistrikta berre ved å vera busette
i Noreg. Forslagsstillarane meiner dette er ein demokratisk uheldig
inkonsekvens i Grunnlova som bør rettast opp uavhengig av synet
på kva følgjer opprettinga vil ha for mandatfordelinga.
Forslagsstillarane
meiner utrekningsgrunnlaget for mandatfordelinga til Stortinget
må vera den same gruppa som har røysterett ved stortingsval.
Forslagsstillarane
føreslår difor at § 57 i Grunnlova vert endra slik at utanlandske
borgarar ikkje skal reknast med ved mandatfordelinga til Stortinget.
Forslagsstillarane
fremmer følgande forslag:
Ǥ 57 femte ledd
skal lyda:
Talet på stortingsrepresentantar
som skal veljast frå kvart valdistrikt, blir utrekna på grunnlag
av høvet mellom talet på norske borgarar og flatevidda i distriktet
på den eine sida og talet på norske borgarar og flatevidda i heile
riket på den andre sida. I denne utrekninga gjev kvar borgar 1 poeng
og kvar kvadratkilometer 1,8 poeng. Utrekninga skal gjerast kvart
åttande år.
–
Det antall stortingsrepresentanter
som skal velges fra hvert valgdistrikt, beregnes på grunnlag av
forholdet mellom distriktets antall norske borgere og areal på den ene
siden og hele rikets antall norske borgere og areal på den andre
siden. I denne beregning gir hver borger 1 poeng og hver kvadratkilometer
1,8 poeng. Beregningen skal foretas hvert åttende år.»