Dokument
8:11 S (2016-2017) - Representantforslag frå stortingsrepresentantane
Jenny Klinge, Geir Pollestad og Kjersti Toppe om forbod mot import
av gatehundar til Noreg
Eg viser til brev
frå næringskomiteen datert 24.10.2016 vedlagt representantforslag
Dokument 8:11 S (2016-17) frå stortingsrepresentantane Jenny Klinge,
Geir Pollestad og Kjersti Toppe, om eit forbod mot import av gatehundar
til Noreg.
Forslaget som blir
fremma lyd slik:
"Stortinget ber regjeringen forby
import av gatehunder til Norge.
Videre bes regjeringen vurdere tiltak
for å begrense importen av kjæledyr der denne importen utgjør en
risiko for dyre- og folkehelsen i Norge."
Tidlegare
var det forbod mot å ta med seg hundar frå andre land til Noreg
eller å ta med hunden tilbake til Noreg etter ferie, utan eit langt
karanteneopphald. I dag er regelverket endra med tanke på at folk
kan ta med hunden sin på ferie eller ved flytting innan Europa.
Dette regelverket er ein del av EØS-avtalen og regulerer ikkje-kommersiell
import. Det er krav om ID-merking, rabiesvaksinasjon, medisinering
mot dvergbendelmark og eit identifikasjonsdokument i form av pass
eller helsesertifikat. Kjem hundane frå land med dårlegare rabiesstatus
enn i EØS-området, skal dyra i tillegg ha gjennomgått ein test som
viser at rabiesvaksinasjonen har hatt tilfredsstillande effekt.
Dette regelverket tillèt ikkje import av gatehundar for vidaresal.
Trass i dette regelverket
veit vi at hundar utan tilfredsstillande helsestatus blir tatt inn
til Noreg. Dette er ei utfordring som opptar både meg og forvaltninga.
Mange er uroa over denne utviklinga, der både dyrevelferda og ei
god dyrehelse vert utfordra. Eg ga difor den 19. oktober 2016 Mattilsynet
eit oppdrag om å sjå nærare på problemstillinga og vurdere mogelege
tiltak for å redusere risikoen for smitte. Mattilsynet har sett
ned ei arbeidsgruppe som no vurderer nye tiltak mot den ottesame
hundeimporten.
Det er viktig for
meg at nye tiltak mot import av gatehundar har effekt. Eg meiner
difor det er viktig at Mattilsynet får høve til å vurdere kva tiltak
som er mogelege og som vil vere mest effektive.
Eg ventar svar frå
tilsynet medio november. Deretter vil eg vurdere kva for åtgjerder
som eventuelt bør setjas i verk.