Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Arild Grande, Eigil Knutsen, Anne Sandum og Hadia Tajik, fra Høyre,
Margret Hagerup, Heidi Nordby Lunde og Kristian Tonning Riise, fra
Fremskrittspartiet, Helge André Njåstad og lederen Erlend Wiborg,
fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Sosialistisk Venstreparti, Solfrid
Lerbrekk, fra Venstre, Terje Breivik, og fra Kristelig Folkeparti,
Geir Sigbjørn Toskedal, viser til at arbeidslivet skal være
trygt og seriøst og fremme helse, miljø og sikkerhet.
Komiteen viser til at ordningen
med HMS-kort gjelder i bygge- og anleggsbransjen og renholdsbransjen
og trådte i kraft henholdsvis 1. januar 2008 og 1. september 2012.
I begge bransjer gjelder det krav om at alle arbeidstakere og selvstendige
oppdragstakere skal bære HMS-kort.
Komiteen viser til at hovedformålet
med ordningen er å ivareta helse, arbeidsmiljø og sikkerhet på arbeidsplassen.
HMS-kort skal bidra til å gi bedre oversikt over aktørene og bedre
kontroll med HMS-forholdene. Komiteen viser videre til at
HMS-kortene skal gjøre det lettere for tilsynsmyndighetene å identifisere
arbeidstakere og virksomheter, og gjennom dette bedre mulighetene
for å rette tilsynet dit behovet for kontroll er størst.
Komiteen viser til at tilsynsmyndighetene
har fått utvidet hjemmel til å inndra ugyldige HMS-kort, samtidig
med at det ble innført sanntidskontroll for flere med HMS-ansvar.
Komiteen anser det som viktig
at HMS-kortene fungerer etter hensikten, og at de effektivt kan
sørge for bedre sikkerhet og kontroll på bygge- og anleggsplassene.
Komiteens flertall,
medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti,
viser til at regjeringen allerede har styrket ordningen med HMS-kort
gjennom flere tiltak. Løsningen med sanntidskontroll ble forskriftsfestet
og etablert i 2016. Ordningen gir HMS-aktører som byggherre, verneombud
og andre lokale aktører adgang til å sjekke gyldigheten av HMS-kort.
Den samme tilgangen gjelder for tilsynsmyndighetene. Dagens løsning
innebærer en sanntidskontroll-løsning hvor aktørene får opplyst
om HMS-kortet er aktivt og om virksomheten fortsatt oppfyller registreringskravene.
Flertallet viser videre til
at Arbeidstilsynet har intensivert kontrollen med HMS-kort. Ved
brudd på regelverket kan tilsynet benytte pålegg, tvangsmulkt eller overtredelsesgebyr.
Overtredelse av forskriften er også straffbart etter arbeidsmiljøloven. Flertallet fremhever
at Arbeidstilsynet i perioden 2015–2019 har fattet 294 vedtak om
overtredelsesgebyr for brudd på forskrift om HMS-kort på bygge-
og anleggsplasser, og levert 14 politianmeldelser for brudd på regelverket.
Flertallet vil understreke
viktigheten av å gjøre HMS-kortordningen bedre og tryggere for både
arbeidsgivere og arbeidstakere, slik at det også i fremtiden kan være
et effektivt tiltak for bekjempe arbeidslivskriminalitet og useriøse
aktører.
Flertallet viser til en rekke
utfordringer med dagens HMS-kortløsning. Sanntidskontroll-løsningen oppleves
ikke som reell, ettersom gyldigheten må kontrolleres på eget nettsted
og det kan ta tid å oppdatere data mellom HMS-kortordningen og andre
offentlige registre. Kortene er dessuten lette å forfalske, ugyldige kort
kan benyttes, og det er utfordringer knyttet til at HMS-kortene
benyttes som ID-kort.
Flertallet vil på denne bakgrunn
understreke viktigheten av at HMS-kortene er funksjonelle og virker etter
hensikten. Flertallet har
derfor konkludert med at kortene må kunne benyttes i reell sanntid,
og at gyldigheten automatisk må kunne kontrolleres når arbeidstaker
ankommer arbeidsplassen, ved elektronisk avlesning. Flertallet mener
det er viktig å hindre at kort benyttes av andre enn den de er utstedt
til. Kortene må derfor inneholde synlig bilde, navn og fødselsdato. Det
er avgjørende at kortene kan knyttes til riktig arbeidstaker.
