Vedlegg 1 - Brev fra Landbruks- og matdepartementet v/statsråd Jon Georg Dale til næringskomiteen, datert 31. oktober 2017

Vedlegg 1
Svar - Dokument 8:33 S (2017-2018) - Representantforslag frå stortingsrepresentantane Nils T. Bjørke, Heidi Greni, Geir Pollestad og Marit Knutsdatter Strand - Om styrka beredskap gjennom eit sterkare jordvern og beredskapslagring av matkorn

Eg viser til oversending frå Stortinget sin næringskomite av 24.10.2017 der komiteen ber om Landbruks- og matdepartementet si vurdering av representantforslaget nemnd ovafor.

Representantane har fremma følgjande forslag:

  • 1. «Stortinget ber regjeringen snarest mulig gjennomføre de tiltakene som ligger i jordvernstrategien.

  • 2. Stortinget ber regjeringen sørge for at Fylkesmennene sikrer jordvernhensynet gjennom mer aktiv bruk av innsigelser i jordvernsaker.

  • 3. Stortinget ber regjeringen i løpet av våren 2018 legge frem en sak for å sikre åpenhet rundt og begrense bruken av opsjonsavtaler om utbygging av dyrka mark og dyrkbar jord.

  • 4. Stortinget ber regjeringen etablere beredskapslagring av matkorn i løpet av 2018.»

Innleiing

Nok tilgang til mat er ein sentral del av beredskapen, og det er viktig å ta vare på jordressursane for å sikre den. Eg er samd i at Noreg har knapphet på matjord, og at det skjer ei for stor nedbygging av god matjord. Eg er derimot ikkje samd i at utviklinga dei siste åra har gått i feil retning, at det er lite som tydar på at målet om maksimalt 4 000 dekar årleg omdisponering av dyrka jord blir nådd innan 2020, og at regjeringa har gjort lite for å nå dette målet.

Om forslag 1 – om å gjennomføre dei tiltaka som ligg i jordvernstrategien

Regjeringa sin jordvernstrategi blei handsama i Stortinget 8. desember 2015, saman med to oppmodingsvedtak ((Vedtak nr. 140 og 141 (2015-2016)), jf. Innst. 56 S (2015–2016) og Prop. 127 S (2014–2015). Stortinget fastsette eit mål om at årleg omdisponering skal ned til under 4 000 dekar innan 2020.

Regjeringa har gjennomført eller er godt på veg til å gjennomføre, dei fleste av dei sytten tiltaka i regjeringa sin jordvernstrategi. Fleire av tiltaka gjeld arbeid som må halde fram kontinuerleg, og er difor vanskelege å sjekke ut som gjennomførte. Av dei tiltaka som ein klart kan seie er gjennomført, vil eg nemne nye Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging, nye Statlege planretningsliner for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging,og opprettinga av ein ny nasjonal jordvernpris. Regjeringa var tydeleg på omsynet til jordvern både i dei nasjonale forventningane, og i dei statlege planretningslinene nemnd over. Opprettinga og utdelinga av jordvernprisen har medverka til å auke merksemda om jordvernet, særleg i kommunane, og har fått fram gode idear og eksempel.

Formidling og konkretisering av nasjonale jordverninteresser, og rettleiing om fortetting, transformasjon og konsentrert utbygging, er eksempel på tiltak som gjeld arbeid som må halde fram kontinuerleg. Det same gjeld tiltak for å auke plankompetansen og det faglege kunnskapsgrunnlaget.

Når det gjeld formidling, vil eg særleg trekke fram mitt brev av 8. mars 2017 til kommunane, fylkeskommunane og fylkesmennene om oppfølginga av den nasjonale jordvernstrategien, der eg mellom anna peiker på det ambisiøse omdisponeringsmålet. Eg vil også nemne at eg har bedt fleire av fylkesmennene om å arrangere regionale jordvernkonferansar i løpet av dette året, for å auke kunnskapen og merksemda om jordvern, og for å formidle gode eksempel. I 2016 er det også gitt tilbod om opplæring til nye lokalpolitikarar om jordvern og planlegging.

Det er fleire departement som arbeider aktivt for å nå det fastsette målet. For eksempel har Samferdsledepartementet gitt klåre forventingar til transportetatane om å ta omsyn til jordvern gjennom ny Nasjonal transportplan (NTP). Det er fyrste gong slike forventingar blir gitt i ein NTP. Kommunal- og moderniseringsdepartementet fylgjer opp strategien gjennom si forvaltning av plan- og bygningslova, som er det viktigaste verkemiddelet for å styrke jordvernet.

