Sammendrag

Justis- og beredskapsdepartementet tilrår at gjeldande lov 9. juni 1961 nr. 1 om skytevåpen og ammunisjon m.v. vert avløyst av ei ny våpenlov (våpenlova). Gjeldande våpenlov er over 50 år gamal og gjev generelle retningsliner for det å erverve og ha våpen. Gjeldande våpenlov er utfylt av eit omfattande forskrifts- og instruksverk som gjer det vanskeleg å halde oversyn over kva som er gjeldande rett.

Departementet ønskjer å gjere regelverket meir føreseieleg ved mellom anna å lovfeste sentrale reglar som etter gjeldande rett er regulerte i forskrift.

Lovframlegget er i hovudsak ei lovfesting og klargjering av gjeldande rett. Lovframlegget har likevel reglar som vil vere ei skjerping i høve til gjeldande regelverk. Desse skjerpingane gjeld først og fremst kva våpentypar som skal kunne ervervast, då det er føreslått å lovfeste eit forbod mot å erverve eller å ha halvautomatiske rifler med størst skadepotensial. Det vil seie halvautomatiske rifler som opphavleg er konstruert for heilautomatisk funksjon eller for militære eller politiet. Det er føreslått unnatak på strenge vilkår for sportsskyttarar, våpensamlarar og andre som kan dokumentere eit særleg behov. Det er føreslått å innføre eit særskilt krav til vandel for å kunne få løyve til å erverve eller å drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon. Reglane for tilbakekall av løyve til å drive næringsverksemd er føreslått skjerpa. Det er også føreslått å styrke kontrollen med deaktiverte skytevåpen, skytevåpen som i dag er unnatekne frå løyve- og registreringsplikt, og med skytevåpen i døds- eller konkursbu.

Lovframlegget implementerer også dei krava som det reviderte EU-våpendirektivet set til vår nasjonale våpenlovgjeving, jf. Prop. 166 S (2016–2017).

Samandraget nedanfor gjev eit kort oversyn over hovudinnhaldet i proposisjonen, med vekt på dei framlegga som representerer noko nytt i høve til gjeldande rett.

Bakgrunnen for lovframlegget

Etter tilråding frå justisministeren vart det ved kongeleg resolusjon 18. juni 2010 oppnemnt eit offentleg utval (våpenlovutvalet) for å gjere ein total gjennomgang av gjeldande våpenlovgjeving og kome med framlegg til ny lov om skytevåpen og ammunisjon eller gjere naudsynte endringar i eksisterande lov.

Våpenlovutvalet leverte si utgreiing 5. desember 2011 som NOU 2011:19 Ny våpenlov – Gjennomgang av gjeldende våpenlovgivning og forslag til ny våpenlov.

Internasjonale rammer for våpenlovgjevinga

I kapittel 3 følgjer eit oversyn over internasjonalt regelverk, som set dei ytre rammene for vår nasjonale våpenlovgjeving.

Utanlandsk rett

I kapittel 4 følgjer eit oversyn over reglane for erverv og innehav av skytevåpen i Sverige, Danmark og Finland.

Føremål og definisjonar

Departementet føreslår i kapittel 5 ein føremålsparagraf i lova. Hensikta med ei slik føresegn er dels å få fram hovudføremålet med lova, og dels å gje føringar for den nærare praktiseringa av regelverket. For å oppfylle denne hensikta må føremålsparagrafen vere tilstrekkeleg klår.

Hovudføremålet med lova må vere å tryggje samfunnet mot feil- eller misbruk av våpen. Ved at føremålsparagrafen berre omtalar tryggingsmessige forhold, kjem det klart fram at behovet for samfunnstryggleik ved motstrid skal gå føre den einskilde sitt behov for skytevåpen.

Departementet meiner at ei føresegn som definerer sentrale omgrep i lova, gjer regelverket betre tilgjengeleg. Ei lovfesting av definisjonar gjer det likevel krevjande å oppdatere regelverket. Departementet ser det difor som hensiktsmessig å avgrense legaldefinisjonane i lovframlegget § 2 til dei definisjonane som er naudsynte for å definere lova sitt saklege verkeområde. Departementet ser at dette kan gjere lova mindre utfyllande, men meiner at omsynet til eit meir fleksibelt regelverk veg opp for denne ulempa. For å bøte på denne ulempa tilrår departementet å fastsette forskriftsheimlar til å fastsette definisjonar av omgrep som ikkje er omtala i lova, jf. lovframlegget § 41 nr. 1.

