2. Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit,
frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet,
Carl I. Hagen og Ulf Leirstein, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke,
frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, og frå Kristeleg
Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, syner til Riksrevisjonens
undersøking av Noregs internasjonale klima- og skogsatsing (Dokument
3:10 (2017–2018)), som peikar på fem hovudfunn:
-
Resultata av REDD+-arbeidet
er forsinka og usikre.
-
Kontrollen av gjennomføringa
og resultata av REDD+ fungerer ikkje godt nok.
-
Det norske bidraget
til REDD+ har ikkje utløyst nok pengar frå andre givarar.
-
Klima- og miljødepartementet
er ikkje systematisk nok i innhentinga og bruken av informasjon
om resultata av den norske klima- og skogsatsinga.
-
Departementa si
oppfølging av risikoen for misleghald er ikkje god nok.
Komiteen deler
i all hovudsak synet på dei funna som Riksrevisjonen har kome fram
til, samstundes som komiteen er
av den oppfatninga at det innanfor REDD+-programmet er tiltak som
har særs god effekt, og det er andre tiltak som har mindre effekt.
Komiteen har både gjennom
rapporten og ved si synfaring i Brasil i september 2018 sett nærare
på den satsinga som er gjord gjennom REDD+-programmet, og vil streke
under at det kan vere delar av rapporten som kunne vore noko annleis
om Riksrevisjonen sjølv hadde vore ute i felten for å undersøkje
tilhøva, slik komiteen gjorde
på si reise.
Komiteen meiner tala som syner
at uthogginga av regnskogen i Amazonas har gått merkbart ned sidan 2004
til no, syner at hjelpa i all hovudsak når fram. Ein nedgang i hogsten
frå 27 772 km² i 2004 til
6 624 km² i 2017 er eit monaleg
bidrag og ei oppmuntring for vidare innsats. Komiteen har vidare merka
seg at FNs klimakonvensjon no har eit anna referansenivå enn det
som opphaveleg vart sett for meir enn ti år sidan.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemen Carl I. Hagen frå Framstegspartiet, vil peike
på at det var rett av den norske regjeringa i 2007 å satse på å bevare
den tropiske skogen i utviklingsland av omsyn til klimaet. Ved å
auke opptaket av og ved å lagre karbon kan ein få eit betre klima
ved å satse på klimatiltak i skogen. Fleirtalet vil òg leggje vekt
på at Noreg, som ein liten nasjon med store ressursar, kan og skal
vere eit føregangsland i arbeidet med å nå både klimapolitiske og utviklingspolitiske
mål.
Komiteen vil
særskilt få peike på dei mange små og mellomstore lokale tiltaka
der lokalsamfunn i fellesskap får utvikla seg på ein berekraftig
måte. Komiteen fekk
eit innblikk i dette på synfaringa si i september 2018, der mellom
anna familiar har fått ein betre kvardag takka vere opplæring som
er gjeve via midlar frå Amazonasfondet. Som oftast er det dei prosjekta
som har mest lokal forankring som gjev dei beste, konkrete resultata.
For komiteen var
det òg nyttig å sjå at dei som var avhengige av å få bruke ressursane
i regnskogen, fekk lov til å bruke dei på ein berekraftig måte.
Komiteen syner elles til rapporten
og dei mange stadene der Noreg si internasjonale klima- og skogsatsing
går føre seg. I Etiopia, Colombia, Kongo og Indonesia har ein spesialutsendingar
ved dei norske ambassadane. Ein legg til grunn at oppfølginga av
dei ulike prosjekta skjer i tett dialog mellom våre ambassadar på
vegner av den norske staten. Komiteen meiner det er særs
viktig å ha ein brei dialog mellom styresmaktene i dei ulike landa,
men òg å sørgje for at dei urfolka og menneska som bur tett på regnskogen
og er avhengige av han, blir tekne med på råd.
Komiteen deler uroa til Riksrevisjonen
om svak framdrift i det omfattande arbeidet med å leggje til rette for
utsleppsreduksjonar gjennom nasjonale REDD+-satsingar. Samstundes
er det positivt at mange utviklingsland har vist interesse for å
delta i arbeidet, i og med at 36 land har fått stønad frå Noreg. Komiteen merkar
seg at det er utfordringar i landa med dei største skogområda, slik
som Indonesia, Brasil og Kongo.
Komiteen syner til at Riksrevisjonen
er uroa over kontrollen med gjennomføringa, og at resultata av REDD+
ikkje fungerer godt nok. I tråd med tidlegare vedtak i Stortinget
og funn i revisjonen meiner komiteen det er naudsynt at
Klima- og miljødepartementet set klare krav rundt dei såkalla sikringsmekanismane. Det
er viktig at midlane blir brukte rett og ikkje står i strid med
mål om kamp mot fattigdom, rettane til urfolk og bevaring av naturskogen. Komiteen legg
difor til grunn at Klima- og miljødepartementet vil kome med fleire
tiltak i forvaltninga av dei norske midlane, slik at me kan vere
trygge på at det er openheit omkring kva resultat som blir oppnådd.
Komiteen legg vekt på at sjølv
om Riksrevisjonen peikar på at det kan vere ein langsam prosess
frå tiltak blir iverksette til pengane blir utbetalte, er det rett
å ha ein kontroll over pengane som gjer det mogleg å etterprøve
kva pengane har gått til. Komiteen syner til at det
kan vere motstrid i desse ynskja sett frå norsk side; på den eine
sida å få til gode og raske resultat med klimaeffekt og på den andre
sida å ha kontroll med pengebruken.