Regjeringa har fylgt opp åtte av dei ni oppmodingsvedtaka Stortinget gjorde knytt til handsaminga av regjeringa sin jordvernstrategi. Det niande oppmodingsvedtaket gjeld målet som skal bli nådd innan 2020. Oppfølginga av oppmodingsvedtaka er nærare omtalt i Prop.1 S (2016-2017) og Prop. 1 S. (2017-2018) frå Landbruks- og matdepartementet.

Det er no meir merksemd knytt til verdien av jord, og vi ser stadig fleire kommunar som tek jordvern på alvor. Det gir resultat, og omdisponeringa er no på noko av det lågaste nivået på 30 år. KOSTRA-rapporteringa viser at omdisponeringa av dyrka jord gjekk ned med omlag

5 % frå 2015 til 2016 (frå 6 341 til 6 026 dekar). Til samanlikning blei det gjennomsnittleg omdisponert 7 600 dekar årleg i perioden med raud-grøn regjering, og gjennomsnittleg 11 400 dekar i perioden 1994-2003, som var utgangspunktet for halveringsmålet i 2004.

På denne bakgrunnen meiner eg at vi er på veg til å nå omdisponeringsmålet. Eg meiner også at vi fylgjer opp jordvernstrategien, og at vi har gode verkemiddel for å ivareta jordvernet. Eg vil understreke at dette er eit langsiktig arbeid, og at det er viktig å la dei vedtekne tiltaka få tid til å virke, framfor å velje nye tiltak.

Om forslag 2 – om meir aktiv bruk av motsegn i jordvernsakar

Plan- og bygningslova gir kommunane dei viktigaste verkemidla for å ivareta jordvernet. Innafor rammene av § 1-1 som uttrykker loven sitt formål, skal planer etter plan- og bygningslova mellom anna sikre jordressursane, jf. § 3-1.

Regjeringa har ved fleire høve markert at det er ei viktig oppgåve i planlegginga å ta vare på god matjord, samtidig som jordvernet blir balansert mot storsamfunnet sine andre behov. Regjeringa har uttrykt forventningar om at fylkeskommunane og kommunane sikrar viktige jordbruksområde, og at det gjennom planlegginga blir trekt langsiktige grenser mellom by- og tettstadsområde og store samanhengande landbruksområde. Ved forslag om omdisponering av verdifull dyrka eller dyrkbar jord, bør potensialet for fortetting og transformasjon vere kartlagt, ifølge regjeringa sine forventningar.

I Statlege planretningsliner for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, står det at planer i strid med retningslinene kan gi grunnlag for motsegn. Det står også at lokaldemokratiet skal bli vektlagt når det blir vurdert om motsegn skal bli fremma, og at motsegn skal avgrensast til konfliktar med nasjonale eller vesentlege regionale interesser.

Kommunal- og moderniseringsministeren sendte ved brev 17.02.2014 rundskriv H 2/14 til bl.a. fylkesmennene, med retningsliner for motsegn i plansaker. Der ble det peika på at viktige interesser skal kome fram så tidleg som mogleg, og at motsegn skal grunngjevast konkret og bare bli fremma når det er nødvendig. Det vart også understreka at omsynet til lokaldemokratiet skal bli vektlagt sterkare framover. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gjennom sitt arbeid med betre motsegnpraksis og samordning tatt opp behovet for å klargjere nasjonale og viktige regionale interesser i planlegginga med andre departement, og har etablert ei eiga interdepartemental gruppe med fokus på dette.

Det er kommunane som er planmyndigheit etter plan- og bygningslova, fordi det er dei som er best til å løyse dei lokale utfordringane. Det kommunale sjølvstyret er viktig, og kommunane har ulike vilkår og utfordringar anten dei er sentrale presskommunar eller distriktskommunar med fråflyttingsproblem. Eg meiner at vi derfor ikkje kan ha eit lovverk som hindrar lokalt skjønn. Fleire av tiltaka i jordvernstrategien aukar kunnskapen og medvitet om jordvern og arealforvalting i kommunane, og det gir resultat.

Fylkesmennene bidrar i stor grad til å nå målet som Stortinget har fastsett. Dette gjer dei mellom anna ved at dei i dialog med kommunane og på oppdrag frå departementet bidrar til å auke kunnskapen om plan- og bygningslova sine verktøy for å redusere nedbygginga av dyrka jord. I 2016 ga dei tilbod til alle kommunane om opplæring av nye lokalpolitikarar om jordvern og planlegging.