Lova sitt saklege og stadlege verkeområde

Departementet føreslår i kapittel 6 at lova bør ha ein regel som definerer lova sitt saklege verkeområde. Ein slik regel er gjeve i lovframlegget § 3. Våpen som ikkje vert rekna for skytevåpen, kan også ha eit stort skadepotensial. Av pedagogiske omsyn tilrår difor departementet at lovframlegget klargjer at verkeområdet også omfattar slike gjenstandar.

Departementet tilrår å vidareføre gjeldande unnatak for dei våpna, skytevåpna, våpendelane og ammunisjonen som vert nytta av Forsvaret og politiet. Departementet tilrår vidare at lovframlegget fastset forskriftsheimlar til å kunne gjere unnatak frå lova sitt verkeområde, slik at regelverket er tilpassa eventuelle framtidige behov for særordningar, jf. lovframlegget § 41 nr. 3.

Skytevåpen har lang levetid, og om reglane ikkje får verknad for allereie tildelte løyve, vil slike våpen vere tilgjengelege over lang tid. Ei slik løysing vil difor langt på veg undergrave verknaden av eit forbod. Departementet tilrår difor at forbodet også skal gjelde for allereie tildelte våpenløyve. Det vert tilrådd å fastsette overgangsreglar som legg til rette for at dei som har slike våpen, får ein frist på tre år etter ikraftsetjing av denne lova, til å avhende dei våpna som er omfatta av forbodet, jf. lovframlegget § 43. Sjølv om våpenet ikkje lett kan omsettast i Noreg, vil dei likevel kunne avhendast til land som framleis tillèt denne våpentypen. Dei våpna som ikkje vert avhenda innan fristen, må innleverast eller deaktiverast.

Krav til løyveplikt og forbod mot særskilde våpen, skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon

Kapittel 7 i proposisjonen omhandlar kva skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som skal vere løyvepliktige, og kva av slike gjenstandar det skal vere tillate å erverve og ha. Departementet føreslår å vidareføre gjeldande ordning med krav til løyve for å erverve og ha skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, samt å innføre forskriftsheimlar om krav til registreringsplikt, jf. framlegget til §§ 5-7. Denne forskriftsheimelen skal i hovudsak oppfylle krav til registreringsplikt for deaktiverte skytevåpen etter EU sitt reviderte våpendirektiv.

Departementet føreslår å innføre eit forbod mot halvautomatiske rifler som opphavleg er konstruerte med heilautomatisk funksjon, eller for militære eller politiet, med særskilte unnataksreglar for nærare bestemte sportsskyttarar og våpensamlarar.

I lovframlegget § 6 tredje ledd er det innført ein forskriftsheimel til å kunne gje forbod mot nærare bestemte våpendelar, som enten saknar ein lovleg bruk eller som gjev skytevåpen særskilt farlege eigenskapar.

Grunnlag for erverv av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon

Departementet føreslår å lovfeste at jakt, sportsskyting og samling kan gje grunnlag for erverv av skytevåpen, sjå nærare om dette i kapittel 8 i proposisjonen. Dei framlagde reglane er i all hovudsak ei vidareføring av gjeldande rett, medrekna også vilkår for erverv på anna grunnlag enn jakt, sportsskyting eller samling, jf. framlegget til § 14.

Kven kan erverve eller ha skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon

Kapittel 9 i proposisjonen omtalar kven som kan erverve skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon. Departementet føreslår å vidareføre gjeldande aldersgrenser for erverv av skytevåpen og våpendelar, men slik at det som noko nytt vert gjeve heimel til å kunne gje personar over 18 år fritak frå alderskravet på 21 år for erverv av pistol eller revolver, jf. lovframlegget § 15.

