Søk

Innhold

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kjell-Idar Juvik, Sverre Myrli, Magne Rommetveit, Eirik Sivertsen og Karianne O. Tung, frå Høgre, leiaren Nikolai Astrup, Torill Eidsheim, Nils Aage Jegstad og Helge Orten, frå Framstegspartiet, Tor André Johnsen, Åse Michaelsen og Morten Stordalen, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, fra Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og frå Venstre, Abid Q. Raja, merker seg dei endringane i løyvingar som er foreslått under programkategoriane 21.10 Administrasjon, 21.20 Luftfartsformål, 21.30 Vegformål, 21.40 Særskilde transporttiltak, 21.50 Jernbaneformål, 21.60 Kystforvaltning og 22.10 Post- og telekommunikasjonar, samt omtale av nokre saker. Komiteen sluttar seg til dei føreslåtte endringane.

2.1 Programkategori 21.10 Administrasjon

Komiteen viser til at det i 2015 vart oppretta eit eige prosjekt som jobbar med reformer innan transportsektoren, mellom anna jernbanereforma. Komiteen merker seg at løyvinga til post 21 – utgreiingar, modernisering av transportsektoren spesielle driftsutgifter – er auka med 1,1 mill. kroner, og at dette er dekt inn gjennom ein reduksjon av løyvinga på post 1 Driftsutgifter med tilsvarande beløp.

Komiteen viser til at det på post 30 Miljø-/oljevernbase i Lofoten/Vesterålen er løyvd 21,1 mill. kroner for 2016, men at behovet er lågare enn budsjettert og at løyvinga er redusert med 11,1 mill. kroner.

2.2 Programkategori 21.20 Luftfartsformål

Komiteen merker seg at kostnadane til Statens havarikommisjon for transport er høgare enn i eit normalår som følgje av helikopterulykka på Turøy utanfor Bergen 29. april 2016. Kostnadane i samband med undersøkinga er rekna til 9,5 mill. kroner, og den delen som havarikommisjonen skal dekke, utgjer 7,3 mill. kroner. Løyvinga på kap. 1314 post 1 blir auka tilsvarande.

Komiteen viser til at regjeringa i Sundvoldenerklæringa ønskjer å legge til rette for at kommunar og private kan delta i utviklinga på og rundt flyplassar. Komiteen viser vidare til at Haugesund lufthamn, Karmøy i dag blir eigd og drive av Avinor, men at det lokale selskapet Lufthavnutbygging AS i fleire år har drive med marknadsføring av Haugalandområdet og arbeidd for fleire utanlandsruter på lufthamna. Komiteen merker seg at Samferdselsdepartementet i 2017 vil starte arbeidet med ein tenestekonsesjonsmodell på Haugesund lufthamn, som inneber at Avinor held fram med å eige lufthamna, medan heile drifta blir sett ut til andre aktørar enn Avinor etter ein anbodskonkurranse. Komiteen merker seg vidare at tenestekonsesjonshavaren vil stå fritt til å fastsetje lufthamnavgiftene, styre den kommersielle drifta samt ha det fulle ansvaret for drift og vedlikehald. Det årlege vederlaget for bruk av lufthamna skal fastsetjast av Samferdselsdepartementet. Komiteen merker seg at regjeringa ikkje legg opp til å endre Avinor-modellen, og at det ikkje er aktuelt å utvide ordninga til andre lufthamner.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, syner til at desse partia før regjeringsskiftet i 2013 var samde om at auka samarbeid med private i drifta av norske lufthamner ville vere eit gode, og at det er god grunn til å prøve ut ulike modellar for offentleg-privat samarbeid og konkurranseutsetjing der det er hensiktsmessig, jf. mellom anna Innst. 450 S (2012–2013). Fleirtalet er difor tilfreds med at regjeringa følger opp desse partia sin politikk før 2013 og legg opp til å starte arbeidet med ein tenestekonsesjonsmodell for Haugesund lufthamn. Fleirtalet meiner at den modellen som har vore vald for Haugesund lufthamn til no har bidrege til å styrkje Noreg som reiselivsnasjon og har avlasta investeringsbudsjettet til Avinor AS.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet er tilfreds med at regjeringa ikke legger opp til å endre Avinor-modellen, og at det ikke er aktuelt å utvide ordningen til andre lufthavner. Disse medlemmer mener det er viktig at man også i fremtiden har et godt lufthavnnett i hele landet, og vil understreke viktigheten av at man viderefører Avinor-modellen.

