Innstilling fra næringskomiteen om Noregs fiskeriavtalar for 2019 og fisket etter avtalane i 2017 og 2018

Dette dokument

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Hovudinnhaldet i meldinga

Noreg er ein havnasjon med rike fiskeressursar. Dei store mengdene fisk i norske farvatn har gjeve mat, arbeid og inntekt til det norske kystfolket til alle tider. I 2018 eksporterte Noreg villfanga fisk og fiskeprodukt for 28 mrd. kroner, som vart ny rekord.

På verdsbasis er overfiske av viktige fiskebestandar ei stor utfordring, og Noreg har dei siste tiåra engasjert seg tungt i internasjonalt samarbeid for å få ei berekraftig fiskeriforvalting.

Vi deler opp mot 90 pst. av fiskeressursane vi haustar av, med andre land. Det er forvaltinga av desse ressursane som er tema for dei årlege fiskeriavtalane. Avtalane skal sikre at haustinga av fiskebestandane er berekraftig. Dei er difor basert på uavhengige vitskaplege råd om kvotar og forvaltingstiltak, og inneheld forpliktande føresegner om kvotefordeling, forvaltingstiltak og kontrollsamarbeid. Avtalane skal:

  • fremje ei berekraftig forvalting av dei levande marine ressursane, basert på den best tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming

  • sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar

  • sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltingsregima der Noreg tek del.

Oversikt over fiskeriavtalane

Noreg inngår tre typar internasjonale fiskeriavtalar: tosidige avtalar, kyststatsavtalar og avtalar i regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar (RFMOar).

Noreg inngår tosidige avtalar med Russland, EU, Færøyane, Island og Grønland. Avtalane med Russland og EU er dei mest omfattande og gjeld felles forvalting av bestandane vi deler i høvesvis Barentshavet og Nordsjøen. I tillegg blir det avtalt gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone og byte av kvotar. EU er forhandlingspart på vegner av Sverige og Danmark i avtalane om regulering av fisket i Skagerrak og Kattegat, samt svensk fiske i norsk økonomisk sone. Avtalane med Færøyane, Grønland og Island gjeld først og fremst kvotebyte. Kvotebytet har tradisjonelt vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng òg av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Dei tosidige avtalane omfattar dessutan kontrollsamarbeid og i ulik grad forskingssamarbeid.

Dei største bestandane i Norskehavet er makrell, norsk vårgytande sild og kolmule. Dette er bestandar som vandrar mellom sonene til fleire statar. Dei blir difor forvalta gjennom fleirsidige avtalar, såkalla kyststatsavtalar, mellom statane som har bestanden i sine soner. Noreg har også ein trepartsavtale om forvaltinga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen, og er part i prosessen om fordeling og regulering av uer i Irmingerhavet mellom Færøyane, Grønland og Island.

FN-avtalen om fiske på det opne hav pålegg kyststatane og statar som fiskar i internasjonalt farvatn å ta del i regionalt samarbeid om forvaltinga av vandrande fiskebestandar. RFMOane søkjer å kombinere ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområda sine. Det skjer gjennom regulering av fisket, miljøtiltak og kontrollsamarbeid. RFMOane har mellom anna vore viktige arenaer i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske). Dei ulike fiskeriforvaltingsorganisasjonane Noreg deltek i, er nærare presentert i kapittel 3 i meldinga.

Kapittel 2 i meldinga gjev ei kort innføring i tema som er viktige i det internasjonale fiskerisamarbeidet. Det havrettslege rammeverket, den vitskaplege rådgjevinga og dei internasjonale havmiljøprosessane legg viktige premissar for dei årlege fiskeriavtalane. Vi omtalar dessutan det internasjonale samarbeidet mot UUU-fiske og fiskerikriminalitet.

Verdiane vi forhandlar om

Den samla fangstverdien av fiskeriavtalane Noreg inngjekk med andre land i 2018, er rekna til om lag 50 mrd. kroner. Noreg sin del utgjorde ein tredel av totalen, eller om lag 16,5 mrd. kroner. I tillegg kjem verdiane som blir skapt av vidareforedling av fangsten. Den reelle verdien av avtalane er avhengig av i kor stor grad Noreg nyttar kvotane fullt ut.