Flertallet mener videre at
kortet kun skal inneholde informasjon som er nødvendig for å finne
ut om arbeidstakeren er lovlig på arbeidsplassen. Det er viktig å
ivareta personvernet, samt sikre at det kun er arbeidsgiver, byggherre,
byggherres representant, verneombud, regionale verneombud, HMS-koordinator
(etter byggherreforskriften), bedriften med ansvar for samordning
av vernetiltak (etter arbeidsmiljøloven § 2-2), tilsynsmyndighetene
og offentlige instanser som skal ha tilgang til informasjonen bak
kortet. Flertallet ser frem
til at regjeringen får dette på plass snarest mulig, og senest sommeren
2020.
Representantforslaget
tar videre til orde for et nasjonalt kvalifikasjonsregister. Flertallet ser
ikke nødvendigheten av dette og understreker at det prinsipielt er
arbeidsgivers ansvar å ansette kvalifiserte arbeidstakere til oppgavene
som skal utføres, og den enkelte arbeiders ansvar å fremlegge kvalifikasjonene.
Representantforslaget
tar også opp problemstillingen knyttet til arbeidstakere med flere
kort, eller ugyldige kort. Flertallet vil påpeke at utfordringene
knyttet til falske og ugyldige HMS-kort vil bli avhjulpet ved elektronisk
avlesning av kortene på arbeidsplassen.
Flertallet tilrår på bakgrunn
av disse momentene at representantforslaget ikke vedtas.
Medlemene i komiteen
frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser
til at statsråden i si vurdering av representantforslaget informerer
om at det er grunn til å sjå nærare på HMS-kortordninga, og at statsråden
vil ta initiativ til dette. Desse medlemene meiner dette er
positivt, samstundes som det hastar med å få på plass ei ny, heilskapleg
HMS-kortordning for bygge- og anleggsarbeidsplassar som viser informasjon
i sanntid og som kan kontrollerast av offentlege tilsynsstyresmakter for
å hindra arbeidslivskriminalitet og sosial dumping.
Medlemene i komiteen
frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at
det er ei rekkje problem med dagens HMS-kortordning:
-
Korta blir brukte
som ID.
-
Korta vert lett forfalska.
-
Det tek for lang
tid å få utferda korta.
-
Ein kan arbeida medan
korta vert utferda.
-
Arbeidsgjevar trekkjer
ikkje inn kortet etter fullført oppdrag.
Medlemene i komiteen
frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser
til at kortet ikkje inneheld informasjon i sanntid som kan lesast
av elektronisk med føremål å motarbeida arbeidslivskriminalitet,
inkludert sosial dumping. Desse medlemene meiner dette
er grunnleggjande svakheiter med HMS-kortordninga som snarast må
utbetrast.
Desse medlemene vil difor understreka
at tida er overmoden for høgst naudsynte forbetringar av HMS-kortet
for bygge- og anleggsarbeidsplassar. For det fyrste må det gjerast
endringar for å redusera misbruk av kortet. Desse medlemene viser til det
skriftlege høyringsinnspelet frå arbeidsgjevarforeininga Byggenæringens
Landsforening (BNL). BNL peikar på at det må etablerast ein funksjon
i HMS-kortet som sikrar at ein ved elektronisk avlesing av kortet
på bygge- og anleggsarbeidsplassar automatisk får kontrollert at
kortet ikkje er meldt sperra eller tapt, at verksemda framleis er registrert
i registra, og at personen framleis er registrert som tilknytt verksemda
med eit gyldig tilsettingsforhold. Desse medlemene meiner til
liks med BNL at det må vera teknisk ukomplisert å etablera ein slik
funksjon i kortet. Ein slik funksjon vil vera eit effektivt tiltak for
å forenkla og forbetra det offentlege sitt kontroll- og tilsynsarbeid.