Disse medlemmer mener at lufthavner, tårn og navigasjonsutstyr er grunnleggende infrastruktur på linje med vei og bane, og at det er avgjørende at man sikrer seg at disse drives med stort fokus på sikkerhet.

Disse medlemmer mener videre det er viktig at Avinor sikres en økonomi som gir muligheten for nye store investeringer og for å kunne legge til rette for en sikker, miljøvennlig og effektiv luftfart i alle deler av landet.

2.3 Programkategori 21.30 Vegformål

Kap. 1320/4320 Statens vegvesen

Komiteen merkar seg at kostnadar i høve uver, jord- og steinskred og brann i Måbøtunnelen har ført til store skadar og at løyvinga på post 23 blir auka med 50 mill. kroner.

Komiteen registrerer at utgifter til å administrere kjøp av riksvegfergetenester er ført på post 72, men at slike utgifter skal førast på post 23. Komiteen merker seg at løyvinga på post 72 blir redusert med 30 mill. kroner, og at løyvinga på post 23 vert auka tilsvarande.

Komiteen viser til at salsinntekter og gebyr er auka i høve budsjettet med 20 mill. kroner og 142,7 mill. kroner, mellom anna fordi etterspørselen etter å fornye førarkort har auka i 2016. Samla beløp på 162,7 mill. kroner vert nytta til å auke post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn. Komiteen merkar seg at samla auke i post 23 blir 242,7 mill. kroner.

Komiteen viser til Samferdselsdepartementets gjennomgang av behovet for å kunne forplikte staten for investeringsprosjekt på riksveg som ikkje er omtalt med kostnadsramme utover løyvingane for framtidige budsjettår, og at det er behov for å auke ramma for pliktene frå 4,8 mrd. kroner til 6,5 mrd. kroner fordi bindingar knytt til tunneltiltak vart vurdert for lågt då fullmakta vart fastsett. Komiteen slutter seg til departementets vurderingar, jf. romertallsvedtak II.

2.4 Programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak

Komiteen viser til at det for 2015 og 2016 er eit krav for utbetaling av statlege midlar til Fornebubanen at det blir inngått ein bymiljøavtale for Oslo og Akershus. Komiteen merkar seg at ein slik avtale ikkje er inngått enno, og at stikkordet «kan overførast» blir føydd til post 63 Særskilt tilskot til store kollektivprosjekt, jf. romartalsvedtak III.