Figur 1.2 i meldinga viser korleis den økonomiske verdien vart fordelt mellom dei viktigaste avtalane i 2018. Denne fordelinga vil variere ein del frå år til år, som følgje av endringar i storleiken på kvotane og prisane i marknaden for dei ulike artane. Figuren illustrerer like fullt den økonomiske tyngda av dei ulike avtalane.

Torsken i Barentshavet er den kommersielt viktigaste bestanden Noreg har, og den norske kvoten hadde i 2018 ein verdi på om lag 7,3 mrd. kroner. Det er grunnen til at meir enn halvparten av dei samla verdiane av fiskeriavtalane kjem frå Russlandsavtalen. 27 pst. av verdiane frå avtalane totalt skriv seg frå kyststatsavtalane for dei tre pelagiske bestandane. Makrellen er for tida den viktigaste med ein verdi på om lag 2,4 mrd. kroner i 2018. Avtalen med EU om forvaltinga av fellesbestandane i Nordsjøen stod for 9 pst. av verdiane. Skagerrak-avtalen med EU stod for nesten 3 pst. av dei samla verdiane i 2018.

1.2 Fiskeriavtalane for 2019

Figur 1.3 i meldinga viser den avtalte totalkvoten for viktige bestandar for Noreg i perioden 2016–2019, medan figur 1.4 viser den fastsette norske delen av kvotane på desse bestandane i 2019. Dei endelege kvotane til Noreg vil skilje seg noko frå denne fordelinga, fordi vi byter kvotar i dei ulike avtalane etter at totalkvotane er fastsette.

Kapittel 3 i meldinga presenterer dei fastsette kvotane og fordelinga av desse i alle dei ulike avtalane. Kapittel 4 inneheld ein gjennomgang av status og vitskapleg rådgjeving for dei ulike bestandane.

Avtalen med Russland

Noreg og Russland har avtalt totalkvotar for 2019 på fellesbestandane i Barentshavet og fordelinga mellom Noreg, Russland og avsetjing til tredjeland. Landa har også avtalt gjensidig rett til å fiske i kvarandre sine soner og har bytt kvotar som gjeld både fellesbestandar og nasjonale bestandar.

Torske- og hysebestandane blir delt likt mellom Noreg og Russland etter at ein har sett av kvotar til tredjeland. Tredjelandskvoten blir bytt mot kvotar på andre artar. Torskekvoten er kring 6,5 pst. lågare enn i 2018, men er framleis høg historisk sett. Kvotenivået er venta å sikre eit høgt utbyte på lang sikt. Hysekvoten er sett ned med om lag 15 pst. frå 2018.

Noreg og Russland vedtok å vidareføre kvotefleksibilitet mellom år i fisket etter torsk og hyse. Det inneber at partane kan overføre inntil 10 pst. av kvoten til neste år, eller fiske inntil 10 pst. av eigen kvote på forskot.

På grunn av låg gytebestand vart det bestemt å ikkje opne for kommersielt loddefiske i Barentshavet i 2019.

Noreg og Russland er einige om å vidareføre arbeidet i analysegruppa i 2019, som har vore sentral i kontrollsamarbeidet med Russland i Barentshavet. Partane skal sjå nærare på norsk og russisk fiskeriregelverk om utkast av fisk.

Marin forureining er ei stadig større global utfordring, og eit veksande problem i Barentshavet. Partane var einige om å kjempe mot marin forureining som kjem frå fiskeriaktivitet.

Avtalane med EU

Noreg og EU har eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen. I kvoteavtalen for 2019 er spesielt kvotane for nordsjøsild og torsk sett ned. Byteavtalen vart balansert. Avtalen inneheld òg føresegner om gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone.

Av fellesbestandane i Nordsjøen er det silda og seien som har den største kommersielle verdien for Noreg. Noreg har 29 pst. av sildekvoten og 52 pst. av seikvoten.

Noreg og EU har i tillegg inngått avtalar om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen (nabolandsavtalen). Det er silde- og rekefisket i Skagerrak som er av størst interesse for norske fiskarar.

Arbeidet for skjerpa kontroll og overvaking av ressursuttaket er ein viktig del av avtalen med EU. Arbeidsgruppa for kontroll av nordsjøbestandar har no fått mandat for kva dei skal arbeide med fram til 2022.

