Post
50 Tilskot
Departementet foreslår
å redusere løyvinga på kap. 480 post 50 med 59,45 mill. kroner.
Når det gjeld sjølve Svalbardbudsjettet, har departementet desse
forslaga:
Departementet foreslår
å redusere løyvinga på kap. 0006 Sysselmannens transportteneste,
post 1, med 1,0 mill. kroner. Utgiftene til å utvide seglingssesongen for
tenestefartøyet M/S «Polarsyssel» med éin månad i 2019 vart etter
forhandlingar 1,0 mill. kroner lågare enn det som vart løyvd i samband
med revidert nasjonalbudsjett 2019.
Departementet foreslår
å redusere kap. 0007 Tilfeldige utgifter, post 30 Skred- og bustadtiltak,
med 35,0 mill. kroner. Skredsikringstiltaka i Longyearbyen er forseinka
med eitt år, og utgiftene vil bli forskyvde tilsvarande. Sjå Prop.
1 S (2019–2020) Svalbardbudsjettet for fleire opplysningar.
Departementet foreslår
å redusere kap. 0019 Meteorologisk institutt – husleige Bjørnøya
og Hopen, post 1, med 600 000 kroner. Husleiga i 2019 blir 600 000 kroner lågare
enn budsjettert. Den forventa husleiga for 2019 er allereie fakturert
og avslutta.
Departementet foreslår
å redusere kap. 0022 Skattekontoret, post 1, med 650 000 kroner.
Skattekontoret på Svalbard ligg an til eit mindreforbruk på grunn
av ledige stillingar.
Departementet foreslår
å auke Svalbardbudsjettet kap. 3030 Skattar og avgifter, post 1,
med 22,2 mill. kroner. Departementet foreslår å redusere Svalbardbudsjettet
kap. 3035 Tilskot frå statsbudsjettet med 22,2 mill. kroner som
ei parallelljustering. Skattekontoret har oppjustert anslaga for
skatteinntektene på Svalbard med 22,2 mill. kroner samanlikna med
saldert budsjett.