2.5 Programkategori 21.50 Jernbaneformål

Kap. 1350 Jernbaneverket

Komiteen registrerer at Jernbaneverket vil få eit meirforbruk på post 23 Drift og vedlikehald på i alt 592 mill. kroner samanlikna med løyvinga for 2016. Meirforbruket gjeld 475 mill. til fornying, 50 mill. i utgifter til jernbanereforma, utgifter til opprydding etter hendingar og påkøyring av dyr med 40 mill. kroner og ein auke i korrektivt vedlikehald med 27 mill. kroner. Komiteen merker seg at nokre investeringsprosjekt har lågare framdrift enn føresett i budsjettet for 2016. I tillegg har utgiftene blitt mindre enn føresett for nokre prosjekt. Komiteen viser til at løyvinga på kap. 1350, post 30 Investeringar i linja vert redusert med kr 592 mill., og at løyvinga på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald vert auka med tilsvarande beløp. Komiteen er opptatt av at prosjekta held god framdrift. Når føresetnadane likevel har endra seg som vist til i proposisjonen, er komiteen fornøgd med at Samferdselsdepartementet har prioritert fornyingstiltak og ytterlegare reduksjon av vedlikehaldsetterslepet.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, syner til at vedlikehaldsetterslepet på jernbaneinfrastruktur har bygd seg opp over fleire år, og syner til at i perioden 2005–2013 auka etterslepet med om lag ein mrd. kroner i året, trass i at det i same periode var oppslag på oppslag i media som dokumenterte tilstanden til jernbanenettet, og at jernbanedirektøren sjølv uttalte at jernbanenettet stod i fare for å bryte saman. Fleirtalet meiner dette er en uhaldbar situasjon, og at det derfor er viktig å setje i verk tiltak for å redusere etterslepet. Fleirtalet syner til at budsjettavtalen mellom samarbeidspartia i 2014 langt på veg stansa veksten i forfall, mens avtalane om 2015- og 2016-budsjettet reduserte forfallet med nær ein mrd. kroner. Fleirtalet ser at det har vore redusert framdrift i nokre jernbaneprosjekt, men er svært positive til at ubrukte løyvingar vert flytta innanfor sektoren og over til jernbanevedlikehald. Fleirtalet syner til at auka løyvingar, fleire avgangar og betre organisering av sektoren er dei fire samarbeidspartia si løysing for å gjere jernbanen til eit konkurransedyktig og attraktivt tilbod for dei reisande.

Fleirtalet viser vidare til at samferdselsministeren i svar på spørsmål datert 6. desember 2016, gir ein detaljert oversikt over årsakene til at det er eit mindreforbruk på post 30. Fleirtalet merkar seg at dette er normale avvik og tilpassingar som kan oppstå i gjennomføringa av denne type prosjekt, og at ein del av mindreforbruket dreier seg om endringar i betalingsplan, tvist om sluttoppgjer og faktisk lågare utgifter på fleire prosjekt.

Fleirtalet viser til at berre ein del av mindreforbruket har direkte påverking på anleggsmarknaden, samstundes som midlane har blitt omprioritert til drift og vedlikehald, som bidrar til ny aktivitet. Fleirtalet vil i tillegg påpeike at den auka aktiviteten i jernbanesektoren dei siste åra har gitt auka aktivitet også i anleggsbransjen, og at dette har positiv effekt både for enkeltbedrifter og bransjen som heilskap.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet merker seg et uvanlig høyt mindreforbruk på post 30 for 2016. Mindreforbruket på 744 mill. kroner er på nærmere 13 pst. av total bevilgning på denne posten for 2016. Det er grunn til å stille spørsmål ved om grunnlaget Stortinget fikk presentert for 2016-budsjettet, var godt nok eller om styringen av midlene og de interne prosessene i 2016 har vært gode nok. Selv om store deler av midlene er blitt brukt til økt drift og vedlikehold, noe som isolert sett er bra, er dette et betydelig brudd på de forutsetninger Stortinget la for jernbanebudsjettet for 2016. Videre påpekes det at avviket er så stort at det synes åpenbart at avviket må ha vært kjent i lang tid. Siden det i statsrådens svarbrev til komiteen av 6. november 2016 pekes på at investeringer skyves fram til 2017 og senere, mens vedlikehold som er gjennomført i 2016 var planlagt gjort i 2017, framstår dette som opplysninger som burde vært tydeligere kommunisert til Stortinget i forbindelse med arbeidet med statsbudsjettet for 2017.

Disse medlemmer vil også påpeke at selv om det er bra at vedlikeholdsetterslepet med dette er redusert, fører dette til betydelige svingninger og uforutsigbarhet i anleggsmarkedet fra år til år. Det er denne typen svingninger anleggsmarkedet har vært opptatt av at skal bli redusert. Dette er negativt for disse bedriftenes mulighet til å planlegge og skalere sin virksomhet, samtidig som det potensielt påvirker kostnaden staten må betale for oppgavene som utføres.