Desse medlemene meiner vidare
til liks med BNL at det hastar med å kopla HMS-kortet mot innrapporterte
opplysingar etter A-ordninga. Desse medlemene meiner det
er komplett uforståeleg at det offentlege enno ikkje har etablert
ei kopling mellom HMS-kortet og tilgjengelege opplysingar i offentlege
register rapportert etter A-ordninga, då dette vil sikra ein langt
meir effektiv og treffsikker kontroll av løns- og arbeidsvilkår
av personell på bygge- og anleggsarbeidsplassar samanlikna med dagens
manuelle påsjåplikt. Desse
medlemene vil understreka at dette tiltaketvil vera til stor
fordel for det offentlege, samstundes som tiltaket vil vera til
gagn for seriøse føretak innan bygge- og anleggsarbeidsbransjen.
Arbeidstakarar på bygge- og anleggsarbeidsplassar vil òg sjå verdien
av dette.
Vidare er det ein
føresetnad for avlesing av sanntidsinformasjon at HMS-kortet følgjer
personen – ikkje arbeidsgjevaren. Kvar person skal berre ha eitt
HMS-kort. I dag vert det utferda nytt kort for kvar ny arbeidsgjevar.
Dette inneber unaudsynt meirarbeid, unaudsynte meirkostnader og
svekkjer samstundes kontrollarbeidet. HMS-kortet må visa både hovudarbeidsgjevar og
eventuelle biarbeidsgjevarar. Ved registrering av HMS-kort, tinging
av HMS-kort og ved endring av arbeidsforhold må arbeidsforhold kontrollerast
mot Aa-registeret. All informasjon registrert på kortet må vera
i sann tid, dvs. at denne informasjonen vert oppdatert kvart døger.
All informasjon på kortet ut over personen sitt namn, fødselsdato,
arbeidsgjevar og organisasjonsnummer bør bli lagt i QR-koden til
kortet, slik at denne informasjonen berre er tilgjengeleg for kontrollpersonell
og anna autorisert personell.
Desse medlemene viser til at
sidan HMS-kortet inneheld både bilete, namn og signatur, vert dette
i praksis rekna som ei form for ID-kort, og slik utsett for eit
betydeleg misbruk gjennom til dømes utlån og forfalsking. Misbruk
av kort skjer òg ved at arbeidstakar berre viser kvittering på at
søknad om HMS-kort er sendt inn. Difor meiner desse medlemene HMS-kortet
som eit ID-kort må tonast ned ved at signatur vert fjerna. Ei kvar
validering av kortet må skje gjennom elektronisk avlesing. På bygge-
og anleggsarbeidsplassar med kortlesar vil då personar utan gyldig
HMS-kort bli avviste.
Desse medlemene byrjar å bli
mektig lei av fin prat om arbeidet for å motarbeida arbeidslivskriminalitet
inkludert sosial dumping samstundes som lågthengande frukter ikkje
vert plukka ned. Ein føresetnad for effektivt kontroll- og tilsynsarbeid
er at det offentlege i sanntid ved hjelp av teknologi gjer bruk
av innrapporterte opplysingar.
Desse medlemene meiner HMS-kortet
for bygge- og anleggsarbeidsplassar skal omfatta alle som arbeider
i bygge- og anleggsnæringa, uavhengig av om ein har sin arbeidsplass
på ein bygge- og anleggsarbeidsplass eller på eit kontor eller i
transport, i reinhald eller andre oppgåver eller fag.
Desse medlemene vil til slutt
visa til at HMS-kortet må innehalda kvalifikasjonar (utdanning)
som følgjer av plan- og bygningslova, og dette må koplast til eksisterande
Nasjonal vitnemålsdatabase. I fyrste omgang bør formell utdanning
og realkompetanse koma fram av registeret. Desse medlemene viser her elles til
representantforslaget og til det skriftlege høyringsinnspelet frå
BNL.
Desse medlemene set på denne
bakgrunn fram følgjande forslag:
«Stortinget
bed regjeringa snarast leggja fram sak om at det for bygge- og anleggsarbeidsplassar
må utferdast berre eitt HMS-kort med offentleg kontrollert identitet
til alle sjølvstendig næringsdrivande og lønstakarar, som viser
hovudarbeidsgjevar og vedkomande si utdanning. Kortet skal registrerast
i ein sentral offentleg database og skal gje offentlege kontrollstyresmakter høve
til å kopla informasjon til andre offentlege register i sanntid,
jf. tilgjenge etter norsk lov.»