1.1 Økonomiske og administrative konsekvensar
Det er departementet
si vurdering at endringane som vert lagt fram, ikkje vil få vesentlege
økonomiske og administrative konsekvensar for det offentlege ettersom
ordninga er gebyrfinansiert basert på sjølvkost.
For kandidatane som
skal ta eksamen, vil ein heimel for å krevje gebyr innebere ein
kostnad. Samanlikna med gjeldande ordning går det her eit skilje mellom
dei som tek utdanninga på vidaregåande skule og dei som tek opplæring
hos dei private utdanningsinstitusjonane. Førstnemnde vil få ein
ekstrakostnad med den nye ordninga gjennom å måtte ta eksamen hos
SVV og dermed måtte betale eksamensgebyret. Kandidatane som følgjer
undervisninga hos dei private undervisningsinstitusjonane, vil òg måtte
betale eit eksamensgebyr, men vil om ønskjeleg kunne lese til eksamen
på eiga hand og dermed unngå kostnadene til opplæring før eksamen.
Eksamensgebyret er ein eingongskostnad for dei som vil etablere
seg i transportnæringa, og vil samla sett difor ikkje vere ein stor
kostnad for næringa.