Kvalitetssikring av Bergen–Arna

Komiteen merkar seg at det i omtalen av prosjektet Arna–Bergen i Prop. 1 S (2016–2017) går fram at det er sett i gang ei ny ekstern kvalitetssikring av delprosjekta Arna–Fløen (Ulriken tunnel) og Bergen stasjon–Fløen. Den eksterne kvalitetssikringa er gjennomført, og det blir tilrådd ei felles kostnadsramme på 6 981 mill. kroner og ei felles styringsramme på 6 134 mill. kroner for dei to delprosjekta. Komiteen merkar seg vidare at det i kvalitetssikringsrapporten blir gitt fleire tilrådingar om prosjektstyringa og potensielle forenklingar på Bergen stasjon–Fløen, og at Samferdselsdepartementet og Jernbaneverket vil sjå nærmare på dei tilrådde forenklingane og kome tilbake til saka på eigna måte.

Komiteens fleirtal, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, viser til at det allereie i statsbudsjettet for 2016 blei orientert om at det var utfordringar knytt til prosjektet Fløen–Arna, og at nye analyser viste at risikoen og omfanget av prosjektet har vore undervurdert. Fleirtalet viser til at det, som ein konsekvens av dette, har blitt gjennomført ei ny ekstern kvalitetssikring. I kvalitetssikringsrapporten blir det tilrådd ei felles kostnadsramme for Arna–Fløen og Bergen stasjon–Fløen på 6 981 mill. kroner. Fleirtalet er opptatt av at desse prosjekta blir gjennomført på ein kostnadseffektiv og rasjonell måte, samstundes som det i minst mogleg grad går ut over passasjerane. Fleirtalet er fornøgd med at statsråden har ei tett oppfølging av desse prosjekta og vil kome tilbake til Stortinget med ei tilråding på eigna måte so raskt det let seg gjere.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til at det først etter en rekke artikler i Bergens Tidende høsten 2016, og etter gjentatte spørsmål fra Arbeiderpartiet til statsråden, gis en konkret orientering til Stortinget om de nye kostnadsanslagene mv. I Bergens Tidende kommer det fram at Jernbaneverket allerede i brev av 3. juli 2015 informerte statsråden om konkrete tall med estimater for betydelige kostnadsøkninger på begge delparsellene. I statsbudsjettet for 2016 ble det orientert om en forventet kostnadsøkning, uten å referere til hvilke beløp det var snakk om, og heller ikke hvilke konsekvenser kostnadsøkningene ville ha for gjennomføringen av prosjektene. For prosjektet Fløen–Arna ble det varslet om at kostnaden lå an til å være høyere enn kostnadsrammen Stortinget har gitt fullmakt til å operere innenfor (3 344 mill. kroner, i 2017-kroner). Det ble videre orientert om at det ville bli gjennomført ny ekstern kvalitetssikring av kostnadsgrunnlaget (KS2). I budsjettproposisjonen for 2017 er det heller ikke opplyst om størrelsen på kostnadsøkningene, men vist til den da pågående KS2.

Det opplyses i Prop. 31 S (2016–2017) om at regjeringen først senere vil legge fram en egen sak for Stortinget med forslag til ny kostnadsramme. KS2-konsulenten anbefaler en ny kostnadsramme for Arna–Fløen som er om lag 1,1 mrd. kroner høyere enn det Stortinget tidligere har gitt fullmakt til. Videre går det fram at konsulenten har gitt anbefalinger om forenklinger i prosjektene og i prosjektgjennomføringen, blant annet at det kan være aktuelt å stenge Bergen stasjon i inntil 8 måneder. Bergens Tidende har beregnet at dette vil berøre 2 millioner reisende.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet stiller spørsmål ved hvorfor det har tatt nærmere halvannet år fra statsråden ble varslet om konkrete kostnadsøkninger til Stortinget ble orientert om størrelsen på de nye anslagene. Prosjektene er om lag doblet i kostnad, et utfall statsråden skal ha blitt orientert om allerede i nevnte brev fra Jernbaneverket. Dette er sentrale opplysninger Stortinget burde ha hatt i arbeidet med budsjettet for både 2016 og 2017. Prosjektet Arna–Fløen har videre hatt en utdatert kostnadsramme fra Stortinget i svært lang tid. Disse medlemmer er også kritiske til at statsråden vurderer å stenge Bergen stasjon i opptil 8 måneder. Det må finnes løsninger som ikke går ut over de reisende i et slikt omfang.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Venstre fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen raskt komme tilbake med en grundig og helhetlig gjennomgang av jernbaneprosjektet Bergen–Arna, herunder nye kostnadsanslag for prosjektet.»