Kyststatsavtalane

Makrell

Makrellbestanden har vore i god forfatning dei siste åra. Noreg, EU og Færøyane inngjekk i 2014 ein femårig rammeavtale for forvalting av makrell som i 2018 vart forlenga ut 2020. Avtalen gjev Noreg 26,67 pst. av delen til dei tre partane i avtalen. Det er sett av 15,6 pst. til andre partar som ikkje er med i avtalen. Det er gjort forsøk på å inkludere Island og Grønland i denne avtalen, men det har ikkje lukkast. Noreg, EU og Færøyane har difor frå og med 2015 inngått årlege trepartsavtalar om forvalting av makrell, i tråd med rammeavtalen frå 2014 og 2018.

Norsk vårgytande sild

Norsk vårgytande sild (nvg-sild) er den største sildebestanden i verda, men har vore inne i ein periode med reduksjon. EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland er kyststatar til nvg-silda. Dei siste åra har Færøyane kravd ein høgare del av den totale kvoten. Det færøyske kravet har ført til at spørsmålet om delinga mellom partane har blitt opna på nytt. Kyststatane har forhandla om delinga i fleire forhandlingsrundar, men har ikkje klart å bli einige om ein ny fempartsavtale.

For 2019 har partane blitt samde om ein totalkvote på nvg-sild på 588 562 tonn. Fram til no er det ikkje nådd ein avtale om fordelinga av andelar til statane, og kvotane vert fastsett unilateralt. I mangel på semje mellom alle partane inngjekk Noreg og EU 11. desember 2018 ein bilateral sonetilgangsavtale for nvg-sild og kolmule for 2019. Avtalen gjev begge partar tilgang til å fiske sine tradisjonelle delar av kyststatskvotane i kvarandre sine farvatn. Kvotane bind ikkje partane opp med omsyn til framtidige forhandlingar om delar. I ein situasjon utan avtalar gjev tilgangsavtalen noko stabilitet for 2019. Med utgangspunkt i ein felles kyststatsrapport om nvg-silda si sonetilhøyrsle har Noreg sett ein kvote for 2019 som inneber ein del på 73 pst.

Kolmule

Kolmule er den tredje store pelagiske bestanden i Nordaust-Atlanteren. I bestandsvurderinga vart 2017-årklassa rekna for å vere svak, og dette vil sannsynlegvis føre til ein nedgang i bestandsstørrelsen, og til en reduksjon i fiskemoglegheitene når 2016- og 2017-årsklassene er fullt rekruttert i fiskeriet frå 2020. Bestanden blir like fullt hausta berekraftig. Etter initiativ frå EU har partane utarbeidd ein felles rapport om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden. Med utgangspunkt i rapporten krev EU ein høgare del av totalkvoten. Færøyane har følgt opp og krev også ein større del. Kyststatane har dei seinaste åra forhandla i fleire rundar om ei ny fordeling av bestanden, men ein har førebels ikkje lukkast i dette.

I forhandlingane for 2019 vart partane samde om ein totalkvote (TAC) på 1 143 629 tonn. TAC er basert på ICES si rådgjeving og forvaltingplanen som er evaluert av ICES. I mangel på semje mellom alle partane inngjekk Noreg og EU i desember 2018 ein bilateral sonetilgangsavtale om nvg-sild og kolmule for 2019 (sjå omtale om nvg-sild).

1.3 Dei regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonane

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) har ein samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom partar sine økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande sild, makrell og uer. I tråd med kyststatsavtalen for kolmule for 2019 vedtok årsmøtet ein kvote for fisket i internasjonalt farvatn på 91 020 tonn, fordelt på Danmark (Grønland) og Russland. Årsmøtet vedtok også ei regulering av fisket etter norsk vårgytande basert på kyststatsavtalen om ein totalkvote på 588 562 tonn. Når det gjeld makrell, er kyststatane ikkje einige om ein avtale for 2019 som omfattar alle partar. Årsmøtet vedtok difor ei regulering for internasjonalt farvatn utan kvantumsavgrensingar. Reguleringa sikrar rapportering og hindrar ekspansjon i fisket av statar som ikkje er kontraktspart til NEAFC. Det vart fastsett ein kvote for fisket etter uer i Irmingerhavet, medan partane ikkje vart einige om reguleringa av uer i Norskehavet.

Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen

Mange av bestandane som blir forvalta av Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO), er under moratorium. Noreg har rett til å fiske på lodde, torsk og to rekebestandar, men av desse er berre torskefisket ope. Det er sett i gang arbeid med å utarbeide forvaltingsplanar for viktige bestandar. Det er eit viktig steg framover. NAFO har dei siste åra lagt stor vekt på å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem blir skåna. I dag er i alt 20 område i NAFO stengde for fiske med botnreiskapar for å verne konsentrasjonar av korallar og svamp som har særleg sårbare økosystem. Stengingane gjeld også fleire område med undersjøiske fjell. Det siste året har eit panel beståande av både interne og eksterne ekspertar gjennomført NAFO si andre prestasjonsevaulering. I sin rapport påpeikar panelet blant anna at NAFO har gjort stor framgang med tanke på modernisering av organisasjonen, herunder vore meir gjennomsiktig og synleg i sitt arbeid, styrka arbeidet med å inkludere føre-var-betraktningar og økosystembasert forvalting i sine avgjerdsprosessar, betra innsamling av data samt styrka samarbeidet mellom forskarar og forvaltarar. Panelet kom samtidig med ei rekkje forslag til forbetringar innanfor ulike område. Som oppfølging av panelet sine tilrådingar nedsette årsmøtet i 2018 ei arbeidsgruppe som skal arbeide vidare med dette i 2019.

Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk

Noreg hadde i perioden 2007–2013 forbod mot fiske og landing av makrellstørje på bakgrunn av bestandssituasjonen og fordi totalkvoten vart sett høgare enn tilrådd. Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT) har no klåre indikasjonar på at den negative trenden er snudd, og at tilstanden til bestanden er betre. Noreg opna for fangst av den norske kvoten i 2014. Totalkvoten på austlig makrellstørje og den norske kvoteandelen har auka dei siste åra. I 2018 vedtok ICCAT ny forvaltingsplan for austleg makrellstørje. I 2018 var den norske kvota 104 tonn medan den i 2019 er auka til 239 tonn. Dette gjev fleire fartøy høve til å få delta i makrellstørjefiske i norske farvatn.

Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis

Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis (CCAMLR) vidarefører kvotane på krill i Antarktis på same nivå som tidlegare. Det finst store krillressursar i konvensjonsområdet, men i dag går storparten av fisket føre seg i CCAMLR-område 48, det vil seie Antarktis-halvøya, Sør-Shetland, Sør-Orknøyane og Sør-Georgia. Det er fastsett ei fangstgrense for heile konvensjonsområdet på 5,6 millionar tonn. Enorme avstandar og utfordrande vêr- og istilhøve i fangstsesongen verkar inn på kor god tilgang fartøya har til fangstområda, og dermed òg på kor lenge og kor mykje krill fartøya kan fiske. Dei siste åra var totalfangsten av krill på mellom 230 000 og 280 000 tonn. I område 48 er fangstgrensa sett til 620 000 tonn, dvs. meir enn dobbelt så mykje som fangstnivået i dag. Kvoten er ikkje delt mellom dei enkelte medlemmane. Den norske flåten fiskar om lag 60 pst. av den totale krillfangsten i konvensjonsområdet.

Den internasjonale kvalfangstkommisjonen

Den norske kvoten på vågekval blir fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) sin vitskapskomité. Vitskapskomiteen i IWC starta ein gjennomgang av det norske fangstgrunnlaget for vågekval i 2014. Komiteen konkluderte med at nye genetiske analysar ikkje gjev grunnlag for å dele opp i underområde for Barentshavet, Svalbardområdet og Norskehavet. Bestandsvurderinga som norske forskarar presenterte, vart også i hovudsak godteke. Kvoten for vågekval er i 2019 på 1 278 dyr, og inneber ei vidareføring av kvoten frå i fjor. Fangstområda er også slått saman, i tråd med dei vitskapelege råda frå IWC.

Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen

Den overordna målsetjinga til SEAFO-konvensjonen er langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i det søraustlege Atlanterhavet. Konvensjonsområdet er avgrensa til det opne hav, og omfattar såleis ikkje den økonomiske sona til kyststatane i området. Det er sju partar (Noreg, Namibia, Angola, Sør-Afrika, EU, Japan og Sør-Korea) som har ratifisert SEAFO-konvensjonen, og er difor for fulle kommisjonsmedlem å rekne. I tillegg har Storbritannia, Island og USA status som observatørar i kommisjonen.

