Representantforslag 41 S (2017-2018)
frå stortingsrepresentant Une Bastholm - Om ny jordvernpolitikk som
sikrar reelt, nasjonalt vern av matjord
Eg viser til oversending
frå Stortinget sin næringskomite av 07.11.2017 der komiteen ber
om Landbruks- og matdepartementet si vurdering av representantforslaget
som er referert nedanfor.
Representanten
har fremma følgjande forslag:
-
1. «Stortinget ber
regjeringen legge frem forslag til endringer i jordlova som gir
dyrka og dyrkbar jord et reelt vern gjennom en vesentlig innstramming
av muligheten for dispensasjoner fra det generelle kravet om at
dyrka og dyrkbar jord ikke skal brukes til andre formål enn matproduksjon.
-
2. Stortinget ber
regjeringen sørge for at dispensasjon fra vernet av dyrka og dyrkbar
jord kun kan gis av en nasjonal planmyndighet.
-
3. Stortinget ber
regjeringen legge frem forslag om en egen hjemmel i jordlova som
gjør det mulig å gi den mest fruktbare matjorda varig vern.
-
4. Stortinget ber
regjeringen gi Fylkesmannen økte ressurser og myndighet til å stanse
lokale vedtak om nedbygging av dyrka og dyrkbar jord frem til en
ny jordlov er på plass.
-
5. Stortinget ber
regjeringen skjerpe inn og fremme forslag om å lovfeste måltallet
for nedbygging av matjord.
-
6. Stortinget ber
regjeringen innføre krav om jordflytting og etablering av erstatningsområder
for dyrka og dyrkbar jord som går tapt eller mister sin funksjon.
-
7. Stortinget ber
regjeringen legge frem forslag til endringer i jordlova som gjør
det lettere å følge opp brudd på jordlova inkludert ulovlig nedbygging
av dyrka og dyrkbar jord.»
Innleiing
Det er no meir merksemd
knytt til verdien av jord, og vi ser stadig fleire kommunar som
tek jordvern på alvor. Dette gir resultat, og omdisponeringa er
no på noko av det lågaste nivået på 30 år. KOSTRA-rapporteringa
viser at omdisponeringa av dyrka jord gikk ned med omlag 5 % frå
2015 til 2016 (frå 6 341 til 6 026 dekar). Til samanlikning blei
det gjennomsnittleg omdisponert 7 600 dekar årleg i perioden med
raud-grøn regjering, og gjennomsnittleg 11 400 dekar i perioden
1994-2003 som var utgangspunktet for halveringsmålet i 2004.
Regjeringa sin jordvernstrategi
blei handsama i Stortinget 8. desember 2015, saman med to oppmodingsvedtak
((Vedtak nr. 140 og 141 (2015-2016)), jf. lnnst. 56 S (2015-2016)
og Prop. 127 S (2014-2015).
Regjeringa har gjennomført
eller er godt på veg til å gjennomføre, dei fleste av dei sytten
tiltaka i regjeringa sin jordvernstrategi. Fleire av tiltaka gjeld
arbeid som må halde fram kontinuerleg, og er difor vanskelege å sjekke
ut som gjennomførte. Av dei tiltaka som ein klart kan seie er gjennomførte,
vil eg nemne nye Nasjonale forventningar til regional og kommunal
planlegging, nye Statlege planretningsliner for samordna bustad-, areal-
og transportplanlegging, og opprettinga av ein ny nasjonal jordvernpris.
Det er fleire departement
som arbeider aktivt for å nå det fastsette målet. For eksempel har
Samferdsledepartementet gjeve klåre forventingar til transportetatane
om å ta omsyn til jordvern gjennom ny Nasjonal transportplan (NTP).
Det er fyrste gong slike forventingar blir gitt i ein NTP. Kommunal-
og moderniseringsdepartementet fylgjer opp strategien gjennom si
forvaltning av plan- og bygningslova, som er det viktigaste verkemiddelet
for å styrke jordvernet.
Regjeringa har fylgt
opp åtte av dei ni oppmodingsvedtaka Stortinget gjorde knytt til
handsaminga av regjeringa sin jordvernstrategi. Det niande oppmodingsvedtaket
gjeld målet som skal bli nådd innan 2020. Oppfølginga av oppmodingsvedtaka
er nærare omtalt i Prop.1 S (2016-2017) og Prop. 1 S. (2017-2018)
frå Landbruks- og matdepartementet.
