vedtak til lov
om endringar i bustøttelova
(tilbakebetaling av bustøtte)
I
I lov 24. august
2012 nr. 64 om bustøtte skal § 10 første ledd bokstav d lyde:
d) husstanden i perioden det
er motteke bustøtte for, har hatt inntekt eller formue som i ettertid syner seg å overskride
den inntekta eller formuen som var lagd til grunn då støtta blei
fastsett. Det gjeld utan omsyn til kven som er skuld i
at det er betalt ut for mykje. For
mykje utbetalt støtte kan også motreknast i seinare utbetalingar
av bustøtte.
II
Lova gjeld frå den tida
Kongen fastset.