Kommunal- og moderniseringsdepartementet
føreslår i proposisjonen ei endring i bustøttelova § 10 første ledd
bokstav d om rett til å krevje tilbake for mykje utbetalt bustøtte
etter at det er gjennomført etterkontroll. Bakgrunnen for forslaget
er at departementet ønskjer at Husbanken skal få generell heimel til
å krevje tilbake for mykje utbetalt bustøtte.
Departementet har
19. desember 2016 vedteke endringar i forskrift 29. november 2012
nr. 1283 om bustøtte om inntektsgrunnlaget for utrekning av bustøtte
og ei tilpassing til dette i reglane om etterkontroll.
Før endringa i bustøtteforskrifta
blei bustøtte i all hovudsak rekna ut på grunnlag av likningsopplysningar,
medan utrekning etter dei nye reglane som hovudregel skal gjerast
med grunnlag i aktuell månadsinntekt.
A-opplysningslova
inneber at Nav, offentlege og private arbeidsgjevarar skal rapportere
inn utbetaling av løn og anna kvar månad (a-ordninga). Kapitalinntekter
og inntekter frå eiga næringsverksemd er døme på inntekter som ikkje
blir rapporterte inn gjennom a-ordninga. Det går fram av proposisjonen
at opplysning om slike inntekter og om formue framleis må byggje
på skatteopplysningar.
Endringa i bustøtteforskrifta
vil gje mindre behov for etterkontroll og krav om tilbakebetaling. Ordninga
vil vere meir føreseieleg for mottakarane, og handsaminga av sakene
i kommunane vil bli enklare. Endringa om inntektsgrunnlaget gjer
det nødvendig å tilpasse reglane om etterkontroll og for mykje betalt
bustøtte.
I dag gjev bustøttelova
§ 10 første ledd bokstav d heimel for å krevje tilbakebetalt bustøtte
dersom det syner seg ved etterkontroll at årsinntekta til søkjaren er
over grensene som er fastsette i forskrift. Departementet meiner
lova slik ho lyder i dag, gjev heimel for å vedta og setje i verk
endringane i bustøtteforskrifta som omtalt.
Endringa synleggjer
likevel at lovteksten i § 10 første ledd bokstav d bør ha ein noko
annan ordlyd, for å hindre mogleg tvil om forholdet mellom lov og forskrift.
Eit anna føremål med endringa er å sikre at ikkje lova legg unødvendige
bindingar for den praktiske utforminga av ordninga i forskrifta
framover når det gjeld inntektsgrunnlag og etterkontroll. Departementet
føreslår vidare i proposisjonen av pedagogiske omsyn lovfesta i
eit nytt tredje punktum til bustøttelova § 10 første ledd bokstav
d at for mykje utbetalt støtte kan motreknast i seinare utbetalingar.
Forslag til endring
i bustøttelova og endringar i forskrift om bustøtte har vore på
høyring. Ingen av merknadene gjeld forslaget om endring i bustøttelova.
Høyringsinstansane gav i all hovudsak støtte til forslaget om å
endre grunnlaget for utrekning av bustøtte og har elles kome med
merknader i samband med vilkår for og gjennomføring av dette forslaget. Merknadene
til forslaget om endringar i bustøtteforskrifta blir ikkje kommenterte
nærare i proposisjonen.
Det går fram av proposisjonen
at det først og fremst er endringa i bustøtteforskrifta som vil
få administrative og økonomiske konsekvensar. Endringa i bustøttelova
er ei mindre tilpassing og vil i seg sjølv ikkje få nemneverdige
administrative eller økonomiske konsekvensar.
Kapittel 5 i proposisjonen
inneheld merknader til lovendringsforslaget.