Innstilling fra finanskomiteen om Rapport fra Norges Banks representantskap for 2018

Dette dokument

Søk
Til Stortinget

Sammendrag og hovedkonklusjon

Sammendrag av rapporten

Etter Grunnlova § 33 er Noregs Bank sentralbanken i landet. Verksemda er regulert i lov av 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet mv. (sentralbanklova). Noregs Bank er eit eige rettssubjekt, eigd av staten.

Hovudstyret har den utøvande og rådgivande makta etter sentralbanklova. Som sentralbank og forvaltar av Statens pensjonsfond utland (SPU) er institusjonen gitt stor tillit. Hovudstyret leier verksemda og forvaltar midlane til sentralbanken.

Etter grunnlova § 75c skal Stortinget «føre oppsyn med pengestellet i riket». Denne oppgåva blir mellom anna teken hand om gjennom representantskapet i Noregs Bank, som er valt av Stortinget og er samansett av 15 medlemmer og 2 møtande varamedlemmer. Tilsynsrolla til representantskapet er heimla i sentralbanklova. Tilsyns- og kontrollorganet har eit overordna ansvar for å føre tilsyn med korleis Noregs Bank blir driven, og om dei formelle rammene blir etterlevde. Kvart år vedtek representantskapet budsjettet for Noregs Bank og fastset årsrekneskapen.

Ifølgje sentralbanklova § 30 skal representantskapet «minst én gang årlig legge fram for Stortinget sin uttalelse om hovedstyrets protokoller og tilsynet med banken, jf. § 5, fjerde ledd femte punktum». I dette dokumentet gir representantskapet ein fullstendig rapport om tilsynet med Noregs Bank og gjennomføringa av ansvaret og oppgåvene som representantskapet har etter lova. Fråsegna og gjennomføringa av tilsynet er beskrivne i denne rapporten. Prioriteringar, avgjerder og organisering av arbeidet er òg omtalt.

Regjeringa har i 2018 lagd fram Meld. St. 7 (2018–2019) Om ny sentralbanklov. For representantskapet har det vore positivt å følgje prosessen i lovarbeidet. Sentrale spørsmål for Noregs Bank om mandat og formål, styring, oppgåver og organisering er avklarte. Fleire vesentlege avklaringar er no gjorde: Det er etablert ein fagkomité for pengepolitikk og finansiell stabilitet, representantskapet skal framleis vere det øvste tilsyns- og kontrollorganet, og forvaltinga av Statens pensjonsfond utland skal vere ei oppgåve som er organisert i Noregs Bank.

Signala frå regjeringsbehandlinga av den kommande lovendringa har mykje å seie for det vidare arbeidet til representantskapet. Stortinget nemner opp medlemmene, som har brei samfunnserfaring. Ein legg vekt på kompetansen til representantskapet og evna til å forstå oppgåvene til sentralbanken. Utvikling av arbeidsprosessar og metodar for å gjennomføre eit godt tilsyn er svært viktig.

Ut frå rolla si er medlemmene i representantskapet merksame på tema i den offentlege debatten som gjeld dei forholda representantskapet skal ha tilsyn med. Tilsynet føreset god kunnskap om Noregs Bank med tanke på verksemd, organisering og rammeverk for styring og kontroll. Det er eit mål for representantskapet å sikre det demokratiske innsynet i og den uavhengige kontrollen med verksemda til Noregs Bank. Det skal vere ei brei oppfatning i Stortinget at representantskapet utøver eit kvalifisert og effektivt tilsyn med Noregs Bank i tråd med sentralbanklova og forventingane til Stortinget.

Representantskapet ønskjer ein open og tydeleg dialog om arbeidet sitt i kommunikasjonen med hovudstyret og leiinga i Noregs Bank, Finansdepartementet, Stortinget, Riksrevisjonen og andre relevante kontroll- og tilsynsorgan.

Rapporten baserer seg på risikovurderingar og observasjonar gjennom året. Eit viktig grunnlag for konklusjonane i tilsynsarbeidet er gjennomgangen av protokollar og dokument som er sende frå hovudstyret, og utgreiingar frå sentralbanksjefen i møta. Måla for tilsynet blir fastsette i langsiktige plandokument og årlege tilsynsplanar.

Gjennom året blir det utført kontinuerleg tilsyn med verksemda til Noregs Bank i representantskapsmøta. Ein følgjer nøye med på at reglane for verksemda blir følgde, at det er etablert tilfredsstillande rutinar for styring av og kontroll med bankverksemda, og at hovudstyret har formålstenlege rutinar og prosessar når det kjem fram til avgjerder og råd. Tryggleiksstyring, beredskapsplanlegging og handtering av kriser innanfor fysisk tryggleik og IT-tryggleik i Noregs Bank har høg prioritet og blir følgd gjennomgåande i tilsynet. Ein følgjer nøye med på IT-utviklinga og endringsprosessane i organisasjonen gjennom verksemdsrapportering og budsjettdokument.

