Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Lise Christoffersen, Arild Grande, Eigil Knutsen og Hadia Tajik,
frå Høgre, Margret Hagerup, Heidi Nordby Lunde og Kristian Tonning
Riise, frå Framstegspartiet, Helge André Njåstad og leiaren Erlend
Wiborg, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, frå Sosialistisk
Venstreparti, Solfrid Lerbrekk, frå Venstre, Terje Breivik, og frå
Kristeleg Folkeparti, Geir Sigbjørn Toskedal, viser til Prop.
56 S (2018–2019) om Samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr.
215/2018 av 26. oktober 2018 om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv
2014/67/EU om håndheving av utsendingsdirektivet og endring av IMI-forordningen (håndhevingsdirektivet).
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti,
viser vidare til at handhevingsdirektivet gir reglar som skal sikra
at arbeidstakarar som er utsende i samband med tenesteyting i andre
EØS-statar, får det vernet dei har krav på i samsvar med utsendingsdirektivet.
Fleirtalet merkar seg at handhevingsdirektivet er
direkte knytt til utsendingsdirektivet (96/71/EF). Utsendingsdirektivet
har reglar om kva for lønns- og arbeidsvilkår arbeidstakarar har
rett til i den tida dei er utsende til ein annan EØS-stat i samband
med arbeidsgivar si mellombelse tenesteyting. Handhevingsdirektivet
gjeld informasjon om, tilsyn med og handheving av desse reglane. Fleirtalet merkar
seg vidare at det overordna formålet med handhevingsdirektivet er
å styrka handhevinga og etterlevinga av reglane om lønns- og arbeidsvilkår
som følgjer av utsendingsdirektivet. Intensjonen til handhevingsdirektivet
er å balansera behovet til statane for å ha effektive kontrolltiltak og
mekanismar som hindrar at utsende arbeidstakarar blir utsette for
sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, mot behovet til utsendingsverksemda
for føreseielegheit og klarheit med omsyn til kva for reglar som gjeld
når dei yter tenester på tvers av landegrensene.
Fleirtalet viser til at regjeringa
tilrår at Stortinget samtykker i godkjenning av avgjerda til EØS-komiteen nr.
215/2018 av 26. oktober 2018 om innlemming i EØS-avtalen av direktiv
2014/67/EU om handheving av utsendingsdirektivet og endring av IMI-forordninga (handhevingsdirektivet),
og fleirtalet sluttar
seg til dette.
Medlemene i komiteen
frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at
ved Stortinget si handsaming av Prop. 5 L (2016–2017) Endringer
i arbeidsmiljøloven (gjennomføring av håndhevingsdirektivet mv.),
jf. Innst. 172 L (2016–2017), gjekk både Senterpartiet og Sosialistisk
Venstreparti sine medlemer imot tilrådinga frå komiteen og voterte
imot lovforslaget i proposisjonen.
Medlemene i komiteen
frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser
vidare til følgjande forslag sett fram av medlemene frå Arbeidarpartiet,
Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti i same innstilling:
«Stortinget ber regjeringen
innføre en registreringsplikt for utenlandske tjenesteytere i Norge.»
Medlemene i komiteen
frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til grunngjevinga
i Innst. 172 L (2016–2017) for å gå imot forslaget til ny § 18-11.
Gjensidig bistand ved innkreving av og underretning om økonomiske
administrative sanksjoner. Desse medlemene vil sitera følgjande
frå Innst. 172 L (2016–2017):
«I stedet for å gi
SI en slik selvstendig hjemmel til tvangsforfølgning i etableringsstaten,
velger regjeringen å innføre ordningen med utenlands bistandsplikt
i forbindelse med innkreving av det økonomiske kravet. Det vil si
at Norge, ved å slutte seg til håndhevingsdirektivet, taper rett
til slik selvstendig domstolsforfølgelse i utlandet.
Disse medlemmer mener
ut fra dette at det som etter lovendringen har grenseoverskridende
virkning, er kun det norske vedtaket om tvangsmulkt og overtredelsesgebyr.
Norge må derfor avstå, dersom direktivet er implementert, å bringe
saken inn for latviske domstoler eller andre vedtaksføre organer
for så å få dom eller vedtak for mulkten eller gebyret i Latvia
før tvangsinndrivelse kan skje. Norske vedtak vil således få tvangskraft
i hele EØS-området. Imidlertid kan norsk namsmann eller Statens
innkrevingssentral (SI) ikke selv forestå tvangsforretningen. I
Latvia må SI søke bistand hos latvisk tvangsmyndighet. Dette betyr
da at gebyret eller mulkten – når den er inndrevet – tilfaller Latvia
og ikke Norge.