På denne bakgrunnen
meiner eg at vi er på veg til å nå omdisponeringsmålet. Eg meiner
også at vi fylgjer opp jordvernstrategien, og at vi har gode verkemiddel for
å vareta jordvernet. Eg vil understreke at dette er eit langsiktig
arbeid, og at det er viktig å la dei vedtekne tiltaka få tid til
å virke, framfor å velje nye tiltak.
Om forslag 1 - om ein vesentleg
innstramming av moglegheita for å gi dispensasjonar frå forbodet
mot omdisponering i jordlova
Om forslag 3 - om å opprette
ein ny heimel i jordlova som gjer det mogleg å gi den mest fruktbare
matjorda varig vern.
Om forslag 5 - om å skjerpe
inn og fremme forslag om å lovfeste måltallet for nedbygging av
matjord.
Om forslag 7 - om å leggje fram
forslag til endringar i jordlova som gjer det lettare å følgje opp
brot på jordlova, inkludert ulovleg nedbygging av dyrka og dyrkbar
jord.
Forslag 1, 3, 5
og 7 gjeld forslag til endringar i jordlova. Forslaga heng langt
på veg saman, og eg vil difor kommentere dei fire forslaga i samanheng.
Jordlova § 9 inneheld
eit forbod mot å omdisponere dyrka og dyrkbar mark. Den som bryt
forbodet kan påleggjast eit tvangsgebyr. Er brotet forsettleg, kan
han/ho straffast med bøter. Styresmaktene kan påby at ulovlege anlegg
eller byggverk vert fjerna. Dersom det ligg føre særlege grunnar,
kan departementet (delegert til kommunen) gje dispensasjon dersom
ein etter ei samla vurdering finn at jordbruksinteressene bør vike.
Det er understreka i rundskriv M-1/2013 at meininga med formuleringa
er å få fram at dyrka og dyrkbar jord skal ha sterkt vern. Det er
også vist til at jordvern er av nasjonal interesse og er eit landbrukspolitisk
hovudsatsningsområde. Ved avgjerd av om det skal gjevast dispensasjon frå
forbodet skal det mellom anna takast omsyn til godkjende planar
etter plan- og bygningslova, drifts- eller miljømessige ulemper
for landbruket i området, kulturlandskapet og det samfunnsgagnet
ei omdisponering vil gje. Det skal dessutan takast omsyn til om
arealet kan førast attende til jordbruksproduksjon, og ein kan krevje
at det vert lagt fram alternative løysingar. Er dispensasjon gjeve,
fell løyvet bort tre år etter at vedtaket er fatta viss arbeidet
ikkje er sett i gang.
Statistikk frå KOSTRA
viser at kommunane handsama rundt 1.000 søknader om omdisponering
etter jordlova kvart år frå 2011 fram til i dag. Arealet som vart tillate
omdisponert i 2016 var 1.930 dekar, dvs. om lag 17% av det arealet
som vart registrert omdisponert i 2016. Avslagsprosenten for 2016
var på 11,9, og har i ein femårsperiode vore høgare enn 10. Statistikken
viser ikkje omfanget av eventuell ulovleg omdisponering, kor mange
pålegg om å fjerne ulovlege byggverk som er vedteke, eller i kor
mange høve løyvet har falle bort fordi jorda ikkje er faktisk omdisponert
innan tre år. Statistikken skil heller ikkje mellom jordbruksareal
med høg eller låg produksjonsevne.
I rapport nr. 21/2016
frå Landbruksdirektoratet har direktoratet vurdert korleis vernet
mot omdisponering av dyrka og dyrkbar jord kan styrkast. Direktoratet
peikar på at forbodet i lova er viktig for jordvernet, men at lova
framleis bør opne for å gi dispensasjon. Direktoratet peikar mellom
anna på at omgrepet «særlege grunnar» kan gjerast mindre skjønnsprega,
og endrast i tråd med formuleringa om dispensasjon etter plan- og
bygningslova. Direktoratet vurderte også om det er tenleg å innføre
ein eigen verneheimel i jordlova, men meinte at dette ville vere
ei uheldig løysing. Direktoratet viste i den samanhengen til vurderingane
som vart gjort i ein delrapport til rapport nr. 27/2015 Leiejord
- avgjerande for økt norsk matproduksjon der spørsmålet vart drøfta og
avvist av ei arbeidsgruppe med representantar for ulike interesser
innan landbruket.