Departementet føreslår å erstatte gjeldande krav til at søkar må vere påliteleg, med eit krav til vandel. I tillegg er det føreslått å presisere at vedkomande sin helsetilstand, eventuell tilknyting til kriminelle miljø, samt andre tryggleiksmessige forhold, vil vere relevante moment i skikkavurderinga, jf. framlegget til § 16 første ledd. Vidare føreslår departementet at politiet kan setje krav til butid for utlendingar som ikkje kan leggje fram vandelsattest frå eit anna EØS-land, jf. framlegget til § 16 andre ledd. Departementet føreslår også å innføre krav til vandel for juridiske personar som skal erverve skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, jf. framlegget til § 17.

Krav til oppbevaring, transport, inn- eller utførsel

Kapittel 10 i proposisjonen omhandlar reglane om lån, transport, oppbevaring samt inn- og utførsel av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon.

Departementet føreslår som noko nytt at også lån av skytevåpen krev løyve frå politiet, sjå framlegget til § 18 første og andre ledd. Hensikta med denne endringa er å betre kontrollen med kven som får tilgang til skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon. Framlegget er likevel ikkje meint å gjelde for kortvarig overlating av skytevåpen eller våpendelar under forsvarleg tilsyn.

Departementet føreslår å lempe noko på kravet til oppbevaringsstad, slik at politiet kan samtykke til at skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon for inntil eitt år av gangen vert oppbevarte på anna adresse enn der vedkomande bur fast, sjå framlegget til § 19 andre ledd. Krava til trygg oppbevaring gjeld også for oppbevaring på mellombels adresse.

Næringsverksemd, tilverking, merking og godkjenning

Kapittel 11 i proposisjonen omhandlar næringsverksemd, tilverking, deaktivering og merking av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, samt godkjenning av skyttarorganisasjonar og skytebaner.

Departementet føreslår å innføre reglar om løyveplikt for å drive andre former for næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon enn handel, tilverking eller reparasjon, sjå framlegget til § 23 første ledd. Vidare er gjeldande fritak for løyve for børsemakarar med meisterbrev føreslått teke bort, slik at desse vert omfatta av kravet til løyve for å kunne drive næringsverksemd.

Departementet føreslår å lovfeste krav til merking av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, og å innføre krav om at også dei som omset slike gjenstandar, må sikre at gjenstandane er merka på lovleg måte, sjå framlegget til § 26 første ledd. Det vert føreslått å lovfeste reglar om når skytevåpen skal reknast som deaktiverte, men slik at dei tekniske krava vert lagde til forskrifta, jf. framlegget til § 27 første ledd.

Departementet føreslår også å lovfeste reglane om godkjenning av skyttar- og våpensamlarorganisasjonar, samt reglane om at forbunda sine tekniske program må vere godkjende av politiet for å kunne gje grunnlag for erverv av skytevåpen til sportsskyting, sjå framlegget til § 28.

Kontroll med og tilbakekall av tildelte løyve

Kapitla 12 og 13 omhandlar politiet sin kontroll med våpenløyve og tilbakekall av tildelte løyve eller godkjenningar samt politiet sin kontroll med skytevåpen i døds- eller konkursbu.

Departementet føreslår å lovfeste ei plikt for politiet til å føre kontroll med om løyvehavar framleis oppfyller dei personlege vilkåra for våpenløyvet, sjå framlegget til § 30 første ledd. Regelen skal samstundes sikre gjennomføring av dei krava som EU sitt reviderte våpendirektiv set til våpenkontroll. For å styrke politiet sin kontroll med tildelte løyve og godkjenningar føreslår departementet å gje politiet heimel til å kunne krevje utlevert kopi av medlemslister frå godkjende skyttar- og våpensamlarorganisasjonar.

Departementet føreslår å innføre ein heimel for politiet til å kunne ta mellombels hand om skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon utan å sende førehandsvarsel om tilbakekall av våpenløyvet, sjå framlegget til § 31 fjerde ledd. Vilkåra for mellombels overlating er at det ligg føre ein grunna mistanke om brot på dei personlege vilkåra, og at det er grunn til å tru at våpenet kan verte misbrukt. Ei slik avgjerd kan gjelde for inntil to veker. Etter den tid må politiet enten sende førehandsvarsel om eller gjere vedtak om å tilbakekalle våpenløyvet.