Under førre årsmøte vart kvotereguleringar for alle relevante bestandar for 2019 og 2020 vedtekne: 275 tonn tannfisk, 371 tonn krabbe, 200 tonn alfonsinos, 135 tonn pelagisk armourhead. Det vart òg vedteke ei bifangstkvote på 54 tonn raud keisarfisk.

1.4 Fisket etter avtalane i 2017 og 2018

Norske fiskarar utnyttar generelt kvotane godt, og for dei kommersielt viktigaste bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut, jf. tabell 1. For fiskeslaga i tabellen kan ein normalt overføre inntil 10 pst. av kvotane mellom år. Avvik frå full utnytting tydar altså ikkje nødvendigvis at kvotane ikkje vert fiska opp, eller er overfiska. I eit kvotefleksregulert fiskeri (til dømes norsk vårgytande sild) vil fangsten i eit fangstår kunne belastast førre års kvote, årets kvote eller neste års kvote. Difor vil det ikkje bli rett å samanlikne årets fangst med årets kvote.

Tilgangen til å fiske i andre land sine soner blir nytta i ulik grad. Til dømes nyttar Noreg sonetilgangen vi har i russisk sone lite, fordi vi har god tilgang i eiga sone på dei fleste bestandane vi deler med Russland.

Tabell 1. Norsk utnytting av dei kommersielt viktigaste kvotane i 2017 og 2018

Utnyttingsgrad1

2017

2018

Barentshavet, Noreg – Russland

Torsk

101 pst.

105 pst.

Hyse

97 pst.

93 pst.

Nordsjøen og Skagerrak, Noreg – EU

Sild

95 pst.

93 pst.

Sei

97 pst.

72 pst.

Fleirpartsavtalar

Norsk vårgytande sild (nvg-sild)

90 pst.

109 pst.

Makrell

95 pst.

99 pst.

Kolmule

97 pst.

104 pst.

1 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet), men tek utgangspunkt i fangst i det einskilte år i høve til forskriftkvoten

Noreg nytta heile den norske sildekvoten. Torske- og hysekvoten sør for 62°N vart dårlegare utnytta i 2017 og 2018 enn åra før. For mange artar har kvotane auka, men ikkje fangsten. Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra nytta fellesbestandane i Nordsjøen relativt godt; det same gjeld kvotane dei har i norsk sone nord for 62°N.

I EU-farvatna vart dei norske kvotane av dei pelagiske artane kolmule, augepål og havbrisling godt nytta, med unntak av augepål i 2017. Norske linefartøy fiska opp langekvoten i 2015, 2016 og 2017. I 2018 vart kvoten auka med 1 000 tonn. Kvoten på lange, brosme og anna linefisk vart godt nytta i 2018. Det norske fisket i Skagerrak har dei siste åra i hovudsak vore konsentrert om reker, sild og torsk. EU har fiska mest av artane torsk, raudspette, sild og reker i Skagerrak. Sverige har stort sett nytta sine kvotar i norsk økonomisk sone godt.

Alle kyststatane har nytta kvotane sine av dei pelagiske artane norsk vårgytande sild, kolmule og makrell godt. Sesongen 2017/2018 fiska Noreg heile kvoten sin av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen. Kvoten vart fiska om vinteren.

Kapittel 5 i meldinga rapporterer om fisket etter dei ulike avtalane, med vekt på norsk utnytting av kvotane.

