«Stortinget ber
regjeringen fremme sak for Stortinget om en ordning som sikrer elever
på 1.–10. trinn minst én time fysisk aktivitet hver dag innenfor
dagens timetall.»
Kunnskapsdepartementet
uttaler i brev 15. januar 2019:
«I Prop. 1 S (2018–2019)
for Kunnskapsdepartementet fremgår følgende om Kunnskapsdepartementets
oppfølging:
‘Fysisk aktivitet
er viktig for barn og unge, både frå eit helseperspektiv og eit
utdanningsperspektiv. Departementet strekar under at skolane og
lærarane i dag står fritt til å ta i bruk fysisk aktivitet som ein
del av undervisninga og skolekvardagen. Verken læreplanane eller kompetansemåla
legg i seg sjølve hindringar for dette. Det må likevel skje innanfor
rammene av det fastsette timetalet til dei respektive faga, og må
ikkje få negative konsekvensar for det faglege læringsutbyttet.
Det finst fleire døme på kommunar og skolar som prioriterer fysisk
aktivitet som ein sentral del av skolekvardagen, men det ligg så
langt ikkje føre ei samla evaluering av dette. Det er ein av grunnane
til at Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet
samarbeider om eit forskingsprosjekt som skal gi oss kunnskap om
tenleg bruk av fysisk aktivitet på ungdomstrinnet. Forskinga skal
blant anna gi kunnskap om korleis vi best treff denne elevgruppa,
som både er mindre fysisk aktive enn dei yngre elevane og har lengre
skoledagar.
I skolen er all
regulert tid satt av til opplæring i fag, og all opplæring i fag
skal vere etter læreplanane. Fag- og timefordelinga slår fast at
elevane har rett til eit samla minstetimetal i faga. Tid til friminutt,
matpausar og liknande blir bestemt lokalt. Alle elevar har i gjennomsnitt
70 timer kroppsøving kvart år. Elevar på 5.–7. trinn skal dessutan
jamleg ha fysisk aktivitet utanom kroppsøvingsfaget, jf. forskrift
til opplæringslova § 1-1a. Til saman skal dette utgjere 76 timer
innanfor desse trinna. Skolane skal sette av eigne timar til denne
aktiviteten i tillegg til dei timetala som er sette for faga, men
det følger ikkje med ein læreplan med kompetansemål for desse timene.
Departementet tolker
ordlyden «innenfor dagens timetall» slik at fysisk aktivitet skal
integrerast i opplæringa i skolefaga. Det vil i realiteten innebere
eit statleg påbod som set grenser for skolane og lærarane sine metodeval
for å nå kompetansemåla i ein stor del av undervisninga. Det er
svært viktig at skolane og lærarane har ansvar og fridom til å velge
metoder i undervisninga som eignar seg og som er tilpassa behova
elevane har og lokale føresetnader. Tilpassa opplæring er ein sentral
del av lærarpraksisen. Tilpassa opplæring krev kunnskap om korleis
elevar lærer og kva dei kan frå før, og tett oppfølging av kvar
einskild elev er ein føresetnad. Eit krav om at fysisk aktivitet
skal brukast som metode gjer at lærarane ikkje får det pedagogiske
handlingsrommet dei treng til å tilpasse læringsaktivitetane til
behova den einskilde eleven har. Dersom fysisk aktivitet blir brukt
som metode uavhengig av om det er tenleg eller ikkje, kan det få
utilsikta konsekvensar, som mindre motivasjon og læring. Det er
heller ikkje gitt at eit rigid nasjonalt pålegg om fysisk aktivitet
i skolen gir betre fysisk og psykisk helse i befolkninga.
Det vil vere eit
svært stort inngrep i den praksisen som går føre seg i skolen og
i klasserommet å kreve at alle skolar, på alle trinn i opplæringsløpet,
skal ha 60 minutt fysisk aktivitet kvar einaste dag innanfor dei ordinære
timane. Departementet meiner at vedtaket slik det ligg føre er krevjande
med omsyn til lærarane si profesjonsutøving, og også med omsyn til
det myndet skolane og kommunane har til å organisere skolekvardagen
og undervisninga innanfor rammene av regelverket, medrekna læreplanverket,
og tilpasse organiseringa til lokale tilhøve.
Det er brei einigheit
om at skolen skal vere eit profesjonsfagleg fellesskap der lærarar,
leiarar og andre tilsette vidareutviklar praksisen sin, jamfør Overordnet del
– verdier og prinsipper for grunnopplæringen. I samband med behandlinga
av Meld. St. 28 (2016–2017) fatta Stortinget dette vedtaket:
«Stortinget ber
regjeringen sikre at det er lærernes ansvar og faglige skjønn som
skal avgjøre hvilke metoder og virkemidler som skal tas i bruk i
undervisningen for å nå kompetansemål og oppfylle skolens generelle samfunnsmandat».
Vedtaket ligg til
grunn for den fornyinga av faga som held på, og det ligg også til
grunn for dei overordna styringspremissa for skolen.
I tillegg vil departementet
vise til oppmodingsvedtaka nr. 883, 884, 885 og 886, 11. juni 2018,
som Stortinget gjorde i samband med behandlinga av representantforslaget
om tillit i skolen, jf. Dok 8:194 S (2017–2018) og Innst. 378 S
(2017–2018). Her står det blant anna at Stortinget ber regjeringa
sørge for å ta i vare det profesjonelle handlingsrommet for lærarprofesjonen
i arbeidet med fagfornyinga og revideringa av opplæringslova, dette
i tråd med Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen.
Departementet meiner at vedtaket om fysisk aktivitet høver dårleg
med desse oppmodingsvedtaka.