Representantskapet behandlar rapportar frå tilsynssekretariatet om gjennomgangar og vurderingar av Noregs Bank. I 2018 er det lagt fram fem rapportar i tråd med godkjende planar. To rapportar som dekkjer heile Noregs Bank, omfattar handtering av kriser og beredskap, inkludert fysisk tryggleik, og styring av og kontroll med IT-tryggleik. Innanfor kapitalforvaltinga har to gjennomgangar handla om ansvarleg forvaltingsverksemd. Det har vore vurdert i kva grad Noregs Bank etterlever OECD-retningslinjene for fleirnasjonale selskap, og korleis ein har handtert utestengingar og observasjonar av selskap i SPU. Ein har òg sett på resultatoppfølging ved mandatendringar. I tilsynsgjennomgangane er det ikkje gjort funn som har medført rapportering til hovudstyret med tilrådingar om strakstiltak.

Representantskapet har behandla brev frå hovudstyret om tilsynsrapportar og er nøgd med svara, som òg inneheld tiltak for oppfølging av konklusjonar og tilrådingar. Det er ingen uteståande oppfølgingspunkt.

I tilsynsgjennomgangar i 2018 er det peikt på behovet for klar kommunikasjon og rapportering av avgjerder, resultat og risiko. Representantskapet registrerer at hovudstyret i det mest vesentlege er einig i at rapporteringa på enkelte område bør vidareutviklast. Rapportering skal oppfylle styringsformål, dekkje kontrollbehov og sikre openheit om verksemda i Noregs Bank. Representantskapet har vedteke ein tilsynsplan for 2019 som inkluderer eigne tilsynsgjennomgangar på områda intern og ekstern rapportering.

Representantskapet har merka seg at hovudstyret har gitt uttrykk for at erfaringane med dei ulike investeringsstrategiane i forvaltinga av SPU vil vere ein viktig del av grunnlaget for arbeidet i hovudstyret med neste strategiplan, som skal gjelde frå 2020. Representantskapet er samtidig oppteke av at SPU skal forvaltast med eit langsiktig perspektiv, og følgjer med på endringar i mandat og investeringsstrategiar.

Representantskapet følgjer kostnadsstyringa frå hovudstyret målt mot forventingane Stortinget og Finansdepartementet har gitt uttrykk for. Det blir rekna som positivt at relevante kostnadssamanlikningar aktivt er tekne med i budsjettprosessen. Endringar i strategiar for verksemda blir òg følgde kontinuerleg gjennom tilsynet. Under behandlinga av budsjettet for 2019 la representantskapet mellom anna merke til omfattande tiltak for å sikre at IT-systema til Noregs Bank støttar opp om ei sikker og kostnadseffektiv drift. I lys av dette er ein i gang med større strategiske satsingar i begge verksemdsområda som skal vidareførast i 2019. Satsingane omfattar òg vidareutvikling og styrking av IT-tryggleik.

Hovudkonklusjon

Denne rapporten er den samla fråsegna til representantskapet og omhandlar tilsynet med Noregs Bank og andre oppgåver representantskapet har hatt gjennom året.

Representantskapet i Noregs Bank har gått gjennom protokollane frå hovudstyret for 2018. Under behandlinga er det reist spørsmål til enkeltsaker, og sentralbanksjefen har gitt utdjupande utgreiingar til problemstillingane. Representantskapet har fått alle opplysningane det har bedt om. Det er ikkje avdekt forhold gjennom tilsynet som gir grunnlag for særskilde merknader etter sentralbanklova, og representantskapet har i protokollføringa ikkje hatt merknader til protokollane til hovudstyret.

I tilsynet med drifta av Noregs Bank og med at reglane for bankverksemda blir følgde, er det gjennom året ikkje avdekt brot på sentralbanklova, forskrifter, mandat eller andre rammer for verksemda til Noregs Bank, inkludert forvaltinga av Statens pensjonsfond utland.

Representantskapet meiner at hovudstyret i 2018 har utøvd styring av og kontroll med verksemda til Noregs Bank i samsvar med krava i lov om Norges Bank, forskrift om risikostyring og internkontroll i Norges Bank og mandat for forvaltinga av Statens pensjonsfond utland. Representantskapet har teke den samla vurderinga frå hovudstyret om internkontrollen og risikosituasjonen i Noregs Bank til etterretning og meiner at det er etablert prosessar og rapportering som oppfyller dei fastsette krava.

Representantskapet har fastsett årsrekneskapen for Noregs Bank for 2018 og vedteke budsjett for banken for 2019. I representantskapet er ein oppteken av at Noregs Bank er ei offentleg verksemd, og at hovudstyret finn løysingar som tek omsyn til den samla ressursbruken til Noregs Bank på ein kostnadseffektiv og forsvarleg måte.

