3. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding I-VI fremmes av en samlet komité. Tilråding VII fremmes av medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og råder Stortinget til å gjøre følgende

vedtak

om endringar i statsbudsjettet 2018 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2018 mv.):

I

I statsbudsjettet for 2018 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

2315

1

Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet Driftsutgifter, blir løyvd med

1 825 000 000

502

21

Lønsoppgjeret i staten, tariffavtalte avsettingar. Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under kap. 502, post 70, blir løyvd med

1 000 000

70

Tilskot til kompetanseutvikling mv., kan overførast, kan nyttast under kap. 502, post 21, blir løyvd med

16 500 000

71

Tilskot til midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde (OU-midlar), blir auka med

frå 185 400 000 kroner til 190 600 000 kroner

5 200 000

II

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2018 blir gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av LO Stat, Unio og YS Stat i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 24. mai 2018 i vedlegg 1.

III

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2018 blir gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av Akademikerne i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 24. mai 2018 i vedlegg 2.

IV

For embets- og statstilsette som ikkje er medlem av organisasjonar som nemnde i romartal II og III og difor ikkje får løns- og arbeidsvilkåra sine fastsette i hovudtariffavtalen, skal same løns- og arbeidsvilkår som etter romartal II gjelde. Embets- og statstilsette som er tekne ut av hovudtariffavtalen, får løns- og arbeidsvilkår sine fastsette administrativt i eigen kontrakt.

V

Stortinget samtykkjer i at Kongen på vegne av staten kan bringe tvistar i samband med tariffoppgjeret i staten i 2018 inn for Rikslønsnemnda i samsvar med lov 18. juli 1958 nr. 2 om offentlige tjenestetvister § 31 andre ledd.

VI

Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 01 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.

VII

Stortinget ber regjeringen ved neste revisjon av hovedtariffavtalen i 2020 gjennomføre lønnsoppgjøret i staten slik at resultatet blir fire likelydende hovedtariffavtaler – slik at det blir én hovedtariffavtale gjeldende for alle arbeidstakere i det statlige tariffområdet uavhengig av organisasjonstilknytning.