Oppmodingsvedtak:
Anskaffing av NH90 helikopter
Vedtak nr. 677, 22. mai
2017
«Stortinget ber regjeringen
foreta en ny gjennomgang av kontrakten om anskaffelse av helikopter
NH90 til fregattene og meddele Stortinget resultatet, herunder forventet
fremdrift i helikopterleveransen.»
Dokumenta som ligg
til grunn for vedtaket, er Innst. 290 S (2016–2017) og Dokument
3:13 (2015–2016) «Riksrevisjonens undersøkelse av fregattvåpenets
operative evne». Ein samla kontroll- og konstitusjonskomité fremma
forslag til vedtak for Stortinget. Forslaget blei vedteke i Stortinget
si handsaming 22. mai 2017.
NH90-helikoptera
skulle ha blitt leverte i perioden 2005–2008. Leveransen er blitt
vesentleg forseinka, og anskaffinga er blitt kritisk vurdert undervegs.
I 2017 satte Forsvarsdepartementet
i verk ein ny gjennomgang av prosjektet og kontrakten, og fleire
alternativ har vore vurderte, også eit alternativ om å avbryte kontrakten
på grunn av misleghald frå leverandøren. Forsvarsmateriell anbefalte
ikkje denne løysinga fordi det etter deira vurderingar ikkje var
rettsleg grunnlag for å avbryte kontrakten.
Forsvarsdepartementet
er uroa for erfaringane både frå drift av norske NH90-helikopter
og frå drift av NH90-helikopter i andre land. Erfaringane så langt
viser at NH90-helikoptera er meir vedlikehaldskrevjande, med auka
driftskostnader og med lågare tilgjenge enn tidlegare vurdert.
Forsvarssjefen har
gitt ei anbefaling om å prioritere flytimar med NH90 først og fremst
til fregattvåpenet og samstundes finne alternative løysingar til
å dekkje behovet til Kystvakta som ikkje kan dekkjast av NH90. Denne
anbefalinga vil brukast, saman med andre innspel, som grunnlag når
Forsvarsdepartementet går grundig inn i denne saka.
NH90-anskaffinga
er ei særleg vanskeleg anskaffing der ikkje noko handlingsalternativ
står fram som godt. Likevel tilrår Forsvarsdepartementet å vidareføre
anskaffinga med nåverande leverandør med oppdatert leveranseplan.
Dette alternativet er vurdert som det beste for å kunne oppfylle
Forsvaret sitt behov for maritime helikopter.
Regjeringa vidarefører
difor NH90-anskaffinga og føreset samstundes at leverandøren følgjer
opp den reviderte leveranseavtalen.