1.5 Bestandane – status og rådgjeving

Kapittel 4 i meldinga gjer greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane Noreg deler med andre land, og dei vitskaplege råda om korleis bestandane bør regulerast. For kvart geografiske område – Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen – er det til innleiing ei kort oversikt over tilstanden i økosystemet og dei viktigaste bestandane der.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Ruth Grung, Cecilie Myrseth, Nils Kristen Sandtrøen og Terje Aasland, fra Høyre, Margunn Ebbesen, Linda C. Hofstad Helleland, Kårstein Eidem Løvaas og Tom-Christer Nilsen, fra Fremskrittspartiet, Morten Ørsal Johansen og Bengt Rune Strifeldt, fra Senterpartiet, Geir Adelsten Iversen og lederen Geir Pollestad, fra Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, fra Venstre, André N. Skjelstad, og fra Kristelig Folkeparti, Steinar Reiten, viser til Meld. St. 15 (2018–2019) Noregs fiskeriavtalar for 2019 og fisket etter avtalane i 2017 og 2018. Meldingen omtaler fiskeriavtalene Norge har inngått med andre land for 2019, og fisket etter avtalene i 2017 og 2018. Komiteen mener at meldingen gir en nyttig innføring i viktige tema i det internasjonale fiskerisamarbeidet, som det havrettslige rammeverket, internasjonale havmiljøprosesser, kontrollsamarbeid og kampen mot ulovlig, uregulert og urapportert fiske og fiskerikriminalitet. I tillegg redegjøres det i meldingen for status og vitenskapelige råd for de viktigste bestandene vi deler med andre land.

Komiteen viser til at Norge i 2018 eksporterte villfanget fisk og fiskeprodukter for rekordstore 28 mrd. kroner. På verdensbasis er overfiske av viktige fiskebestander en stor utfordring, og Norge har de siste tiårene engasjert seg tungt i internasjonalt samarbeid for å sikre en bærekraftig fiskeriforvaltning. Komiteen ser det som viktig at Norge, også i årene som kommer, prioriterer dette.

Komiteen er kjent med at vi deler om lag 90 pst. av de fiskeressursene vi høster av, med andre land. Det er forvaltningen av disse ressursene som er tema for de årlige fiskeriavtalene. Komiteen understreker betydningen av at avtalene sikrer at høsting av fiskebestandene er bærekraftig.

Komiteen viser til at den samlede fangstverdien av fiskeriavtalene Norge inngikk med andre land i 2018, er anslått til om lag 50 mrd. kroner. Norges del utgjorde en tredel av totalen, eller om lag 16,5 mrd. kroner. I tillegg kommer verdiene som blir skapt av videreforedling av fangsten.

Komiteen merker seg at torsken i Barentshavet er den viktigste bestanden for Norge kommersielt, og den norske kvoten hadde i 2018 en verdi på om lag 7,3 mrd. kroner.

27 pst. av verdiene fra avtalene totalt skriver seg fra kyststatsavtalene for de tre pelagiske bestandene. Makrellen er nå den viktigste med en verdi på om lag 2,4 mrd. kroner i 2018. Avtalen med EU om forvaltningen av fellesbestandene i Nordsjøen stod for 9 pst. av verdiene. Skagerrak-avtalen med EU stod for nesten 3 pst. av de samlede verdiene i 2018.

Komiteen merker seg at det i meldingen fremgår at norske fiskere generelt utnytter kvotene godt, noe som er positivt. Tilgangen til å fiske i andre lands soner blir utnyttet i ulik grad, bl.a. utnyttes sonetilgangen i russisk sone lite, siden vi har god tilgang i egen sone på de fleste bestandene vi deler med Russland.

Komiteen ser det som positivt at Norge har tatt en aktiv rolle i internasjonalt havsamarbeid, både med å utvikle internasjonalt regelverk og i forbindelse med forvaltningen av fiskeriene og havmiljøet. Komiteen merker seg med tilfredshet at det i meldingen fastslås at Norge erfaringsmessig har stor påvirkning globalt gjennom faglige bidrag.

Komiteen er kjent med at havmiljøspørsmål de siste årene har fått økt interesse i FNs generalforsamling, i globale miljøkonvensjoner og i opinionen. Arbeidet som pågår i internasjonale havmiljøprosesser, som FNs årlige resolusjoner om havmiljø og fiskerispørsmål, påvirker også handlingsrommet for vår egen havressursforvaltning, og det er derfor viktig at Norge prioriterer å delta.

Komiteen merker seg, og støtter, at regjeringen vil arbeide videre med å legge til rette for at mer av sjøarealet globalt skal kunne brukes til bærekraftig matproduksjon fra både fiskeri og havbruk. Komiteen viser til at en voksende befolkning globalt har behov for mer mat, og at mye av denne maten må hentes fra havet. Komiteen understreker betydningen av at Norge i 2017 fikk gjennomslag for en resolusjon under FNs generalforsamling sitt miljøprogram for å redusere plastforurensing av havet.

