Forslag
om avvikling av meldeordninga
Departementet foreslår
å avvikle meldeordninga etter spesialisthelsetenestelova § 3-3.
Føresegna seier at helseinstitusjonar som er omfatta av spesialisthelsetenestelova,
utan hinder av teieplikt, straks skal sende melding til Helsedirektoratet
om betydeleg personskade på pasient som følge av yting av helseteneste
eller ved at ein pasient skadar ein annan. Det skal også meldast
frå om hendingar som kunne ha ført til betydeleg personskade. Meldingane
blir ikkje følgde opp tilsynsmessig.
Meldeordninga for
uønskte hendingar er eit av fleire element som høyrer med i arbeidet
med pasienttryggleik. Avvikling av meldeordninga betyr ikkje at
helse- og omsorgstenesta kan slutte å ha oversikt over og følge
opp avvik og uønskte hendingar. Internkontrollplikta og forskrift
om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta stiller
klare krav om at verksemda skal ha oversikt over og gå gjennom avvik,
blant anna uønskte hendingar, slik at liknande forhold kan førebyggast.
Gjennom etablering av ein undersøkingskommisjon og utviding av varselordninga
til Helsetilsynet vil alvorlege hendingar for heile helse- og omsorgstenesta
også bli følgde opp av eksterne aktørar, både ut frå eit sanksjonsfritt
læringsperspektiv og eit tilsynsperspektiv.
Helsedirektoratet
mottek i dag ca. 10 000 meldingar i året. Meldingane blir klassifiserte
etter Norsk kodeverk for uønskede pasienthendelser (NOKUP), som
er ein modifisert versjon av WHO-klassifikasjonen. Klassifiseringa
dannar grunnlag for aggregerte analysar og faglege tilbakemeldingar
i form av blant anna læringsnotat, presentasjonar/foredrag og årsrapport
med publisering av statistikk.
Mange av høyringsinstansane
var negative til forslaget om å avvikle meldeordninga og peiker
på fleire av momenta som også blei vist til i høyringsnotatet. Meldeordninga
gir eit datagrunnlag som kan brukast til læring på tvers av verksemder.
Datagrunnlaget omfattar også hendingar som kunne ha ført til betydeleg
skade. Ei oversikt over slike meldingar vil kunne gå tapt dersom ordninga
blir avvikla. Det at ordninga er sanksjonsfri, kan ha ført til at
det blir meldt om fleire hendingar, noko som gjer datagrunnlaget
relativt stort, og som kan bidra til at ein kan fange opp nye risikoområde
og ukjente årsakssamanhengar.
Departementet vil
understreke at avvikling av meldeordninga ikkje betyr at helse-
og omsorgstenesta kan slutte å ha oversikt over og følge opp avvik
og uønskte hendingar for pasienten. Internkontrollplikta og forskrift
om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta stiller
klare krav om at verksemda skal ha oversikt over og gjennomgå avvik.
Departementet viser
til at alle helseføretak, på oppdrag frå departementet i oppdragsdokumentet,
nyleg har tatt i bruk Norsk kodeverk for uønskede pasienthendelser
(NOKUP) for klassifisering av uønskte pasienthendingar i avvikssystema
sine. Felles kodeverk for klassifisering av uønskte pasienthendingar
bidrar til at det blir enklare å analysere, samanlikne og bruke
hendingane både lokalt og regionalt. Fleire høyringsinstansar peiker
på betydinga av å oppretthalde NOKUP som nasjonalt kodeverk for
klassifisering av uønskte hendingar. Departementet legg til grunn
at helseføretaka fortset å klassifisere hendingar ved bruk av NOKUP. Departementet
legg også til grunn at Helsedirektoratet inntil vidare held NOKUP
ved like.
Departementet har
ikkje funne det hensiktsmessig å foreta ei brei evaluering av meldeordninga.
Den vedtatte utvidinga av varselordninga, etablering av undersøkingskommisjonen
og ei tydeleggjering av verksemdene sitt sjølvstendige ansvar for
å følge opp uønskte pasienthendingar og avvik vil etter departementet
si vurdering vere gode og treffsikre tiltak for å forbetre pasienttryggleiken.
Departementet meiner derfor at dette bør prioriterast framfor ei
evaluering.
Ei utviding av varselsplikta
vil gi Helsetilsynet ei betre oversikt over risikoområde i heile
helse- og omsorgstenesta, ikkje berre i spesialisthelsetenesta.
Dette vil gi tilsynet eit betre grunnlag for å følge opp overfor
tenestene med tilsyn. Eit meir presist tilsyn vil igjen bidra til forsvarlege
helse- og omsorgstenester og pasient- og brukartryggleik.