Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Fredric Holen Bjørdal, Svein Roald Hansen, Ingrid Heggø, Åsunn Lyngedal og Rigmor Aasrud, frå Høgre, Elin Rodum Agdestein, leiaren Henrik Asheim, Mudassar Kapur, Vetle Wang Soleim og Aleksander Stokkebø, frå Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad, Bård Hoksrud og Jan Steinar Engeli Johansen, frå Senterpartiet, Sigbjørn Gjelsvik og Trygve Slagsvold Vedum, frå Sosialistisk Venstreparti, Solveig Skaugvoll Foss, frå Venstre, Abid Q. Raja, frå Kristeleg Folkeparti, Tore Storehaug, frå Miljøpartiet Dei Grøne, Une Bastholm, og frå Raudt, Bjørnar Moxnes, viser til at denne innstillinga berre gjeld samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd om forordning om endring av statistikkforordninga. Forslag til ny statistikklov i Prop. 72 LS (2018–2019) blir behandla i Innst. 342 L (2018–2019).

Komiteen viser til Prop. 72 LS (2018–2019) Samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning om forordning om endring av statistikkforordningen (S-delen).

Komiteen har lagd fram innstillingsutkastet for utanriks- og forsvarskomiteen, som i brev av 3. juni 2019 opplyste at den sluttar seg til finanskomiteen sitt utkast til innstilling, og har ingen ytterlegare merknader.

Komiteen viser til at det norske statistikksystemet i stor grad alt er integrert i EU sitt statistikksystem. Endringsforordninga har som hensikt å bidra til å styrke prinsippet om nasjonale statistikkbyrå sin faglege uavhengigheit og kan bidra til å styrke kvaliteten på europeisk og norsk statistikk. Komiteen støttar innlemming av statistikkforordninga i EØS-avtalen.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet er kritiske til at regjeringa føreslår å innlemme endå ei EU-forordning som inneber auka byråkrati, i dette tilfellet stipulert til minst 7–9 årsverk. Desse medlemene meiner at regjeringa ikkje maktar omsetje målet om redusert byråkrati til praktisk politikk, og at målet om å redusere byråkratiet i sak etter sak ser ut til å tape for andre omsyn.

Desse medlemene peiker elles på at god, nøytral og korrekt statistikk er heilt naudsynt for at eit moderne samfunn skal fungere. Å ha nasjonal kontroll over statistikkproduksjonen er såleis svært viktig. Sameleis er det essensielt at ein kan samarbeide med andre land, m.a. for å kunne produsere statistikk som kan samanliknast. Desse medlemene opplever at dagens samarbeid med m.a. europeiske land fungerer godt. Desse medlemene har vanskar med å skjøne at det å påleggje Statistisk sentralbyrå (SSB) omfattande rapporteringsoppgåver andsynes EU sine statistikkstyresmakter er i Noreg si interesse. Samstundes vil det vere i Noreg si interesse å kunne halde fram statistikksamarbeidet med europeiske land på relevante område.

Desse medlemene har etter ei heilskapsvurdering kome fram til at Senterpartiet kan støtte innlemminga av statistikkforordninga i EØS-avtalen, ut frå ei vurdering om at dette er betre enn å late vere, slik saka står no. Samstundes ynskjer desse medlemene å streke under at ein ikkje opplever at regjeringa har gjort gode avvegingar, t.d. relatert til byråkrati og rapporteringskrav, og at ein burde kunne få til meir omfattande EØS-tilpassingar. Desse medlemene meiner at Noreg på lengre sikt må arbeide for å få eit anna og meir målretta samarbeid med EU sine statistikkstyresmakter, som m.a. ikkje inneber unødvendig byråkrati.

Desse medlemene fremjar på denne bakgrunnen fylgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa gå gjennom Noreg sitt samarbeid med EU på statistikkområdet og føreslå byråkratireduserande tiltak innanfor dagens regelverk.»

«Stortinget ber regjeringa gå gjennom Noreg sitt samarbeid med EU på statistikkområdet og føreslå endringar i dagens regelverk, herunder avtalar med EU, for å redusere byråkrati.»

Desse medlemene viser elles til eigne merknader i Innst. 342 L (2018–2019), som tek føre seg lovdelen av Prop. 72 LS (2018–2019).