Søk

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kjell-Idar Juvik, Sverre Myrli, Magne Rommetveit, Eirik Sivertsen og Karianne O. Tung, frå Høgre, leiaren Nikolai Astrup, Torill Eidsheim, Nils Aage Jegstad og Helge Orten, frå Framstegspartiet, Tor André Johnsen, Åse Michaelsen og Morten Stordalen, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, frå Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og frå Venstre, Abid Q. Raja, merkar seg at framlegget til lovendring kjem av implementeringa av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1071/2009 om innføring av felles reglar med omsyn til vilkåra som må oppfyllast for å utøve yrket som transportør på veg og om oppheving av rådsdirektiv 96/26/EF (forordninga) fastsett i forskrift av 26. mars 2003 nr. 401 om yrkestransport innanlands med motorvogn og fartøy (yrkestransportforskriften) med heimel i lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova).

Komiteen registrerer at det etter forordninga er lagt opp til at dei faglege kompetansekrava skal dokumenterast gjennom eksamen som Statens vegvesen (SVV) skal ha ansvaret for. Kostnadene for eksamensordninga skal finansierast gjennom gebyr som skal krevjast inn frå dei som skal ta slik eksamen. Det er behov for heimel i yrkestransportlova for ei slik gebyrordning.

Komiteen merkar seg at framlegget betyr å endre yrkestransportlova § 31 slik at departementet i forskrift kan fastsetje at det kan krevjast gebyr frå dei som skal ta løyveeksamen og for utferding av kompetansebevis ved bestått eksamen. Komiteen støttar dette.

Komiteen merker seg at høyringsfråsegnene støttar forslaget og at det blir oppmoda til å halde gebyra låge og ikkje over sjølvkost.