Disse medlemmer vil
påpeke at følgen av en slik ordning er at Norge blir uten økonomisk
insentiv til å ilegge utenlandsk virksomhet mulkt eller gebyr, med mindre
firmaet er til stede i Norge. Virkningen av å ta inn håndhevingsdirektivet
i norsk rett, er således at de sterkere reaksjonsmidler som Riksrevisjonen
ber om at blir benyttet (Dokument 3:15 (2015–2016) s. 8), bare blir realisert
når etableringslandet (Latvia) gjennomfører tvangsinndrivingen.
Som følge av at utsending
av arbeidstakere til Norge i all hovedsak gjelder firmaer i Øst-Europa
som utfører arbeid eller tjenester i Norge, vil det etter disse
medlemmers oppfatning bety at det system som håndhevingsdirektivet
legger opp til, vil medføre at stor innsats og mye arbeid med å
få til sanksjonering slik som tvangsmulkt og overtredelsesgebyr,
ikke resulterer i noen inntekter i Norge. Mest trolig vil ordningen
i direktivet virke demotiverende for Arbeidstilsynet og andre norske
håndhevende organer med hensyn til å bruke store ressurser på å
sikre dokumentasjon slik at mulktering eller bøtelegging kan skje.
Derfor må disse medlemmer
konstatere at ordningen, slik den går frem av Prop. 5 L (2016–2017)
s. 11:
«alle pengekrav som
blir krevd inn» skal «tilfalle(r) den EØS-stat som gjennomfører
innkrevingen» vil svekke Riksrevisjonens anbefaling om å fremme
bruken av de strengere reaksjonsmidlene.
Disse medlemmer mener
således at håndhevingsdirektivet virker motsatt av det departementet
forutsetter. Arbeids- og sosialdepartementet har etter disse medlemmers
mening ikke sannsynliggjort at håndhevingsdirektivet vil (jf. høringsnotatet
s. 70) ‘bidra til et mer effektivt tilsynsarbeid og gjennomføring
av vedtak om overtredelsesgebyr og tvangsmulkt.’
Disse medlemmer må
derfor konkludere med at innføringen av håndhevingsdirektivet på
dette punkt er lite egnet til å få det norske reaksjonsmønster endret
fra de mildere reaksjoner slik som informasjonstilgang, dokumentasjon
eller samarbeid over landegrensene, og til de strenge, slik som
tvangsmulkt og overtredelsesgebyr.
Disse medlemmer ber
Stortinget bruke reservasjonsretten i EØS-avtalen og avvise å ta
inn håndhevingsdirektivet i norsk lov.
Disse medlemmer viser
til proposisjonen og til sine merknader og vil stemme imot lovforslaget.»
Desse medlemene konstaterer
at Statens innkrevingssentral så langt ikkje har drive inn noko
krav etter dette regelverket.
Desse medlemene viser vidare
til at departementet si grunngjeving for å be om Stortinget sitt
samtykkje til godkjenning av handhevingsdirektivet i medhald av
Grunnlova § 26 er at direktivet inneber økonomiske konsekvensar
og «antas å være en sak av særlig stor viktighet.» Desse medlemene vil understreka at
dersom handhevingsdirektivet inneber overføring av råderett som
ellers ligg hjå dei statlege styresmaktene etter Grunnlova, skal
Stortinget handsama direktivet etter Grunnlova § 115.
Medlemen i komiteen
frå Senterpartiet meiner vidare at det skal vera Stortinget
som suverent skal avgjera definisjonen av ein utsend arbeidstakar
i Noreg. Denne
medlemen viser til tidlegare lovforslag sett fram av Senterpartiet
om ein tydeleg definisjon av utsend arbeidstakar i arbeidsmiljølova,
jf. m.a. Representantforslag 207 L (2017–2018) om endring av arbeidsmiljøloven
§ 1-7. Denne medlemen kan
ikkje og vil heller aldri godta at det skal vera eit EU-organ som avgjer
om norske tiltak og ordningar er naudsynte/proporsjonale.
Medlemene i komiteen
frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner det
er sjølvsagt at arbeidstakarar i Noreg, i norske farvatn og på norsk
sokkel skal godtgjerast med norske løns- og arbeidsvilkår.
Desse medlemene vil understreka
at det er avgjerande at Noreg kan halda fram med våre reglar for
solidaransvar, dvs. at det er hovudarbeidsgjevaren som er ansvarleg
for heile kjeda av underentreprenørar. Det må vera ein føresetnad
for gjennomføringa av direktivet i norsk rett at dagens verkemiddel
for å motverka sosial dumping og arbeidslivskriminalitet ikkje vert
svekka. Dersom Noreg vert påført restriksjonar på dette viktige området
som følgje av handhevingsdirektivet, skal likevel norsk arbeidslivslovgjeving,
norske tariffavtalar og ILO-konvensjonar ha forrang framfor direktivet
sine føresegner. Desse
medlemene viser til at LO-kongressen i 2013 vedtok følgjande:
«Dersom håndhevingsdirektivet
krever fjerning av tiltak mot sosial dumping må reservasjonsmuligheten benyttes.»
Desse medlemene støttar dette
kravet frå den største arbeidstakarsamanslutninga i Noreg.