Kongen kan gje forskrift
om mellom anna:
-
1. definisjon av
våpen og gjenstandar som er nemnde i denne lova,
-
2. lova sitt saklege
verkeområde, medrekna reglar om når lova skal gjelde for ammunisjon
som høyrer inn under Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap,
-
3. unnatak frå våpenlova
for skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som skal brukast på
boreplattformer, norske skip med vidare, jf. § 4,
-
4. krav til kontroll
av ervervar sin identitet og våpenløyve ved distansehandel med skytevåpen,
våpendeler og ammunisjon, jf. §§ 5, 6 og 7,
-
5. sakshandsamingsreglar
for søknad om løyve etter §§ 5, 6 og 7, medrekna utferding av våpenkort
og EU sitt våpenpass, kor lenge eit løyve til erverv etter §§ 5
og 6 gjeld, samt unnatak frå løyveplikt etter § 7 første ledd,
-
6. kva ammunisjon
som ikkje er tillaten etter § 7 tredje ledd nr. 3,
-
7. kor lenge eit
løyve for erverv av ammunisjon kan gjelde, jf. § 7 første ledd andre
punktum,
-
8. kva våpen som
ikkje er tillatne etter § 8,
-
9. kva endringar
som er nemnde i § 9 som krev løyve frå politiet,
-
10. vilkår for fritak
etter § 10,
-
11. kva som vert
rekna for særskilt behov for erverv av meir enn åtte løyvepliktige
skytevåpen til jakt, jf. § 11 første ledd, samt vilkår for fritak
etter § 11 tredje ledd,
-
12. vilkår for godkjenning
av samleområde, jf. § 13 første ledd, samt vilkår for erverv av
skytevåpen eller våpendelar etter § 13 andre ledd, medrekna krav
til historisk eller våpenteknisk grunnlag,
-
13. ervervsgrunnlag
etter § 14 samt krav til opplæring, kva våpentypar som kan ervervast,
og det tal løyvepliktige skytevåpen eller våpendelar etter §§ 5
og 6 som kan ervervast etter § 14,
-
14. vilkår for fritak
frå alderskravet i § 15 andre og tredje ledd og om aldersgrense
for å kunne erverve og ha nærare bestemte våpen som ikkje vert rekna for
skytevåpen etter § 2,
-
15. kravet til at
søkar må vere skikka etter § 16,
-
16. erverv av skytevåpen,
våpendelar eller ammunisjon til juridiske personar, medrekna krav
til våpendugleik, jf. § 17,
-
17. kravet til vandel
for juridiske personar, jf. § 17,
-
18. krav til overlating
av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, jf. § 18 fjerde ledd,
-
19. krav til oppbevaring
av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som ikkje er løyvepliktige
etter §§ 5, 6 eller 7, jf. § 19,
-
20. krav til mellombels
oppbevaring, transport og sending av skytevåpen, våpendelar eller
ammunisjon, jf. § 20,
-
21. krav til merking
og registrering ved mellombels innførsel av skytevåpen, våpendelar
eller ammunisjon, jf. § 21,
-
22. løyveplikt for
inn- eller utførsel av våpen, skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon
som ikkje er løyve- eller registreringspliktige etter §§ 5, 6 eller
7, jf. §§ 21 og 22,
-
23. sakshandsamingsreglar
for søknad om løyve til inn- eller utførsel av våpen, skytevåpen,
våpendelar eller ammunisjon, jf. § 21 og 22,
-
24. gjennomføring
av § 23, medrekna kravet til løyve for næringsverksemd med gjenstandar
som ikkje er løyvepliktige etter §§ 5, 6 eller 7, fritak frå kravet
til løyve for godkjente skyttarorganisasjonar sitt sal av ammunisjon,
reglar for bytte av dagleg leiar, reglar for overlating av skytevåpen,
våpendelar og ammunisjon mellom personar som har løyve etter § 23,
og sakshandsamingsreglar for søknad om løyve,
-
25. merking etter
§ 26,
-
26. tekniske krav
for deaktivering samt reglar for kontroll med og dokumentasjon for
at skytevåpen er deaktiverte på lovleg måte, jf. § 27,
-
27. krav for godkjenning
av skyttar- eller våpensamlarforeiningar samt vilkår for godkjenning
av tekniske reglement og skyteprogram, jf. § 28,
-
28. politiet sin
kontroll med tildelte løyve samt vilkår for å krevje tilkomst til
privat bustad, jf. § 30,
-
29. vilkår for tilbakekall
av løyve etter §§ 31 til 33 og pålegg om overlating av skytevåpen
etter §§ 31 og 32,
-
30. fastsetting
av gebyr, jf. § 37,
-
31. forholdet til
forvaltningsloven, medrekna sakshandsamingsreglar og reglar knytte
til intervju, jf. § 38,
-
32. våpenamnesti,
jf. § 40,
-
33. overgangsreglar
etter § 43, medrekna krav ved avhending av skytevåpen som er lovleg
deaktiverte før ikraftsetjing av lova her, og reglar for gjennomføring
av forboda mot skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som vert
forbodne i medhald av § 5 andre ledd nr. 5, § 6 tredje ledd og § 41
nr. 6.