I representantforslaget
vert det etterlyst ei innstramming i moglegheita for å gi dispensasjon
(nr. 1). Eg vil peike på at regelen i jordlova allereie er svært
streng. Det er i dag eit forbod mot omdisponering og det skal særlege
grunnar til for å dispensere frå forbodet. Som direktoratet har
peika på, er det naudsynt med ein dispensasjonsmoglegheit, elles
vert forbodet for rigid. Direktoratet er inne på at regelen i jordlova
kan byggjast opp på same måten som dispensasjonsheimelen i plan-
og bygningslova. Heimelen vil i så fall ikkje vere så skjønnsmessig
som i dag, men innehalde meir «firkanta» kriterium for når det kan
gjerast unntak frå forbodet. Ei slik endring kan gjere det lettare
å kontrollere kommunane, men firkanta kriterium kan likevel føre
til at det ikkje vert mogleg å gi dispensasjon sjølv om tiltaket
kan vere av stor samfunnsmessig verdi. Tala frå KOSTRA viser at omdisponeringa
etter jordlova er ein nokså liten del av den totale omdisponeringa
av dyrka og dyrkbar jord. Med bakgrunn i det eg her har sagt, er
eg ikkje samd i at ei innstramming av moglegheita til dispensasjon
etter jordlova er rett veg å gå.
I representantforslaget
vert det også sett fram forslag om ein eigen heimel i jordlova som
kan gje den mest fruktbare matjorda varig vern (nr. 3). Spørsmålet om
det bør innførast ein eigen verneheimel kan truleg sikre nokre av
dei mest verdifulle og utsette jordbruksareala betre mot nedbygging
enn slik stoda er etter gjeldande reglar. Vernet vil likevel berre
gjelde for ein liten del av det totale jordbruksarealet i Noreg,
og det kan føre til at jorda som ikkje er omfatta av vern, i praksis
lettare enn i dag vil risikere å bli omdisponert. Ein verneheimel
kan altså, paradoksalt nok, føre til at meir jord blir omdisponert
enn i dag. Ein verneheimel vil dessutan føre til offentlege verneprosessar
som vil vere komplekse og ressurskrevjande både for grunneigarar
og forvaltinga. Omsynet til jordvern vert i dag i hovudsak vareteke
gjennom planprosessane med heimel i plan- og bygningslova. Eg meiner
at omsynet til jordvernet framleis er best vareteke gjennom ei slik
tilnærming, og gjer merksam på at dette synet også er i tråd med
dei faglege råda eg har fått gjennom dei to rapportane eg har vist
til ovanfor utarbeidd av Landbruksdirektoratet.
Representantforslaget
inneheld også forslag (nr. 5) om at ein skal lovfeste eit måltal
i jordlova for nedbygging av matjord. Måltalet vi har i dag er eit
mål om å redusere nedbygginga. Eg er nøgd med at dette i praksis har
vist seg som ein god reiskap til hjelp for å redusere nedbygginga,
men kan ikkje sjå at reiskapen vert betre dersom han vert fastsett
i lova. Eg meiner at det er ønskjeleg å byggje ned så lite matjord
som mogleg, men har ikkje tru på at eit lovfesta måltal for nedbygging
vil stimulere til ei slik utvikling. Det vil snarare legitimere nedbygginga.
Eit lovfesta måltal vil ut over dette setje ein absolutt skranke
for nedbygging sjølv om verdien for samfunnet av ei omdisponering
er stor. Dersom det skulle fastsetjast eit lovfesta måltal, ville
ein dessutan vere nøydd til å fastsetje reglar om kven og kva for
formål som skulle prioriterast innanfor lova si grense.
I representantforslaget
etterlyser ein forslag til endringar i jordlova som gjer det lettare
å følgje opp brot på forbodet mot nedbygging av dyrka og dyrkbar jord.
Sidan det ikkje vert utarbeidd statistikk over brot på lova eller
forvaltinga si oppfølging av dei, finst det i dag inga oversikt
som viser at ulovleg omdisponering er eit nemnande problem. I forslaget
er det heller ikkje gjort greie for kva for omfang dette problemet
har. Det er berre vist til at jordlova har svake sanksjonsmoglegheiter,
ein påstand eg ikkje er samd i. Ulovleg omdisponering kan etter
gjeldande reglar følgjast opp med eit tvangsgebyr fastsett av Fylkesmannen,
det kan straffast med bøter, og forvaltinga kan påleggje riving
av ulovleg oppførte bygningar.
