Vedlegg 2 - Brev fra Landbruks- og matdepartementet v/statsråd Jon Georg Dale til næringskomiteen, datert 15. november 2017

Vedlegg 2
Representantforslag 41 S (2017-2018) frå stortingsrepresentant Une Bastholm - Om ny jordvernpolitikk som sikrar reelt, nasjonalt vern av matjord

Eg viser til oversending frå Stortinget sin næringskomite av 07.11.2017 der komiteen ber om Landbruks- og matdepartementet si vurdering av representantforslaget som er referert nedanfor.

Representanten har fremma følgjande forslag:

  • 1. «Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til endringer i jordlova som gir dyrka og dyrkbar jord et reelt vern gjennom en vesentlig innstramming av muligheten for dispensasjoner fra det generelle kravet om at dyrka og dyrkbar jord ikke skal brukes til andre formål enn matproduksjon.

  • 2. Stortinget ber regjeringen sørge for at dispensasjon fra vernet av dyrka og dyrkbar jord kun kan gis av en nasjonal planmyndighet.

  • 3. Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om en egen hjemmel i jordlova som gjør det mulig å gi den mest fruktbare matjorda varig vern.

  • 4. Stortinget ber regjeringen gi Fylkesmannen økte ressurser og myndighet til å stanse lokale vedtak om nedbygging av dyrka og dyrkbar jord frem til en ny jordlov er på plass.

  • 5. Stortinget ber regjeringen skjerpe inn og fremme forslag om å lovfeste måltallet for nedbygging av matjord.

  • 6. Stortinget ber regjeringen innføre krav om jordflytting og etablering av erstatningsområder for dyrka og dyrkbar jord som går tapt eller mister sin funksjon.

  • 7. Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til endringer i jordlova som gjør det lettere å følge opp brudd på jordlova inkludert ulovlig nedbygging av dyrka og dyrkbar jord.»

Innleiing

Det er no meir merksemd knytt til verdien av jord, og vi ser stadig fleire kommunar som tek jordvern på alvor. Dette gir resultat, og omdisponeringa er no på noko av det lågaste nivået på 30 år. KOSTRA-rapporteringa viser at omdisponeringa av dyrka jord gikk ned med omlag 5 % frå 2015 til 2016 (frå 6 341 til 6 026 dekar). Til samanlikning blei det gjennomsnittleg omdisponert 7 600 dekar årleg i perioden med raud-grøn regjering, og gjennomsnittleg 11 400 dekar i perioden 1994-2003 som var utgangspunktet for halveringsmålet i 2004.

Regjeringa sin jordvernstrategi blei handsama i Stortinget 8. desember 2015, saman med to oppmodingsvedtak ((Vedtak nr. 140 og 141 (2015-2016)), jf. lnnst. 56 S (2015-2016) og Prop. 127 S (2014-2015).

Regjeringa har gjennomført eller er godt på veg til å gjennomføre, dei fleste av dei sytten tiltaka i regjeringa sin jordvernstrategi. Fleire av tiltaka gjeld arbeid som må halde fram kontinuerleg, og er difor vanskelege å sjekke ut som gjennomførte. Av dei tiltaka som ein klart kan seie er gjennomførte, vil eg nemne nye Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging, nye Statlege planretningsliner for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, og opprettinga av ein ny nasjonal jordvernpris.

Det er fleire departement som arbeider aktivt for å nå det fastsette målet. For eksempel har Samferdsledepartementet gjeve klåre forventingar til transportetatane om å ta omsyn til jordvern gjennom ny Nasjonal transportplan (NTP). Det er fyrste gong slike forventingar blir gitt i ein NTP. Kommunal- og moderniseringsdepartementet fylgjer opp strategien gjennom si forvaltning av plan- og bygningslova, som er det viktigaste verkemiddelet for å styrke jordvernet.

Regjeringa har fylgt opp åtte av dei ni oppmodingsvedtaka Stortinget gjorde knytt til handsaminga av regjeringa sin jordvernstrategi. Det niande oppmodingsvedtaket gjeld målet som skal bli nådd innan 2020. Oppfølginga av oppmodingsvedtaka er nærare omtalt i Prop.1 S (2016-2017) og Prop. 1 S. (2017-2018) frå Landbruks- og matdepartementet.