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti, registrerer at regjeringen i oppfølgingen av Brexit legger vekt på å sikre norske interesser på alle områder, inkludert fiskeri.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti forutsetter at regjeringen i oppfølgingen av Brexit sikrer norske interesser innenfor fiskeri.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener det er problematisk at bytteforholdet mellom Norge og EU medfører at Norge gir bort fiskeslag som de mindre flåtegruppene kan fiske på, og bytter mot fiskeslag som er utilgjengelige for disse gruppene. Det har vært et mønster hvor man har tatt torsk fra kyst- og fjordfiskere i nord og fått i bytte fiskeslag som bare havgående fartøy på Vestlandet kan dra nytte av. Bytteforholdet blir med det urettferdig, hvor man tar fra den enes lommebok og gir til den andre.

Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti mener at ved bytte av fiskekvoter mellom land etter at kvotene er fastsatt, skal det tas hensyn til at fisken man bytter til seg, i så stor grad som mulig kan fiskes av de samme fartøysgruppene som den fisken man bytter fra seg.

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti, viser til at 90 pst. av bestandene som Norge fisker på, deles med andre land, og legger til grunn at tredjelandskvoter og kvotebytte i hovedsak er basert på historiske rettigheter og en enighet mellom kyststatene som har gitt stabilitet i om lag 40 år. Det vises til kapittel 3.2 i meldingen som beskriver at tredjelandskvoter/bytte i hovedsak er kvoter basert på historiske rettigheter fra før opprettelsen av 200-mils økonomiske soner, og at dette dreier seg om rettigheter i farvann som den gang var internasjonale og utenfor enkeltstaters fiskerijurisdiksjon. I prosessen med 200-mils soner ble det avtalt å legge til grunn disse historiske forholdene og andelene av fisket og redusere tredjelandskvoter i norsk sone til et nivå der det var balanse mellom norske historiske rettigheter i EU-farvann, og EU-flåtens rettigheter i norske farvann. Dette medførte at EU-flåtens fiske i Norges økonomiske sone ble redusert med en tredjedel, og at land som hadde ensidig fastsatte kvoter, ble utelukket. EU-kvoten avstemmes mot reelle balanseforhold, og det vises til at om lag 7 920 tonn av torskekvoten blir holdt tilbake i 2019.

I forbindelse med EØS-avtalens inngåelse ble disse avtalene revidert med utgangspunkt i avtalene fra 1980, der Norge påtok seg en folkerettslig forpliktelse for de gjensidige kvoteutvekslingene. I tillegg er det også historiske rettigheter og bytte knyttet til Smutthavet og grønlandsk farvann som er regulert ved avtale med Island i 1999 og Grønland i 1992.

Tredjelandskvotene går ikke på bekostning av kystflåten. Disse kvotene har i hovedsak aldri vært en del av fordelingen mellom norske fartøygrupper, fordi de historisk ikke har vært beskattet av norske fartøyer, men av andre lands fartøyer. Det er derfor ikke riktig å si at disse kvotene tas fra noen fartøygrupper, de har i hovedsak aldri vært en del av noen norsk fartøygruppes tildeling, eller vært med i grunnlaget for tildeling av kvoter til norske fartøyer.

Flertallet vil understreke at å rokke ved disse grunnleggende, historiske rettighetene og inngåtte avtaler vil kunne sette i fare tilsvarende norske, historiske rettigheter og en enighet som har eksistert i 40 år mellom de aktuelle kyststatene. I tillegg vil det kunne true et komplisert og følsomt avtaleverk. Det vil kunne øke sannsynligheten for at enkeltland fastsetter egne kvoter og kvoteandeler, uavhengig av historisk og reell fordeling, slik vi har sett enkelteksempler på. Dette kvotebyttet er en del av grunnlaget for etableringen av 200-mils økonomiske soner og eksisterende avtaler, som har gitt kyststatene bedre kontroll med bestandene og gitt grunnlag for et bærekraftig fiske.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til meldingen og råder Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Meld. St. 15 (2018–2019) – Noregs fiskeriavtalar for 2019 og fisket etter avtalane i 2017 og 2018 – vedlegges protokollen.

Oslo, i næringskomiteen, den 21. mai 2019

Geir Pollestad

Cecilie Myrseth

leder

ordfører