Forslag fra Høyre, Fremskrittspartiet
og Kristelig Folkeparti:
Forslag 1
I
I lov 3. juli 1992
nr. 93 om avhending av fast eigedom gjøres følgende endringer:
§ 1-1 første
ledd andre punktum skal lyde:
Som fast eigedom
vert rekna grunn og bygningar, og elles andre innretningar som er varig
forbundne med grunnen.
§ 3-1 skal lyde:
§ 3-1 Innleiande føresegn om manglar
(1) Eigedomen har ein mangel
dersom han ikkje er i samsvar med dei krav til kvalitet, utrusting
og anna som følgjer av avtalen. §§ 3-2 til 3-6 gjeld i den grad
det ikkje i samsvar med § 1-2 er avtalt noko særskilt.
(2) Ved vurderinga
av om eigedomen har ein mangel,
skal ein leggje til grunn tidspunktet då vågnaden etter § 2-4 andre
ledd eller etter avtala gjekk over på kjøparen. Det kan vere ein
mangel endå om ein feil fyrst viser seg seinare.
(3) Seljaren svarer
og for ein mangel
som oppstår seinare dersom årsaka til mangelen er eit avtalebrot
frå seljaren. Det same gjeld dersom seljaren ved garanti eller på
annan måte har teke på seg ansvar for eigenskapar eller anna ved
eigedomen fram til eit seinare tidspunkt.
(4) Kjøparen må sjølv dekke tap
og kostnadar ved manglar opp til eit beløp på 10 000 kroner om ikkje
anna er sagt i lova. Dette gjeld likevel ikkje avtalar der ein bygning
er seld som ny. Departementet kan i forskrift justere beløpet i
fyrste punktum ved vesentlege endringar i pengeverdien.
§ 3-2 skal lyde:
§ 3-2 Generelle krav til tilstanden
(1) Eigedomen har ein mangel dersom
han ikkje er i samsvar med det kjøparen kunne forvente ut frå mellom anna
eigedomens type, alder og synlege tilstand.
(2) Eigedomen har ein mangel
dersom han ikkje høver for eit særleg føremål som seljaren var eller
måtte vere kjent med då avhendinga vart avtalt. Dette gjeld likevel
ikkje når tilhøva viser at kjøparen for så vidt ikkje bygde på seljarens
sakkunnskap eller vurdering, eller ikkje hadde rimeleg grunn til
å gjere det.
(3) Ved forbrukarkjøp som
nemnt i § 1-2 tredje ledd har eigedomen ein mangel om han ikkje er i
samsvar med offentlegrettslege krav som er stilt i lov eller i medhald
av lov, og som gjaldt for eigedomen på den tida då avtala vart inngått.
Dette gjeld likevel ikkje dersom tilhøva viser at kjøparen for så
vidt ikkje bygde på seljarens sakkunnskap og vurdering, eller ikkje
hadde rimeleg grunn til å gjere det.
§ 3-3 skal lyde:
§ 3-3 Arealsvikt
(1) Har eigedomen mindre grunnareal
(tomt) enn kjøparen har rekna med, er det likevel ikkje ein mangel utan
at arealet er vesentleg mindre enn det som er opplyst av seljaren eller medhjelparane
til seljaren, eller desse har bore seg særleg
klanderverdig åt.
2) Det er ein mangel dersom bygningar
på eigedomen har mindre areal enn det som er opplyst av seljaren
eller medhjelparane til seljaren, så framt avviket er større enn to
prosent og utgjer minst ein kvadratmeter. Det er likevel ikkje ein
mangel dersom seljaren godtgjer at kjøparen ikkje la vekt på opplysninga.
§ 3-4 første
ledd første punktum skal lyde:
Så langt ikkje anna
følgjer av avtale, skal eigedomen for ikkje å ha ein mangel, ha slike ting
og rettar som tilhøyrsle som er nemnt i andre ledd og §§ 3-5 og
3-6.