Ved behandlinga av årsrekneskapen for Noregs Bank og rapporteringa om SPU-forvaltinga merka representantskapet seg hovudstyret sin omtale av verksemda til Noregs Bank og resultatoppnåinga. Representantskapet meiner at årsmeldinga til hovudstyret og årsrekneskapen til Noregs Bank gir god og dekkjande informasjon om verksemda. Frå overføringsfondet til Noregs Bank får statskassen tilført 14,8 mrd. kroner for 2018.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fredric Holen Bjørdal, Svein Roald Hansen, Ingrid Heggø, Åsunn Lyngedal og Rigmor Aasrud, fra Høyre, Elin Rodum Agdestein, lederen Henrik Asheim, Mudassar Kapur, Vetle Wang Soleim og Aleksander Stokkebø, fra Fremskrittspartiet, Sivert Bjørnstad, Bård Hoksrud og Jan Steinar Engeli Johansen, fra Senterpartiet, Sigbjørn Gjelsvik og Trygve Slagsvold Vedum, fra Sosialistisk Venstreparti, Kari Elisabeth Kaski, fra Venstre, Abid Q. Raja, fra Kristelig Folkeparti, Tore Storehaug, fra Miljøpartiet De Grønne, Kristoffer Robin Haug, og fra Rødt, Bjørnar Moxnes, tar rapporten til orientering.

Komiteen viser til at Stortinget i desse dagar behandlar eit framlegg til ny sentralbanklov der representantskapet si rolle vert styrkt.

Komiteen er opptekne av at representantskapet i tråd med dette gjer ei kritisk vurdering av eigen arbeidspraksis og ser til at denne er i tråd med målet om god og effektiv folkevald kontroll av verksemda Noregs Bank utfører på vegner av landet og folket. Det er viktig at tilsynet held eit høgt nivå og er kritisk, granskande og relevant. Komiteen peiker på at Grunnlova § 75 bokstav c tydeleg streker under Stortinget si viktige rolle overfor Noregs Bank. Representantskapet si verksemd må sjåast i ljos av dette.

Komiteen oppmodar særskilt om at ein vurderer om dagens rapport frå representantskapet til Stortinget har ei form og eit innhald som gjer at den er relevant for Stortinget og legg til rette for folkevald kontroll av Noregs Bank si verksemd. Komiteen peiker på at rapporten er lang, formalistisk og prega av standardformuleringar og avsnitt som i hovudsak er identiske frå år til år. Komiteen ber representantskapet vurdere om ein kortare og meir problemfokusert rapport kan vere meir tenleg. Ein slik rapport kunne også hatt større interesse hjå ålmenta, som er Noregs Bank sine eigentlege eigarar og oppdragsgjevarar.

Komiteen vil elles gjerne sjå at representantskapet og finanskomiteen kan kome saman for å drøfte aktuelle problemstillingar og ha ein dialog om representantskapet si verksemd.

Komiteen er opptekne av at regjeringa og Stortinget samrøystes har gått inn for at representantskapet skal oppretthaldast. Det er essensielt at representantskapet vert sikra gode arbeidsvilkår for å kunne utføre samfunnsoppdraget sitt. I dette ligg tilgang til informasjon og at representantskapet sitt sjølvstende skal sikrast.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne peiker på at dagens organisering, der representantskapet sitt sekretariat (tilsynssekretariatet) held til i Noregs Bank sine lokale, ikkje står fram som ei god løysing på lengre sikt med tanke på behovet for sjølvstende. Desse medlemene meiner at det ut frå ei slik vurdering vil vere ein styrke om tilsynssekretariatet får lokale utanfor Noregs Bank. Desse medlemene ber representantskapet vurdere dette nøyare i ljos av den styrkte rolla representantskapet no får.

Desse medlemene peiker elles på at Noregs Bank formelt ikkje er underlagd lov om målbruk i offentleg teneste (mållova). Desse medlemene viser til at Noregs Bank likevel skal fylgje mållova, og at representantskapet kan føre tilsyn med dette.

Desse medlemene viser til at representantskapet – i kraft av å vere kontroll- og tilsynsorganet til Stortinget i sentralbanken – skal føre direkte tilsyn med alle delar av verksemda. Desse medlemene meiner økonomistyringa i banken og det som står fram som ein betydeleg og aukande pengebruk, er noko representantskapet kunne undersøkje nærmare det neste året.

Desse medlemene viser til at representantskapet utfører eit viktig arbeid på vegner av Stortinget og det norske folket.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til rapporten og råder Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Dokument 9 (2018–2019) – Rapport fra Norges Banks representantskap for 2018 – vedlegges protokollen.

Oslo, i finanskomiteen, den 28. mai 2019

Henrik Asheim

leder og ordfører