På denne bakgrunnen ser eg ikkje det som naudsynt å regulere bruken av motsegn ytterlegare.

Om forslag 3 – om bruken av opsjonsavtaler om utbygging av dyrka og dyrkbar mark

Landbruksdirektoratet har på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet

greidd ut spørsmåla knytte til opsjonsavtalar om kjøp av dyrka og dyrkbar jord. Direktoratet har kome med forslag om at det blir fastsett eit forbod mot opsjonsavtalar og eit pålegg om informasjon til leietakar. Departementet har, etter ei samla vurdering, komme til at ein ikkje vil gå vidare med forslaga, som omtalt i Prop. 1 S. (2017–2018).

Ein opsjon er inga omdisponering av dyrka eller dyrkbar jord, og blir i dag ikkje omfatta av reglane i jordlova. Opsjon gir utbyggjar ein eksklusiv rett til å byggje ut området i framtida dersom utbygging blir tillate gjennomført. Vedtak om utbygging ligg likevel til kommunen som planmyndighet. For utbyggjer gir opsjonen ein form for tryggleik for dei utviklingskostnadane som blir lagt ned i prosjekteringa før ein reguleringsplan.

Eg meiner at ein opsjonsavtale i nokre tilfeller kan være nødvendig som ledd i utviklinga av eit byggjeprosjekt, anten utbygginga skjer på dyrka jord eller andre område. Utbyggjar betaler ofte grunneigaren for å få ein slik eksklusiv rett, anten i form av ein eingongssum eller som ein årleg sum. Opsjonsavtalen gir dermed ei inntekt til eigaren. Konsekvensen av eit forbod mot opsjonsavtalar vil vere at det blir vanskelegare å leggje til rette for utbygging, og at eigaren vil miste inntekter. Det er ikkje påvist i utgreiinga at eit forbod vil føre til redusert nedbygging av jord. Eg meiner at forslaga vil føre til meir arbeid for kommunane og gi kompliserte reglar som vil vere vanskelege å handheve.

Eg er tilhenger av ein sterk privat eigedomsrett. Eg meiner difor at ein ikkje bør svekke denne gjennom eit generelt forbod.

Eg meiner at omsynet til jordvern bør bli varetatt gjennom planprosessen og i enkeltsaker som gjeld omdisponering. Eit forbod mot opsjonsavtaler og pålegg om informasjon til leietakar er ikkje egna verkemiddel for å styrke jordvernet. Eg meiner at gode planprosesser i kommunane og behandling av enkeltsaker etter jordloven er viktigare av omsyn til jordvern enn det forslaga til regulering av opsjonsavtaler legg til rette for. Det er etter mitt syn ikkje haldepunkt for å seie at ein opsjonsavtale medfører auka press på nedbygginga av dyrkajord. Eg meiner tvert om at avtalane i dei fleste slike tilfeller vil kome som følgje av eit press på jorda som allereide er etablert. Difor er det tidspunktet for omdisponeringsvedtak i kommunane som er det kritiske punktet for å hindre nedbygging, og derfor bør innsatsen rettast inn der.

Om forslag 4 – om å etablere beredskapslagring av matkorn i løpet av 2018

Innleiing

Matsikkerheita i Noreg blir sikra gjennom nasjonal produksjon, handel og ivaretaking av produksjonsgrunnlaget. Forsyningsberedskapen innafor matvaresektoren er basert på at både nasjonal produksjon og import langt på veg kan bli oppretthalde også i kriser. Ei fullstendig avsperring frå internasjonale marknader over noko tid blir ikkje sett på som realistisk. Noreg har vore og vil framleis vera avhengig av å importere viktige matvarer, innsatsfaktorar, maskiner og utstyr. Noreg er også i den heldige situasjonen at vi har ein stor sjømatsektor. Saman med matproduksjon frå landbruket sikrar dette eit solid fundament for nasjonal matsikkerheit.

Noreg hadde tidlegare lager av korn og mjøl, men dette blei i hovudsak avvikla i 2003. I perioden 2003-2013 hadde ein bare ei ordning med lagring av mjøl til bakeribransjen nord for Ofoten, tilsvarande 20 dagars sal til bakeria i området.

