Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen vert fremja av ein samla komité.

Komiteen viser til proposisjonen og til det som står ovanfor, og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:
I
Investeringsfullmakt

Stortinget samtykker i at Forsvarsdepartementet i 2018 kan starte opp nye investeringsprosjekt, medrekna større eigedoms-, byggje-, og anleggsprosjekt, omtala i den framlagde proposisjonens kapittel 2 og kapittel 3, innanfor dei gjevne kostnadsrammene.