Sanksjonsmoglegheitene
er såleis mange, og dei er målretta. Eg vil difor tru at manglande
oppfølging av ulovleg omdisponering, heller skuldast vanskar med
å oppdage den ulovlege omdisponeringa enn svake sanksjonsreglar
i jordlova.
Eg meiner det er
svært viktig å leggje til rette for å sikre matjorda som ressurs
for framtidige generasjonar. Det er ein del av ansvaret og arbeidet
mitt som landbruks- og matminister å leite etter måtar å få dette
til på best mogleg vis, og eg tek denne oppgåva alvorleg. Sjølv om
vi ikkje fullt ut har nådd målet om reduksjon i nedbygginga enno,
meiner eg at arbeidet som er lagt ned for å trygge ressursane for
framtida i dei siste fire åra har vist seg å vere vellukka. Eg viser
til at nedbygginga har gått monaleg ned. Dei verkemidla som er tekne
i bruk for å få dette til er i hovudsak knytt til praktiseringa
av plan- og bygningslova, og til haldningsskapande tiltak. Dette er
eit arbeid eg legg vekt på å fortsetje med. Etter mi meining er
det truleg marginalt å hente på å endre jordlova for å styrke vernet
om dyrka og dyrkbar jord, men kommunane bør etter mi meining jamnleg
oppmodast om å praktisere regelen i lova slik at ein både lokalt
og nasjonalt tek vare på ressursane ut frå eit langsiktig perspektiv.
Om forslag 2 - om at dispensasjon
frå vernet av dyrka og dyrkbar jord bare kan gis av ein nasjonal planmyndighet
Eg oppfattar forslaget
slik at det gjeld dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova
§ 19-1 som omfattar dyrka og dyrkbar jord. I grunngjevinga for forslaget
står det at:
«Forslagsstilleren
mener at muligheten til å tillate nedbygging av dyrka og dyrkbar
jord kun skal kunne gis av departementet eller fylkesmannen.»
Det er kommunane
som er planmyndigheit etter plan- og bygningslova, fordi det er
dei som er best til å løyse dei lokale utfordringane. Det kommunale
sjølvstyret er viktig, og kommunane har ulike vilkår og utfordringar
anten dei er sentrale presskommunar eller distriktskommunar med
fråflyttingsproblem.
Kommunane har derimot
ei meldeplikt som gjeld i dispensasjonssaker, og som er omtalt i
§ 19-1 fjerde punktum: «Regionale og statlige myndigheter viss saksområde
blir direkte berørt, skal få mulighet til å uttale seg før det gis
dispensasjon fra planer, plankrav og forbudet i § 1-8.» Kommunal-
og moderniseringsdepartementet meiner at regionalt nivå gjev god
rettleiing til kommunane om handsaming av dispensasjonssaker, men
at det kan vere rom for forbetringar, mellom anna ut frå at praksis
verker å vere noko ulik frå fylke til fylke. Dette er nærare omtalt
i Prop. 1 S (2016-2017) for Landbruks- og matdepartementet.
Stortinget har vedtatt
ei viktig endring i plan- og bygningslova for å styrke jordvernet.
I § 19-2 tredje ledd er det gjort ei tilføying om at det skal leggast
særleg vekt på dispensasjonen sin konsekvensar for jordvern ved avgjerda
av dispensasjon. Endringa kom under Stortinget si handsaming av
Prop. 149 L (2015-2016) Endringar i plan- og bygningsloven (mer
effektive planprosesser, forenklinger mv.). I energi- og miljøkomiteen
si innstilling, lnnst. 181 L (2016- 2017), er forslaget kort omtalt slik:
«Flertallet finner det videre viktig å synliggjøre at jordvern er
av stor betydning. Flertallet foreslår derfor følgende inntatt i
§ 19-2 nytt tredje ledd «Ved dispensasjon fra loven og forskriften
til loven skal det legges særlig vekt på dispensasjonens konsekvenser
for helse, miljø, jordvern, sikkerhet og tilgjengelighet.» Eg legg
etter dette til grunn at ein dispensasjon ikkje må innebere løysingar
til nemneverdig skade for jordvern og eg meiner jordvernet er tilstrekkeleg
vareteke i dispensasjonssaker.
Om forslag 4 - om å gje fylkesmannen
auka ressursar og myndigheit til å stanse lokale vedtak om nedbygging
av dyrka og dyrkbar jord fram til ein ny jordlov er på plass.
Regjeringa har ved
fleire høve markert at det er ei viktig oppgåve i planlegginga å
ta vare på god matjord, samtidig som jordvernet blir balansert mot
storsamfunnet sine andre behov.