Tidlegare vurderingar av beredskapslagring av matkorn

Regjeringa har fleire gonger i perioden 2013-2017 på oppmoding frå Stortinget vurdert beredskapslagring av matkorn.

Som ein del av budsjettavtalen mellom regjeringa, Kristeleg Folkeparti og Venstre om statsbudsjettet for 2014 fatta Stortinget 26.11.13 følgjande oppmodingsvedtak, jf. Prop. 1 S (2013-2014), Prop. 1 S Tillegg 1 (2013-2014) og Innst. 2 S (2013-2014):

«Stortinget ber regjeringen utrede behovet for en ordning med kornlager.»

På bakgrunn av oppmodingsvedtaket bad Landbruks- og matdepartementet Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) om å greie ut behovet for ei ordning med kornlager, jf. rapporten Notat 2014-12 Marked før regulering: Vurdering av statlige lagringstiltak for sikker matkornforsyning frå NILF. Hovudkonklusjonane i rapporten var at dei norske verdikjedene for matkorn, mjøl- og bakervarer kan handtere dei risikoane som er relevante. Statleg regulert lagring av matkorn styrkjer ikkje den norske forsyningstryggleiken merkbart, men kan i staden svekkje marknadsaktøranes motiv for eiga lagring.

Regjeringa føreslo ikkje i framlegg til statsbudsjett for 2015 innføring av ei ordning med beredskapslagring av matkorn i Noreg, jf. Prop. 1 S (2014-2015) der det bl.a. heiter: «Utviklinga nasjonalt og internasjonalt etter 2003, då dei tidlegare lagra blei avvikla, og vurdering av situasjonen framover, tilseier ikkje at det er grunnlag for å endre planføresetnadene som beredskapspolitikken byggjer på, og som legg til grunn at Noreg ikkje vil vere avsperra frå internasjonale marknader over tid.»

Under handsaminga av saka i Næringskomiteen uttalte fleirtalet følgjande, jf. Innst. 8 S (2014-2015):

«Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, mener det er behov for en mer omfattende risiko- og sårbarhetsanalyse.»

Departementet bad NILF om å utarbeide ein risiko- og sårbarheitsanalyse for matkornforsyning, jf. rapporten Notat 2015-11 Risiko- og sårbarhetsanalyse for norsk matkornforsyning: Grunn til å styrke systemforståelse og –overvåkning frå NILF. Konklusjonen i rapporten var at forsyningsevna for matkorn er god. Risikoen for brå og uventa forsyningssvikt av matkorn blei vurdert som svært liten. På den bakgrunn konkluderte rapporten med at det ikkje er behov for kriseberedskap for norsk matkornforsyning. Rapporten tilrådde styrkt overvaking av grunnlaget for norsk matsikkerheit generelt, dvs handelssystem, produksjon og produksjonsgrunnlag.

Landbruks- og matdepartementet omtalte rapporten i framlegg til statsbudsjett for 2016, jf. Prop. 1 S (2015-2016), der det bl.a. heiter:

«Det blir vist til vurderingane som blei gjort om beredskapslagring i budsjettproposisjonen til Landbruks- og matdepartementet for 2015. ROS-analysen frå NILF gir ikkje grunnlag for å endre planføresetnadene som beredskapspolitikken byggjer på, og som legg til grunn at Noreg ikkje vil vere avsperra frå internasjonale marknader over tid. Som det blei gjort greie for i budsjettproposisjonen for 2015, er det likevel nokre forhold som kan føre til både auka prisnivå på matkorn og større prisrisiko i framtida. Landbruks- og matdepartementet vil ha auka merksemd på desse forholda framover.»

Som ein del av budsjetthandsaminga for 2016 bad fleirtalet i Næringskomiteen om ei ny risiko- og sårbarheitsanalyse, jf. Innst. 8 S (2015-2016) der det bl.a. heiter:

«Flertallet ber regjeringen om å utarbeide en grundig risiko- og sårbarhetsanalyse hvor matproduksjon, matforsyning og beredskap inngår som en del av samfunnssikkerhetsperspektivet.»

Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet bad Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) om å utarbeide risiko- og sårbarheitsanalysen, jf. rapporten Risiko- og sårbarhetsanalyse av norsk matforsyning frå DSB i januar 2017. DSB har analysert hendingar som gir eit breitt bilete av påkjenningar som kan ramme norsk matforsyning. Direktoratet har ikkje funne hendingar med høg risiko for norsk matforsyning, men har peika på nokre viktige utfordringar. Det kan førekoma ulike former for forstyrringar i forsyninga. Nokre hendingar kan isolert sett få følgjer, men DSB forventar ikkje at desse vil ha store konsekvensar for matforsyninga. Ein føresetnad for dette er at vi har eit velfungerande handelssystem som gjer det mogleg å importere mat. På lengre sikt kan klimaendringar og andre utviklingstrekk føre til at føresetnadene i rapporten blir utfordra.