På denne bakgrunnen meiner eg at vi er på veg til å nå omdisponeringsmålet. Eg meiner også at vi fylgjer opp jordvernstrategien, og at vi har gode verkemiddel for å vareta jordvernet. Eg vil understreke at dette er eit langsiktig arbeid, og at det er viktig å la dei vedtekne tiltaka få tid til å virke, framfor å velje nye tiltak.

Om forslag 1 - om ein vesentleg innstramming av moglegheita for å gi dispensasjonar frå forbodet mot omdisponering i jordlova
Om forslag 3 - om å opprette ein ny heimel i jordlova som gjer det mogleg å gi den mest fruktbare matjorda varig vern.
Om forslag 5 - om å skjerpe inn og fremme forslag om å lovfeste måltallet for nedbygging av matjord.
Om forslag 7 - om å leggje fram forslag til endringar i jordlova som gjer det lettare å følgje opp brot på jordlova, inkludert ulovleg nedbygging av dyrka og dyrkbar jord.

Forslag 1, 3, 5 og 7 gjeld forslag til endringar i jordlova. Forslaga heng langt på veg saman, og eg vil difor kommentere dei fire forslaga i samanheng.

Jordlova § 9 inneheld eit forbod mot å omdisponere dyrka og dyrkbar mark. Den som bryt forbodet kan påleggjast eit tvangsgebyr. Er brotet forsettleg, kan han/ho straffast med bøter. Styresmaktene kan påby at ulovlege anlegg eller byggverk vert fjerna. Dersom det ligg føre særlege grunnar, kan departementet (delegert til kommunen) gje dispensasjon dersom ein etter ei samla vurdering finn at jordbruksinteressene bør vike. Det er understreka i rundskriv M-1/2013 at meininga med formuleringa er å få fram at dyrka og dyrkbar jord skal ha sterkt vern. Det er også vist til at jordvern er av nasjonal interesse og er eit landbrukspolitisk hovudsatsningsområde. Ved avgjerd av om det skal gjevast dispensasjon frå forbodet skal det mellom anna takast omsyn til godkjende planar etter plan- og bygningslova, drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området, kulturlandskapet og det samfunnsgagnet ei omdisponering vil gje. Det skal dessutan takast omsyn til om arealet kan førast attende til jordbruksproduksjon, og ein kan krevje at det vert lagt fram alternative løysingar. Er dispensasjon gjeve, fell løyvet bort tre år etter at vedtaket er fatta viss arbeidet ikkje er sett i gang.

Statistikk frå KOSTRA viser at kommunane handsama rundt 1.000 søknader om omdisponering etter jordlova kvart år frå 2011 fram til i dag. Arealet som vart tillate omdisponert i 2016 var 1.930 dekar, dvs. om lag 17% av det arealet som vart registrert omdisponert i 2016. Avslagsprosenten for 2016 var på 11,9, og har i ein femårsperiode vore høgare enn 10. Statistikken viser ikkje omfanget av eventuell ulovleg omdisponering, kor mange pålegg om å fjerne ulovlege byggverk som er vedteke, eller i kor mange høve løyvet har falle bort fordi jorda ikkje er faktisk omdisponert innan tre år. Statistikken skil heller ikkje mellom jordbruksareal med høg eller låg produksjonsevne.

I rapport nr. 21/2016 frå Landbruksdirektoratet har direktoratet vurdert korleis vernet mot omdisponering av dyrka og dyrkbar jord kan styrkast. Direktoratet peikar på at forbodet i lova er viktig for jordvernet, men at lova framleis bør opne for å gi dispensasjon. Direktoratet peikar mellom anna på at omgrepet «særlege grunnar» kan gjerast mindre skjønnsprega, og endrast i tråd med formuleringa om dispensasjon etter plan- og bygningslova. Direktoratet vurderte også om det er tenleg å innføre ein eigen verneheimel i jordlova, men meinte at dette ville vere ei uheldig løysing. Direktoratet viste i den samanhengen til vurderingane som vart gjort i ein delrapport til rapport nr. 27/2015 Leiejord - avgjerande for økt norsk matproduksjon der spørsmålet vart drøfta og avvist av ei arbeidsgruppe med representantar for ulike interesser innan landbruket.