Regjeringa har uttrykt
forventningar om at fylkeskommunane og kommunane sikrar viktige
jordbruksområde, og at det gjennom planlegginga blir trekt langsiktige
grenser mellom by- og tettstadsområde og store samanhengande landbruksområde.
Ved forslag om omdisponering av verdifull dyrka eller dyrkbar jord,
bør potensialet for fortetting og transformasjon vere kartlagt,
ifølge regjeringa sine forventningar.
I Statlege planretningsliner
for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, står det at
planar i strid med retningslinene kan gje grunnlag for motsegn.
Det står også at lokaldemokratiet skal bli vektlagt når det blir
vurdert om motsegn skal blifremma, og at motsegn skal avgrensast
til konfliktar med nasjonale eller vesentlege regionale interesser.
Kommunal- og moderniseringsministeren
sende ved brev 17.02.2014 rundskriv H 2/14 til mellom anna fylkesmennene,
med retningsliner for motsegn i plansaker. Der vart det peika på
at viktige interesser skal kome fram så tidleg som mogleg, og at
motsegn skal grunngjevast konkret og berre verte fremma når det
er naudsynt. Det vart også understreka at omsynet til lokaldemokratiet
skal verte vektlagt sterkare framover. Kommunal- og moderniseringsdepartementet
har gjennom sitt arbeid med betre motsegnpraksis og samordning teke
opp behovet for å klargjere nasjonale og viktige regionale interesser
i planlegginga med andre departement, og har etablert ei eiga interdepartemental gruppe
med fokus på dette.
Det er kommunane
som er planmyndigheit etter plan- og bygningslova, fordi det er
dei som er best til å løyse dei ulike lokale utfordringane. Eg meiner
at vi difor ikkje kan ha eit lovverk som hindrar lokalt skjønn.
Fleire av tiltaka i jordvernstrategien aukar kunnskapen og medvitet
om jordvern og arealforvalting i kommunane, og det gir resultat.
Fylkesmennene bidreg
i stor grad til å nå målet som Stortinget har fastsett. Dette gjer
dei mellom anna ved at dei i dialog med kommunane og på oppdrag
frå departementet bidrar til å auke kunnskapen om plan- og bygningslova
sine verktøy for å redusere nedbygginga av dyrka jord. 1 2016 gav
dei tilbod til alle kommunane om opplæring av nye lokalpolitikarar
om jordvern og planlegging. Eg har også bede fylkesmennene i Rogaland
og Hordaland og i Sør- og Nord-Trøndelag om å arrangere regionale
jordvernkonferansar i løpet av dette året. I tillegg deltek 12 fylkesmenn
i eit prosjekt om samordning av motsegn, eit arbeid som no skal
evaluerast. På denne bakgrunnen ser eg ikkje det som naudsynt å
regulere bruken av motsegn ytterlegare.
Om forslag 6 - om å innføre
krav om jordflytting og etablering av erstatningsområder for dyrka
og dyrkbar jord som går tapt eller mister sin funksjon.
Jordflytting er
eitt av tiltaka i regjeringa sin jordvernstrategi. Der står det
at regjeringa vil arbeide vidare med å vurdere om kompensasjon av
jordbruksområde, mellom anna i form av jordflytting, er eit formålstenleg verktøy
der det er vanskeleg å finne alternativ. Arbeidet er i gang.
Bruk av kompenserande
tiltak, som jordflytting, er vurdert som ein siste utveg om ein
ikkje kan unngå nedbygging og å avbøte gjennom tilpassingar. Det
er til no få gode, dokumenterte eksempel på bruk av jordflytting som
kompenserande tiltak. Det er difor fortsatt stor usikkerheit knytt
både til agronomiske, økonomiske, miljømessige og planfaglege forhold.
I tillegg er det naudsynt at ein har eigna areal å flytte jorda
til og god jordfagleg kunnskap om korleis flyttinga skal gjennomførast.
Eg meiner at vi må tileigne oss meir kunnskap om dette tiltaket
før vi vurderer krav eller reglar knytte til jordflytting, og det
arbeidet er vi i gang med.
Statens Vegvesen
har eit par pilotprosjekt i gang om dette knytt til vegprosjekt.
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) bidreg i prosjekta med sin
jordbruksfaglege kompetanse og er ein viktig samarbeidspart. Det
er viktig at desse pilotprosjekta vert gjennomført og evaluert, før
ein avgjer kva ein skal gjere vidare.