Statleg
deltaking i Dvalin
Dvalin er eit gassfelt
i utvinningsløyve 435 i Norskehavet. Estimerte utvinnbare reservar
er av operatøren anslått til rundt 18,2 mrd. standard kubikkmeter gass
og 0,4 mill. standard kubikkmeter kondensat. Venta produksjonsstart
for Dvalin er fjerde kvartal 2020. Rettshavarane i løyvet må tiltre
PUD seinast 3. januar 2017. På dette tidspunktet må den endelege eigarsamansetjinga
i løyvet vere avklart.
Petoro har blitt
kontakta av rettshavarar i utvinningsløyvet med tanke på ei mogleg
statleg deltaking i Dvalin, og Petoro har gjort ei vurdering av
tekniske og økonomiske sider ved Dvalin-utbygginga. Petoros vurdering
er at utbygging av Dvalin-feltet samla sett vil vere lønsamt for
SDØE.
Olje- og energidepartementet
har fullmakt til å godkjenne overdraging (sal, kjøp eller byte)
av deltakardelar for Petoro AS som forvaltar av SDØE der ein går
ut frå at ressursane for deltakardelen i utvinningsløyvet på tidspunktet
for overdraginga er mindre enn 3 mill. Sm3 oljeekvivalentar,
jf. vedtak XIV i Prop. 1 S (2015–2016) og Innst. 9 S (2015–2016).
Basert på Petoros
vurdering er reserveanslaget for OMV sin del på 20 pst. i løyvet
innanfor fullmaktsgrensa. Dersom reserveanslag til operatøren for
Dvalin blir lagt til grunn, er anslaget for OMV sin del 3,72 mill.
Sm3 oljeekvivalentar.
Vidare har departementet
godkjent at staten ved Petoro kan overta 10 prosentpoeng av Maersk
sin del, i og med at selskapet har sagt at det ikkje vil tiltre PUD
og vil tre ut av løyvet. OED har fullmakt til å godkjenne at Petoro
kan delta i overdraging (sal, kjøp, byte) av deltakardelar i interessentskap
der ein rettshavar vel å tre ut av interessentskapet og der overdraginga
vedkjem SDØE, jf. vedtak XV i Prop. 1 S (2015–2016) og Innst. 9
S (2015–2016).
Det er løyvingsdekning
for budsjettkonsekvensane av ovannemnde overdragingar for SDØE under kap.
2440/5440.
Det vil bli fleire
overdragingar av deltakardelar til SDØE i utvinningsløyve 435. Petoro
og operatøren har ulik vurdering av reservane i Dvalin. På den bakgrunnen
legg departementet saka fram for Stortinget, jf. forslag til vedtak
II.