I representantforslaget vert det etterlyst ei innstramming i moglegheita for å gi dispensasjon (nr. 1). Eg vil peike på at regelen i jordlova allereie er svært streng. Det er i dag eit forbod mot omdisponering og det skal særlege grunnar til for å dispensere frå forbodet. Som direktoratet har peika på, er det naudsynt med ein dispensasjonsmoglegheit, elles vert forbodet for rigid. Direktoratet er inne på at regelen i jordlova kan byggjast opp på same måten som dispensasjonsheimelen i plan- og bygningslova. Heimelen vil i så fall ikkje vere så skjønnsmessig som i dag, men innehalde meir «firkanta» kriterium for når det kan gjerast unntak frå forbodet. Ei slik endring kan gjere det lettare å kontrollere kommunane, men firkanta kriterium kan likevel føre til at det ikkje vert mogleg å gi dispensasjon sjølv om tiltaket kan vere av stor samfunnsmessig verdi. Tala frå KOSTRA viser at omdisponeringa etter jordlova er ein nokså liten del av den totale omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord. Med bakgrunn i det eg her har sagt, er eg ikkje samd i at ei innstramming av moglegheita til dispensasjon etter jordlova er rett veg å gå.

I representantforslaget vert det også sett fram forslag om ein eigen heimel i jordlova som kan gje den mest fruktbare matjorda varig vern (nr. 3). Spørsmålet om det bør innførast ein eigen verneheimel kan truleg sikre nokre av dei mest verdifulle og utsette jordbruksareala betre mot nedbygging enn slik stoda er etter gjeldande reglar. Vernet vil likevel berre gjelde for ein liten del av det totale jordbruksarealet i Noreg, og det kan føre til at jorda som ikkje er omfatta av vern, i praksis lettare enn i dag vil risikere å bli omdisponert. Ein verneheimel kan altså, paradoksalt nok, føre til at meir jord blir omdisponert enn i dag. Ein verneheimel vil dessutan føre til offentlege verneprosessar som vil vere komplekse og ressurskrevjande både for grunneigarar og forvaltinga. Omsynet til jordvern vert i dag i hovudsak vareteke gjennom planprosessane med heimel i plan- og bygningslova. Eg meiner at omsynet til jordvernet framleis er best vareteke gjennom ei slik tilnærming, og gjer merksam på at dette synet også er i tråd med dei faglege råda eg har fått gjennom dei to rapportane eg har vist til ovanfor utarbeidd av Landbruksdirektoratet.

Representantforslaget inneheld også forslag (nr. 5) om at ein skal lovfeste eit måltal i jordlova for nedbygging av matjord. Måltalet vi har i dag er eit mål om å redusere nedbygginga. Eg er nøgd med at dette i praksis har vist seg som ein god reiskap til hjelp for å redusere nedbygginga, men kan ikkje sjå at reiskapen vert betre dersom han vert fastsett i lova. Eg meiner at det er ønskjeleg å byggje ned så lite matjord som mogleg, men har ikkje tru på at eit lovfesta måltal for nedbygging vil stimulere til ei slik utvikling. Det vil snarare legitimere nedbygginga. Eit lovfesta måltal vil ut over dette setje ein absolutt skranke for nedbygging sjølv om verdien for samfunnet av ei omdisponering er stor. Dersom det skulle fastsetjast eit lovfesta måltal, ville ein dessutan vere nøydd til å fastsetje reglar om kven og kva for formål som skulle prioriterast innanfor lova si grense.

I representantforslaget etterlyser ein forslag til endringar i jordlova som gjer det lettare å følgje opp brot på forbodet mot nedbygging av dyrka og dyrkbar jord. Sidan det ikkje vert utarbeidd statistikk over brot på lova eller forvaltinga si oppfølging av dei, finst det i dag inga oversikt som viser at ulovleg omdisponering er eit nemnande problem. I forslaget er det heller ikkje gjort greie for kva for omfang dette problemet har. Det er berre vist til at jordlova har svake sanksjonsmoglegheiter, ein påstand eg ikkje er samd i. Ulovleg omdisponering kan etter gjeldande reglar følgjast opp med eit tvangsgebyr fastsett av Fylkesmannen, det kan straffast med bøter, og forvaltinga kan påleggje riving av ulovleg oppførte bygningar.

