Samferdselsdepartementet
foreslår å endre luftfartslova ved at ein ny § 9-1 a om forskriftsfullmakt for
restriksjonsområde blir lagd til. Formålet med endringa er å gjere
heimelsgrunnlaget for oppretting av restriksjonsområde i luftrommet
klarare. I dag blir restriksjonsområde, same kva dei har til formål,
oppretta i medhald av luftfartslova § 9-1, som lyder slik:
«Departementet gir
forskrifter om hva som skal iakttas for å unngå sammenstøt mellom
luftfartøyer eller andre luftfartsulykker og ellers for å trygge
mot farer og ulemper herunder støy som følge av luftfart.
Departementet gir
nærmere forskrifter om operative forhold».
Etter ordlyden rettar
luftfartslova § 9-1 seg først og fremst mot flytryggleiken. Til
dømes opprettar Luftfartstilsynet restriksjonsområde i samband med militære
øvingar. Likevel er det òg behov for å opprette restriksjonsområde
knytte til andre omsyn enn flytryggleiken, til dømes over fengsel
og i samband med større markeringar og arrangement, til vern av infrastruktur
og ved statsbesøk. Samferdselsdepartementet har i forslaget til
lovendring omtalt slike omsyn som «viktige samfunnsmessige hensyn».
Samferdselsdepartementet
ser det slik at luftfartslova § 9-1 gir utilfredsstillande og uklart
heimelsgrunnlag for å opprette restriksjonsområde for dei ulike
formåla. Samferdselsdepartementet meiner òg at oppretting av restriksjonsområde
er eit særleg tiltak som bør regulerast meir eksplisitt i luftfartslova enn
det den meir generelle formuleringa i luftfartslova § 9-1 gjer.
Sjå forslag til ny § 9-1 a i luftfartslova.
Samferdselsdepartementet
har i arbeidet med proposisjonen fått bistand frå ei arbeidsgruppe
med representantar for Justis- og beredskapsdepartementet, Forsvarsdepartementet,
Luftfartstilsynet, Nasjonalt tryggingsorgan, Luftforsvaret og politiet
(Oslo politidistrikt).
Forslaget går ut
på at Luftfartstilsynet som hovudregel er den myndigheita som opprettar
restriksjonsområde, og då ved å fastsetje forskrift. I tillegg til
forslaget om ei ny føresegn som presiserer og klargjer heimelsgrunnlaget,
blir det foreslått at det skal takast inn ei føresegn som gir den
militære luftfartsmyndigheita heimel til å opprette restriksjonsområde
i akutte eller uavklarte militære situasjonar der dei normale saksbehandlingsprosedyrane,
med høyring og fastsetjing av forskrift, blir for tidkrevjande.