Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Zaineb Al-Samarai, lederen Anniken Huitfeldt, Martin Kolberg, Leif Audun
Sande og Jonas Gahr Støre, fra Høyre, Hårek Elvenes, Trond Helleland, Ingjerd
Schou og Michael Tetzschner, fra Fremskrittspartiet, Per-Willy Amundsen, Hans
Andreas Limi og Christian Tybring-Gjedde, fra Senterpartiet, Liv
Signe Navarsete, fra Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken,
fra Venstre, Abid Q. Raja, og fra Kristelig Folkeparti, Torill Selsvold
Nyborg, viser til Representantforslag 76 S (2018–2019) om
ekstern og uavhengig gjennomgang av bergingsarbeidet etter fregattulukka
8. november 2018 og brev frå Forsvarsdepartementet datert 14. mars
2019.
Komiteen merkar seg at berginga
av KNM Helge Ingstad har vore ein kompleks maritim operasjon, der tryggleiken
til personellet har vore høgaste prioritet. Komiteen støttar denne prioriteringa
og viser til at planane for berginga vart utarbeidde i tett samarbeid med
DNV GL og Kystverket.
Komiteen merkar seg at Statens
havarikommisjon for transport og Statens havarikommisjon for Forsvaret
undersøkjer hendinga fram til kollisjonen mellom KNM Helge Ingstad
og TS Sola skjedde, korleis ulukka utvikla seg i etterkant av kollisjonen
fram til heile besetninga vart evakuert, og at politiet granskar
om det har skjedd straffbare forhold.
Komiteen viser til at det vert
gjennomført to interne undersøkingar i Forsvaret, der ein ser på
hendinga og årsakssamanhengar for ulukka, og at Forsvarsmateriell
gjennomgår bergingsoperasjonen og tekniske aspekt ved ulukka, med
fokus på å tilføre etaten ny læring og erfaring. Komiteen meiner at dette er
viktig arbeid for å unngå at slike hendingar skal skje igjen.
Komiteen peikar på at fartøyet
er heva og frakta til Haakonsvern, og at bergingsarbeidet no er
i siste fase, som er planlagt ferdigstilt i løpet av andre kvartal
2019. Kostnadene for berginga er forventa å verte klare i same periode. Komiteen forventar
at Stortinget vert orientert om resultatet av dette arbeidet på
eigna måte.
Komiteen viser vidare til at
statsråden er positiv til forslaget om ein uavhengig gjennomgang
av bergingsarbeidet, og at gjennomgangen bør avgrensast til ikkje
å omfatte gradert informasjon og tilhøve som skal etterforskast
av politiet og havarikommisjonen. Komiteen tek dette til vitande
og fremjar følgjande forslag:
«Stortinget
ber regjeringen igangsette en ekstern og uavhengig gjennomgang av
bergingsarbeidet etter fregattulykken 8. november 2018. Gjennomgangen
skal konkludere med en offentlig tilgjengelig rapport senest seks
måneder etter at bergings- og hevingsarbeidet er fullført.»
Medlemen i komiteen
frå Senterpartiet viser til den tragiske ulukka med Helge
Ingstad, og vil rose Forsvaret for gode rutinar som førte til at
det ikkje gjekk liv tapt.
Denne medlemen peikar på at
havarikommisjonen granskar sjølve hendinga fram til Helge Ingstad grunnstøytte,
men at dei ikkje tek føre seg bergingsoperasjonen. Vidare legg Senterpartiet
til grunn at Forsvaret sjølv evaluerer hendingar slik at dei i etterkant
tek med seg verdifull erfaring, skulle det skje tilsvarande ulukker seinare.
Denne medlemen viser til at
statsråden fyrst estimerte kostnaden for berging til 50 mill. kroner,
men at dette seinare vart auka til 500 mill. kroner, og at ein i framtida
bør vere meir presis eller ta atterhald på kostnadsoverslag i uttalar
til media.
Denne medlemen viser til at
ulukka med Helge Ingstad har i stor grad vore på dagsordenen i norske
medium, og at ei offentleg gransking av ulukka vil vere føremålstenleg
i dette tilfellet.
Denne medlemen meiner det ikkje
bør vere normal prosedyre å krevje offentlege granskingar i alle saker,
då det vil kunne belaste Forsvaret økonomisk. Denne medlemen viser til at
Senterpartiet meiner mest mogleg av budsjettmidlar til Forsvaret
må gå til kampkraft, men vil likevel støtte at ein i denne spesielle saka
bør granske sjølve bergingsoperasjonen.