Sanksjonsmoglegheitene er såleis mange, og dei er målretta. Eg vil difor tru at manglande oppfølging av ulovleg omdisponering, heller skuldast vanskar med å oppdage den ulovlege omdisponeringa enn svake sanksjonsreglar i jordlova.

Eg meiner det er svært viktig å leggje til rette for å sikre matjorda som ressurs for framtidige generasjonar. Det er ein del av ansvaret og arbeidet mitt som landbruks- og matminister å leite etter måtar å få dette til på best mogleg vis, og eg tek denne oppgåva alvorleg. Sjølv om vi ikkje fullt ut har nådd målet om reduksjon i nedbygginga enno, meiner eg at arbeidet som er lagt ned for å trygge ressursane for framtida i dei siste fire åra har vist seg å vere vellukka. Eg viser til at nedbygginga har gått monaleg ned. Dei verkemidla som er tekne i bruk for å få dette til er i hovudsak knytt til praktiseringa av plan- og bygningslova, og til haldningsskapande tiltak. Dette er eit arbeid eg legg vekt på å fortsetje med. Etter mi meining er det truleg marginalt å hente på å endre jordlova for å styrke vernet om dyrka og dyrkbar jord, men kommunane bør etter mi meining jamnleg oppmodast om å praktisere regelen i lova slik at ein både lokalt og nasjonalt tek vare på ressursane ut frå eit langsiktig perspektiv.

Om forslag 2 - om at dispensasjon frå vernet av dyrka og dyrkbar jord bare kan gis av ein nasjonal planmyndighet

Eg oppfattar forslaget slik at det gjeld dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova § 19-1 som omfattar dyrka og dyrkbar jord. I grunngjevinga for forslaget står det at:

«Forslagsstilleren mener at muligheten til å tillate nedbygging av dyrka og dyrkbar jord kun skal kunne gis av departementet eller fylkesmannen.»

Det er kommunane som er planmyndigheit etter plan- og bygningslova, fordi det er dei som er best til å løyse dei lokale utfordringane. Det kommunale sjølvstyret er viktig, og kommunane har ulike vilkår og utfordringar anten dei er sentrale presskommunar eller distriktskommunar med fråflyttingsproblem.

Kommunane har derimot ei meldeplikt som gjeld i dispensasjonssaker, og som er omtalt i § 19-1 fjerde punktum: «Regionale og statlige myndigheter viss saksområde blir direkte berørt, skal få mulighet til å uttale seg før det gis dispensasjon fra planer, plankrav og forbudet i § 1-8.» Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner at regionalt nivå gjev god rettleiing til kommunane om handsaming av dispensasjonssaker, men at det kan vere rom for forbetringar, mellom anna ut frå at praksis verker å vere noko ulik frå fylke til fylke. Dette er nærare omtalt i Prop. 1 S (2016-2017) for Landbruks- og matdepartementet.

Stortinget har vedtatt ei viktig endring i plan- og bygningslova for å styrke jordvernet. I § 19-2 tredje ledd er det gjort ei tilføying om at det skal leggast særleg vekt på dispensasjonen sin konsekvensar for jordvern ved avgjerda av dispensasjon. Endringa kom under Stortinget si handsaming av Prop. 149 L (2015-2016) Endringar i plan- og bygningsloven (mer effektive planprosesser, forenklinger mv.). I energi- og miljøkomiteen si innstilling, lnnst. 181 L (2016- 2017), er forslaget kort omtalt slik: «Flertallet finner det videre viktig å synliggjøre at jordvern er av stor betydning. Flertallet foreslår derfor følgende inntatt i § 19-2 nytt tredje ledd «Ved dispensasjon fra loven og forskriften til loven skal det legges særlig vekt på dispensasjonens konsekvenser for helse, miljø, jordvern, sikkerhet og tilgjengelighet.» Eg legg etter dette til grunn at ein dispensasjon ikkje må innebere løysingar til nemneverdig skade for jordvern og eg meiner jordvernet er tilstrekkeleg vareteke i dispensasjonssaker.

Om forslag 4 - om å gje fylkesmannen auka ressursar og myndigheit til å stanse lokale vedtak om nedbygging av dyrka og dyrkbar jord fram til ein ny jordlov er på plass.

Regjeringa har ved fleire høve markert at det er ei viktig oppgåve i planlegginga å ta vare på god matjord, samtidig som jordvernet blir balansert mot storsamfunnet sine andre behov.