Ei forskriftsfesting
av ei ny obligatorisk ordning med fysisk aktivitet for heile grunnskolen
vil kreve at forskrifta gir rom for fleksibilitet og ikkje rammer
den pedagogiske handlefridomen som må til for å kunne oppfylle kompetansemåla
i læreplanverket. Det kan berre vere tillatt å bruke obligatoriske
timar til fag til fysisk aktivitet så langt dette kan gjennomførast
utan negative konsekvensar for måloppnåinga i det aktuelle faget.
Ei eventuell obligatorisk ordning med fysisk aktivitet bør opne
for at dei allereie pålagde timane til kroppsøving og fysisk aktivitet
kan reknast med. Vidare bør ei eventuell ordning ikkje pålegge skolane
å ha 60 minutt fysisk aktivitet kvar einaste dag. Eit slik pålegg kan
gjere det vanskeleg for skolane å prioritere heldagsopplegg, som
for eksempel aktivitets- og friluftsdagar.
Sjølv med dei tilpassingane
som er gjort greie for, meiner departementet at ei regulering vil
ha klare negative sider, som kan sette både skolen og lærarane i
ein vanskeleg situasjon. Departementet meiner at rettsleg bindande
detaljstyring av bruk av fysisk aktivitet, utan økonomiske løyvinger,
kompetanseheving eller auka tidsramme, er uheldig og vil kunne ha
negative konsekvensar for læringa og trivselen til elevane.
Slik det kjem fram
i stortingsvedtaket, skal kravet om fysisk aktivitet gjennomførast
«innenfor dagens timetall». Ein følgje av dette er at skolane ikkje
blir kompenserte økonomisk for alle ressursane og all tida som blir
brukt til dette, slik dei for eksempel blei da fysisk aktivitet
blei innført på 5.–7. trinn. Same korleis skolane vel å oppfylle
eit slikt krav, vil det kreve mykje ressursar å legge til rette
for, skaffe kompetanse og leie aktivitet på ti skoletrinn i 60 minutt
kvar einaste dag. Ressursbruken kan bli illustrert ved å ta utgangspunkt
i dei ressursane som i dag går til fysisk aktivitet på 5.–7. trinn:
Med utgangspunkt
i tal for skoleåret 2016–2017 er kostnaden ved éin veketime aktivitetstilbod
med lærarløn utan for- og etterarbeid på eitt av trinna på barnetrinnet
rekna til om lag 95 mill. kroner i heilårseffekt. Dersom det også
skulle kompenserast for for- og etterarbeid, vil kostnaden vere
om lag 215 mill. kroner i heilårseffekt.
For ungdomstrinnet
vil éin veketime utan for- og etterarbeid på eitt av trinna ha ein
kostnad på om lag 85 mill. kroner i heilårseffekt. Dersom det skal
kompenserast for for- og etterarbeid, vil kostnaden vere om lag
215 mill. kroner i heilårseffekt.
Dersom vi skulle
lagt til éin time fysisk aktivitet/kroppsøving kvar dag på barnetrinnet,
vil det utgjere 35 veketimar totalt (5 timar i veka per trinn for
7 trinn). Frårekna dagens veketimar til kroppsøving og fysisk aktivitet
(14,5), svarar det til 20,5 nye veketimar. På ungdomstrinnet vil
éin time fysisk aktivitet kvar dag utgjere 15 veketimar totalt (5
timar i veka per trinn for 3 trinn). Frårekna dagens veketimar til
kroppsøving (6), svarar det til 9 nye veketimar.
Den samla kostnaden
utan for- og etterarbeid er om lag 2,7 mrd. kroner i heilårseffekt.
Med for- og etterarbeid er kostnaden om lag 6,3 mrd. kroner i heilårseffekt. Desse
overslaga tar ikkje høgde for dei nye krava til lærartettleik i
grunnskolen. Innføringa av ei slik plikt vil pålegge skolane ei
arbeidsmengd som svarar til ein verdi på minst 2,7 milliardar kroner,
utan at dei blir kompenserte for noko.
På denne bakgrunnen
vil departementet ikkje tilrå at det blir innført ei ny obligatorisk
ordning i skolen med fysisk aktivitet. Departementet tilrår at det
framover heller blir satsa på frivillige tiltak, erfaringsspreiing, dokumentasjon
og forsvarleg evaluering av det som skjer ute i skolen. Her viser
vi for øvrig til at Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet
har fått i oppdrag å samle og systematisere erfaringar slik at desse
blir tilgjengelege for heile skole-Noreg. Dersom det kan dokumenterast
gode effektar av denne type tiltak som klart er større enn eventuelle
negative effektar, er det all grunn til å tru at slike tiltak vil
bli meir og meir vanlege. I denne samanhengen vil det også vere
mogleg å satse på statlege stimuleringstiltak. Departementet meiner elles
at det er viktig å vurdere andre sider ved skolekvardagen til elevane
som gjer at det bli unødig lite fysisk aktivitet, for eksempel i
friminutta. Om kort tid vil departementet motta resultata frå effektforskingsprosjektet
med fysisk aktivitet på ungdomstrinnet. Det vil i den samanhengen
vere naturleg å vurdere nye tiltak for auka fysisk aktivitet i skolen.’
I Innst. 12 S (2018–2019)
mener komiteen at regjeringen i sitt videre arbeid må ivareta at
skolene får tilgang til undervisningsressurser og kompetanse som muliggjør
at alle skoler på enkelt vis kan nå målet om én times fysisk aktivitet.
Komiteen ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte
med status i dette arbeidet.
Kunnskapsdepartementet
vil komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»