Komiteen vil peike på at det
er om lag ti år sidan Stortinget gav uttrykk for at overvaking og
kontrollordningar måtte på plass for å sikre at det blir betalt
for reelle utsleppsreduksjonar. Komiteen forstår at dette kan
vere krevjande, både teknisk og tidsmessig, men vil streke under
at departementet på dette området må halde stø kurs og arbeide ytterlegare
for å få dette på plass.
Komiteen er uroa over at andre
givarland ikkje har bidrege med så mykje inn i REDD+-arbeidet som
ein skulle ynskje. Samstundes er det vanskeleg å leggje seg opp
i kva prioriteringar som blir gjorde av andre land. Komiteen meiner
det samstundes ikkje bør vere til hinder for at Noreg på eigen kjøl
tek tak og initiativ for å gjere viktige satsingar – sjølv om me
kan risikere å stå åleine om gjennomføringa. Komiteen meiner arbeidet med
å få fleire partnarar i det vidare arbeidet ikkje bør stanse opp,
og vil peike på arbeidet overfor internasjonale organisasjonar for
å få med seg fleire.
Komiteen seier seg nøgd med
at Klima- og miljødepartementet har etablert eit resultatrammeverk
for REDD+-satsinga, men vil oppmode til å arbeide betre med innhenting
og analyse for å få betre systematikk som gjev grunnlag for betre
styring og kontroll innanfor rammeverket. Dette vil vere med på
å gje eit innblikk i framdrift og resultat av den norske klima-
og skogsatsinga på ein betre måte enn i dag.
Komiteen har merka seg at
statsråden er usamd i delar av Riksrevisjonen si framstilling og
meiner resultata er betre enn kva rapporten maktar å formidle. Komiteen legg
òg til grunn at statsråden gjennom sitt departement vil følgje opp
dei fire anbefalingane som er komne frå Riksrevisjonen, og finn
den vidare strategien frå statsråden sitt svar i rapporten som tilfredsstillande som
ei rettesnor for det vidare arbeidet.
Komiteen har vidare i arbeidet
sitt sett statsråden sin argumentasjon knytta til det offentleg-private
samarbeidet som kan gje gode miljøresultat, og om samarbeidet med
urfolksorganisasjonar og dei sivile samfunna som lever tett på og
i regnskogen. Komiteen finn grunn
til å peike på at satsinga har gjeve gode teknologiske framskritt
i overvakinga av regnskogen, kamp mot skogkriminalitet og innsats
for grøn vekst.
Komiteen finn det urovekkjande
at oppfølgjinga av risikoen for misleghald ikkje er god nok, slik
Dokument 3:10 (2017–2018) frå Riksrevisjonen syner til. Det er avgjerande
at når misleghald blir oppdaga, skal dette bli slått ned på – og
få konsekvensar for dei som står bak misleghaldet. Samstundes har komiteen forståing
for at det er krevjande å forvalte store summar med mange aktørar.
Men nettopp difor er det viktig å ha mekanismar på plass som raskt
kan fange opp misleghald.
Komiteen deler synet til Riksrevisjonen
om at det er sterkt kritikkverdig at Klima- og miljødepartementet ikkje
har synt fram ei tøffare linje når dei har fått melding om misleghald
frå sine samarbeidspartnarar. Komiteen legg til grunn at
Klima- og miljødepartementet vil gjere det som er naudsynt for å
opptre i tråd med dei statlege retningslinjene me har i det statlege
økonomireglementet.
Komiteen registrerer at statsråden
syner til stor framgang i fleire samarbeidsland, og at ein av omsyn
til kontroll og kvalitetssikring har midlar ståande på konto.
Komiteen vil særleg peike
på den rolla Amazonasfondet har i dette arbeidet. Dei står for dei
resultatbaserte betalingane frå Noreg for investeringar i ytterlegare
tiltak for redusert avskoging og berekraftig utvikling. Det er særs
avgjerande at ein i arbeidet har tillit til den brasilianske utviklingsbanken
(BNDES), som forvaltar Amazonasfondet. Det same gjeld òg andre finansielle
samarbeidspartnarar i andre land, slik som Afrikabanken. Desse må
ha orden i rekkjene og god kontroll, både internt og eksternt, i
forvaltninga av pengane.
Komiteen syner til dei orienteringane
dei fekk på si komitéreise, og det var tillitsvekkjande å sjå at
ambassadøren på vegner av den norske stat var så involvert i forvaltninga
av midlane i Amazonasfondet. For komiteen verkar
det som om samarbeidet med den brasilianske utviklingsbanken og
det brasilianske miljødepartementet er godt.
Komiteen vil peike på at sjølv
om det me fekk sjå var tillitsvekkjande, kan det framleis vere aktørar
som får pengar frå satsinga, der dei endelege resultatane kan vere
usikre. Her gjeld det for departementet å vere særleg observant
og følgje med i forvaltninga av pengestraumane.
Komiteen legg til grunn at
Klima- og miljødepartementet tek funna frå Riksrevisjonen på alvor,
og at rapporten saman med innstillinga frå Stortingets kontroll-
og konstitusjonskomité blir tillagt vekt i det vidare arbeidet.
Komiteens medlem
fra Fremskrittspartiet, Carl I. Hagen, viser til at det er
alminnelig kjent at han er klimarealist med den oppfatning at klimaendringer
alltid har skjedd, og at det i all hovedsak er bestemt av naturen
og kloden selv. Dette
medlem mener at det å bruke store beløp for å redusere utslipp av
den livgivende gassen CO2 er
meget uklokt. Dette medlem er
imidlertid med på de aller fleste av komiteens merknader fordi synspunktene
dreier seg om departementets oppfølging av stortingsvedtak, og ethvert departement
må følge stortingsvedtak, selv om de er ukloke.