«Stortinget ber regjeringen sørge for at jernbaneprosjektet Bergen–Arna gjennomføres på en slik måte at stengingen av Bergen stasjon begrenses til et minimum, slik at ulempene for de reisende blir minst mulig.»

Kap. 1351 Persontransport med tog

Komiteen viser til at departementet forventar eit mindreforbruk i kap. 1351, post 70 Kjøp av persontransport med tog, og foreslår å redusere løyvinga med 226,5 mill. kroner. Det samla mindreforbruket er berekna til 301,5 mill. kroner, medan 75 mill. kroner vil dekkje eventuelle krav i avtalane med togselskapa, som mellom anna kompensasjon for trafikkavvik og alternativ transport, og variabelt vederlag på Gjøvikbana.

2.6 Programkategori 21.60 Kystforvaltning

Kap. 1360 Kystverket

Komiteen merkar seg at etablering av støttefylling for U-864 utanfor Fedje i Hordaland vart gjennomført i 2016 og utgiftene dekt ved overførte midlar frå 2015. Sidan støttefyllinga vart etablert i 2016, vil det ikkje vere aktuelt med ytterlegare tiltak før i 2017 og løyvinga på kap. 1360, post 21 Spesielle driftsutgifter vert redusert med 28 mill. kroner.

Kap. 1361 Samfunnet Jan Mayen og Loran-C

Komiteen registrerer at arbeidet med å rigge ned master og anna utstyr knytt til Loran-C er mellombels stansa til det er vurdert om det er nokon som kan bruke infrastrukturen, og at løyvinga er redusert med 6 mill. kroner.

Kap. 5577 Sektoravgifter under Samferdselsdepartementet

Post 74 Sektoravgifter Kystverket

Komiteen registrerer at post 74 Sektoravgifter Kystverket blir auka med i alt 45,1 mill. kroner som følgje av lønnsoppgjeret for 2016 og ei justering av ramma for losavgifter.

Komiteen merker seg at bestilling av nytt fartøy til Kystverket er noko forsinka grunna strengare miljøkrav og prisauke, og at avtale om å byggje det nye fartøyet vil bli signert innan utgangen av 2016 med overlevering i 2018.

2.7 Post og telekommunikasjonar

Kap. 1380 Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit

Komiteen merker seg at utgifter til å administrere tilskot til breibandsutbygging var ført på post 71, og at dette blir korrigert ved at løyvinga på denne posten vert redusert med 850 000 kroner og løyvinga på post 1 Driftsutgifter vert auka tilsvarande.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet mener det er viktig at tilskuddsmidlene i sin helhet går til tilskudd og ikke til administrasjon av ordningen.

Kap. 4370 Posttenester

Komiteen merkar seg at etterrekningsmodellen viser eit faktisk behov for kjøp av bank- og posttenester i 2015 på 260 mill. kroner, noko som er 158 mill. kroner mindre enn det som vart løyvd i 2015. Komiteen merkar seg vidare at Posten Norge AS skal betale tilbake overkompensasjonen med renter, og at løyvinga på post 70 Tilbakebetaling av post- og banktenester vert auka med 160,9 mill. kroner.

Kap. 4380 Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit

Komiteen registrerer at Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit i hovudsak er sjølvfinansierande og at gebyrinntektene må aukast med 2,1 mill. kroner som følgje av lønnsoppgjeret.