Når vedtak om tilbakekall er endeleg, føreslår departementet at politiet ikkje lenger skal ha plikt til å avhende gjenstandar på vegne av eigaren, og at dei skal kunne destruere gjenstandar som ikkje er avhenda innan 12 månader frå endeleg vedtak om tilbakekall, sjå framlegget til § 31 femte ledd.

Departementet føreslår vidare å skjerpe reglane for tilbakekall av løyve til å drive næringsverksemd slik at denne regelen vert lik som for tilbakekall av andre våpenløyve. Dette betyr at politimeisteren «skal» tilbakekalle løyve ved brot på dei personlege vilkåra, sjå framlegget til § 32 første ledd.

Det vert føreslått å lovfeste ein heimel til å kunne tilbakekalle godkjenningar som skyttar- eller våpensamlarorganisasjon ved brot på dei krava som gjeld for godkjenninga, sjå framlegget til § 33. Det er også føreslått å innføre ei plikt for bustyrar eller arvingar til å melde frå til politiet om funn av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon i buet, sjå framlegget til § 34 og § 35.

Forvalting, våpenregister, straff og gebyr

Kapittel 14 omhandlar reglane om våpenregister, gebyr, straff, sakshandsamingsreglar og reglar om tidsavgrensa våpenamnesti.

Departementet føreslår at våpenregisteret vert ført vidare, sjå framlegget til § 36. Vidare føreslår departementet å gje heimel til å krevje gebyr for utferding av alle typar løyve eller godkjenningar i medhald av lova, slik at ordninga med gebyr ikkje lenger berre skal gjelde for nærare bestemte sakstypar. Vidare vert det føreslått å innføre reglar om at politiet kan krevja dekning av utgifter til naudsynt bistand frå sakkunnige, sjå framlegget til § 37.

Reglane om straff er føreslått vidareført, men slik at det vert lovfesta kva for brot på våpenlova som er strafflagde, sjå framlegget til § 39. Likeeins føreslår departementet å vidareføre reglane om våpenamnesti.

Forskrift og overgangsreglar

I kapittel 15 vert forskriftsregulering og overgangsreglar omtala. Departementet føreslår å innføre ei ordning der dei bundne forskriftene står i den einskilde paragrafen, medan dei valfrie forskriftene vert samla i ein særskild forskriftsregel, sjå framlegget til § 41.

Departementet tilrår å fastsette overgangsreglar for personar som vert omfatta av det nye forbodet mot nærare bestemte halvautomatiske rifler, slik at desse får ein frist på tre år etter ikraftsetjing av lova til å enten oppfylle dei særskilde vilkåra for å kunne ha denne våpentypen, deaktivere, destruere eller avhende skytevåpna til land som framleis tillèt denne våpentypen, sjå framlegget til § 43. Departementet tilrår også å gje ein heimel til å kunne fastsette overgangsreglar i forskrift.

Departementet har ikkje teke stilling til når lova vil tre i kraft. Lova vil uansett ikkje kunne setjast i verk før ny våpenforskrift er fastsett. EU sitt reviderte våpendirektiv opererer likevel med fristar for gjennomføring for dei ulike reglane, høvesvis innan 14. september 2018, 14. desember 2019 og 14. mars 2021. Dei reglane i lovframlegget som skal gjennomføre direktivet, må difor setjast i verk innan desse datoane, og einskilde av desse truleg før heile lova kan tre i kraft.

Det er også behov for å gje overgangsreglar, jf. framlegget om å innføre forbod mot halvautomatiske rifler med størst skadepotensial. I kva grad det er behov for fleire forskriftsreglar, vil departementet kome attende til i samband med fastsetting av ny våpenforskrift.

Økonomiske og administrative følgjer

Lovframlegget vidareførar i stor grad gjeldande reglar i våpenlov og forskrift og endrar ikkje politiet si våpenforvalting i vesentleg grad.

I lovframlegget er det likevel gjeve reglar som vil få økonomiske og administrative følgjer. Det vert vist til kapittel 16 i proposisjonen.