Regjeringa orienterte Stortinget i Revidert nasjonalbudsjett 2017 om hovudkonklusjonane i DSBs rapport og planlagt oppfølging, jf. Prop. 129 S (2016-2017) der det bl.a. heiter følgjande om tilbodssvikt av korn og lagring av matkorn:

«Et av krisescenariene som DSB har analysert er tilbudsvikt av korn. DSB foreslår at Landbruksdirektoratet får i oppdrag å overvåke risiko for internasjonal tilbudssvikt av korn og fôrråstoffer. Landbruks- og matdepartementet viser til at Landbruksdirektoratet har ansvar for å forvalte importvernet for landbruksvarer. Som en del av dette ansvaret følger direktoratet med på den internasjonale markedsutviklingen for landbruksvarer. Departementet vil tydeliggjøre overfor Landbruksdirektoratet at overvåkning av risiko for internasjonal tilbudssvikt av korn og fôrråstoffer skal inngå i dette arbeidet.

DSB foreslår videre at myndighetene bør utrede hvilke tiltak som er nødvendig for å kunne reetablere lagring av matkorn ved endret vurdering av behovet. Landbruks- og matdepartementet viser til at det de siste årene er gjennomført utredninger for å vurdere forsyningsberedskapen for matkorn. Ingen av disse peker på beredskapslagring av matkorn som et målrettet og kostnadseffektivt tiltak. Det er imidlertid noen forhold, blant annet forverrede vekstforhold på grunn av klimaendringer, som kan medføre både økt prisnivå på matkorn og større prisrisiko på lengre sikt. Departementet vil ha økt oppmerksomhet på disse forholdene fremover, jf. omtalen ovenfor av oppdraget til Landbruksdirektoratet.»

Komiteens merknader i Innst. 401 S (2016-2017) var:

«Komiteen tar omtalen til orientering.»

Om representantforslaget

Representantforslaget ber regjeringa etablere beredskapslagring av matkorn i løpet av 2018.

Ei utgreiing om beredskapslagring av matkorn som Statens landbruksforvaltning (SLF) (no Landbruksdirektoratet) la fram i januar 2013 kan gi ein viss peikepinn om kostnadsomfanget. I rapporten blei det bl.a. skissert utforming av ei ordning med beredskapslager, herunder vurdering av kostnader og juridiske forhold. Forslaget var basert på at lagring skjer i regi av marknadsaktørane, der staten betalar godtgjering for lagring utover den kommersielle delen. Dei årlege kostnadene vil avhenge av ei rekkje faktorar, der dei viktigaste knyter seg til storleiken på lageret, lagerleige og kompensasjon for kapitalbinding.

SLF tok utgangspunkt i beredskapslagring for eit forbruk av matkorn i 6 månader på 210 000 tonn, der ein også rekna med kvantum korn brukt til dei importerte brødvarene. Kvantumet blei fordelt med 107 000 tonn som kommersiell lagerbehaldning og 103 000 tonn som beredskapslager. Dei årlege kostnadene med eit beredskapslager på 103 000 tonn blei rekna til å liggje mellom 23 og 44 mill. kroner, avhengig av rentesats og kornpris på verdsmarknaden. Over ein 5-årsperiode vil dette utgjera mellom 115 og 220 mill. kroner. Utgiftene til etablering av lageret var ikkje tatt med i kostnadsoverslaget til SLF. Etablering av lageret må skje ved innkjøp av matkorn frå verdsmarknaden til gjeldande pris på kjøpstidspunktet. Under føresetnad av eit lager på om lag 100 000 tonn og VM-pris på 1,50 kroner, vil dette koste 150 mill. kroner. Tollkostnaden var ikkje medrekna. Denne vil liggje på om lag 150 mill. kroner. Til saman pratar vi altså om kostnader på potensielt over ein halv milliard 2013-kroner.

På denne bakgrunn er det mi vurdering at beredskapslagring av matkorn ikkje er eit målretta og kostnadseffektivt tiltak for å styrkje norsk matsikkerheit.