Regjeringa har uttrykt forventningar om at fylkeskommunane og kommunane sikrar viktige jordbruksområde, og at det gjennom planlegginga blir trekt langsiktige grenser mellom by- og tettstadsområde og store samanhengande landbruksområde. Ved forslag om omdisponering av verdifull dyrka eller dyrkbar jord, bør potensialet for fortetting og transformasjon vere kartlagt, ifølge regjeringa sine forventningar.

I Statlege planretningsliner for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, står det at planar i strid med retningslinene kan gje grunnlag for motsegn. Det står også at lokaldemokratiet skal bli vektlagt når det blir vurdert om motsegn skal blifremma, og at motsegn skal avgrensast til konfliktar med nasjonale eller vesentlege regionale interesser.

Kommunal- og moderniseringsministeren sende ved brev 17.02.2014 rundskriv H 2/14 til mellom anna fylkesmennene, med retningsliner for motsegn i plansaker. Der vart det peika på at viktige interesser skal kome fram så tidleg som mogleg, og at motsegn skal grunngjevast konkret og berre verte fremma når det er naudsynt. Det vart også understreka at omsynet til lokaldemokratiet skal verte vektlagt sterkare framover. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gjennom sitt arbeid med betre motsegnpraksis og samordning teke opp behovet for å klargjere nasjonale og viktige regionale interesser i planlegginga med andre departement, og har etablert ei eiga interdepartemental gruppe med fokus på dette.

Det er kommunane som er planmyndigheit etter plan- og bygningslova, fordi det er dei som er best til å løyse dei ulike lokale utfordringane. Eg meiner at vi difor ikkje kan ha eit lovverk som hindrar lokalt skjønn. Fleire av tiltaka i jordvernstrategien aukar kunnskapen og medvitet om jordvern og arealforvalting i kommunane, og det gir resultat.

Fylkesmennene bidreg i stor grad til å nå målet som Stortinget har fastsett. Dette gjer dei mellom anna ved at dei i dialog med kommunane og på oppdrag frå departementet bidrar til å auke kunnskapen om plan- og bygningslova sine verktøy for å redusere nedbygginga av dyrka jord. 1 2016 gav dei tilbod til alle kommunane om opplæring av nye lokalpolitikarar om jordvern og planlegging. Eg har også bede fylkesmennene i Rogaland og Hordaland og i Sør- og Nord-Trøndelag om å arrangere regionale jordvernkonferansar i løpet av dette året. I tillegg deltek 12 fylkesmenn i eit prosjekt om samordning av motsegn, eit arbeid som no skal evaluerast. På denne bakgrunnen ser eg ikkje det som naudsynt å regulere bruken av motsegn ytterlegare.

Om forslag 6 - om å innføre krav om jordflytting og etablering av erstatningsområder for dyrka og dyrkbar jord som går tapt eller mister sin funksjon.

Jordflytting er eitt av tiltaka i regjeringa sin jordvernstrategi. Der står det at regjeringa vil arbeide vidare med å vurdere om kompensasjon av jordbruksområde, mellom anna i form av jordflytting, er eit formålstenleg verktøy der det er vanskeleg å finne alternativ. Arbeidet er i gang.

Bruk av kompenserande tiltak, som jordflytting, er vurdert som ein siste utveg om ein ikkje kan unngå nedbygging og å avbøte gjennom tilpassingar. Det er til no få gode, dokumenterte eksempel på bruk av jordflytting som kompenserande tiltak. Det er difor fortsatt stor usikkerheit knytt både til agronomiske, økonomiske, miljømessige og planfaglege forhold. I tillegg er det naudsynt at ein har eigna areal å flytte jorda til og god jordfagleg kunnskap om korleis flyttinga skal gjennomførast. Eg meiner at vi må tileigne oss meir kunnskap om dette tiltaket før vi vurderer krav eller reglar knytte til jordflytting, og det arbeidet er vi i gang med.

Statens Vegvesen har eit par pilotprosjekt i gang om dette knytt til vegprosjekt. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) bidreg i prosjekta med sin jordbruksfaglege kompetanse og er ein viktig samarbeidspart. Det er viktig at desse pilotprosjekta vert gjennomført og evaluert, før ein avgjer kva ein skal gjere vidare.