Sammendrag

I dokumentet vert følgjande forslag fremma:

«Stortinget ber regjeringa fremje sak om å innføre ein eigen utdanningsspesialitet i akuttkirurgi (generell kirurgi) for å ivareta behovet i nasjonalt og internasjonalt arbeid, og nødvendige økonomiske tiltak for å styrke rekruttering av kirurgar til lokalsjukehus.»

Helsedirektoratet har fått i oppdrag av regjeringa å vedta nye læringsmål i ny spesialistutdanning for legar. Det er eit mål i ny spesialistutdanning å spesialisere legar raskare enn i dag. Med nytt løp vil legar spesialisere seg i løpet av 6,5 år, mot gjennomsnittleg 9 år i dag. Forslagsstillarane peiker på at læremål i ny spesialistutdanning av legar kan føre til at Noreg i framtida vil mangle kirurgar med generell kirurgisk kompetanse. Medan mange kirurgar i dag er utdanna i generell kirurgi og kan handtere dei vanlegaste akuttkirurgiske tilstandane, vil ikkje det gjelde framtidas kirurgar om Helsedirektoratet sitt forslag til ny spesialistutdanning blir ein realitet. Den nye spesialistutdanninga inneber at generell kirurgi ikkje lenger vil vere ein felles utdanning eller spesialitet for norske kirurgar. Då vil svært få av framtidas kirurgar sikrast kompetanse til å kunne gå vakt på små og mellomstore sjukehus, ta imot skadde pasientar og utføre vanlege akuttkirurgiske operasjonar. Det vil berre vere mage- og tarmspesialistane (gastrokirurgar) som vil ha slik vaktkompetanse. Forslagsstillarane viser til at det fram til 2022 vil bli utdanna generelle kirurgar i Noreg. Men deretter vil det ifølgje nytt forslag vere mage- og tarmkirurgar (gastrokirurgar) som skal vere dei nye vaktkompetente legane. Dette vil kunne bidra til ei sterk sentralisering av det akuttkirurgiske tilbodet.

Spesialistutdanninga av legar er eit viktig fagpolitisk spørsmål. Forslagsstillarane meiner at legespesialisering og spesialiststruktur må utviklast både i tråd med den medisinske utviklinga og i tråd med samfunnet sitt behov. Det er eit overordna helsepolitisk ansvar å sikre at dette skjer. I dag er det etter forslagsstillarane sitt syn ikkje godt nok samsvar mellom legespesialistutdanninga og behova i helsetenesta. Nye utdanningsløp må ikkje berre sikre spisskompetanse ved dei store sjukehusa. Nye spesialistutdanningar må sjølvsagt også sikre breiddekompetanse på lokalsjukehus og på større sjukehus med lokalsjukehusfunksjonar, der dei fleste pasientane vert behandla.

Som følgje av regjeringa Solberg sin regjeringsplattform vil det bli oppretta ein ny legespesialitet i akutt- og mottaksmedisin. Denne skal handtere heile bredda av medisinske problemstillingar som kjem inn i norske akuttmottak, deriblant å kunne vurdere kirurgiske problemstillingar i samarbeid med kirurgar og andre spesialitetar.

Men forslagsstillarane meiner det er viktig å vere klar over at denne nye spesialiteten ikkje skal erstatte etablerte spesialistvakter ved norske sjukehus. Det vil seie at ein ny legespesialitet i akutt- og mottaksmedisin ikkje vil sikre generell kirurgisk kompetanse ved lokalsjukehusa.

Rekruttering av dyktige fagfolk er nødvendig for å bygge opp fagmiljø og sikre kvaliteten i tilbodet. Det er for få legespesialistar i Noreg. Både store og små sjukehus kan ha rekrutteringsvanskar. Men manglande rekruttering til lokalsjukehus blir brukt som argument for å legge ned sjukehus eller sentralisere tilbod.

Forslagsstillarane meiner at endringar i spesialistutdanninga også må ta vare på behova til lokalsjukehuspasientane, særleg gjeld dette akuttmedisin. Det må opprettast legestillingar som styrkar utviklinga av lokalsjukehusa og samarbeidet med kommunehelsetenesta. Ny spesialistutdanning for legar må difor sikre at utdanning av legar med vaktkompetanse i generell kirurgi fortset, tilpassa behova ved små og mellomstore sjukehus i Noreg. Forslagsstillarane meiner at ein ny spesialitet i akuttkirurgi (generell kirurgi) vil gjere generell kirurgi interessant for mange yngre legar. Det kan også vere legar som kan tenke seg å arbeide utanlands, til dømes for Forsvaret, Røde Kors og Legar Utan Grenser.