§ 3-7 første
punktum skal lyde:
Eigedomen har ein mangel
dersom kjøparen ikkje har fått opplysning om omstende ved eigedomen
som seljaren kjente eller måtte kjenne til, og som kjøparen hadde
grunn til å rekne med å få.
§ 3-8 første
ledd første punktum skal lyde:
Eigedomen har ein mangel
dersom omstende ved eigedomen ikkje svarer til opplysning som seljaren
har gitt kjøparen.
§ 3-9 skal lyde:
§ 3-9 Eigedom selt «som han er»
eller liknande
(1) Endå om eigedomen er selt
«som han er» eller med liknande allment atterhald, har eigedomen ein mangel
der dette følgjer av §§ 3-7 eller 3-8. Eigedomen har også ein mangel
dersom han er i vesentleg ringare stand enn kjøparen hadde grunn
til å rekne med ut frå kjøpesummen og tilhøva elles.
(2) Ved forbrukarkjøp som nemnt
i § 1-2 tredje ledd har «som han er»-atterhald og liknande allmenne
atterhald ingen verknad. Det same gjeld for atterhald som ikkje
er spesifiserte nok til å kunne verke inn på vurderinga kjøparen
gjer av eigedomen.
§ 3-10 skal lyde:
§ 3-10 Synfaring og anna forundersøking.
Tilstandsrapportar og andre salsdokument
(1) Kjøparen kan
ikkje gjere gjeldande som ein mangel noko kjøparen kjente
eller måtte kjenne til då avtala vart inngått. Kjøparen skal reknast for å kjenne
til omstende som går tydeleg fram av ein tilstandsrapport eller
andre salsdokument som kjøparen er gitt høve til å setje seg inn
i. Departementet kan i forskrift gje føresegner om kva krav som
må vere innfridde for at ein tilstandsrapport skal ha verknad som
nemnt i andre punktum, medrekna krav til autoriserte bygningssakkunnige
og innhaldet i rapportane.
(2) Har kjøparen
før avtala vart inngått undersøkt eigedomen eller utan rimeleg grunn
late vere å følgje ei oppmoding frå seljaren om undersøking, kan
kjøparen heller ikkje gjere gjeldande som ein mangel noko kjøparen burde
vorte kjent med ved undersøkinga. Dette gjeld likevel ikkje dersom
seljaren har vore grovt aktlaus, uærleg eller for øvrig handla i
strid med god tru.
(3) Fyrste og andre
ledd gjer inga innskrenking i § 3-7 om manglande opplysning om eigedomen.
§ 4-8 første
ledd innledningen skal lyde:
(1) Ligg det føre ein mangel
ved eigedomen, utan at dette står på kjøparen eller omstende kjøparen
har vågnaden for, kan kjøparen
§ 4-10 fjerde
ledd nytt tredje punktum skal lyde:
Krenking av retten etter fyrste
ledd hindrar ikkje eit krav frå kjøparen om skadebot, men kjøparen
kan måtte bere delar av tapet etter § 7-2 fyrste ledd.
Nåværende tredje
punktum blir nytt fjerde punktum.
§ 4-12 første
ledd skal lyde:
(1) Har eigedomen ein mangel,
kan kjøparen krevje eit forholdsmessig prisavslag.
§ 4-16 første
ledd skal lyde:
(1) Kjøparen kan
gjere krav på grunn av ein mangel gjeldande
mot tidlegare seljar eller annan tidlegare avtalepart, i same grad
som krav på grunn av mangelen kan gjerast gjeldande av seljaren.
§ 4-17 første
ledd andre punktum skal lyde:
Kjøparens rett
til å krevje retting etter § 4-10 og beløpsgrensa i § 3-1 fjerde ledd gjeld
likevel ikkje.
§ 4-18 nytt andre
punktum skal lyde:
Føresegna i § 3-1 fjerde ledd gjeld
likevel ikkje.
§ 7-1 tredje
ledd bokstav a skal lyde:
II