Søk

Innhold

1. Samandrag

1.1 Programkategori 21.10 Administrasjon

Kap. 1300 Samferdselsdepartementet

Post 1 Driftsutgifter

For å dekkje inn forslaget om å auke løyvinga på kap. 1300, post 21 Spesielle driftsutgifter – utgreiingar, modernisering av transportsektoren, foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 1300, post 1 Driftsutgifter, med 1,1 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter – utgreiingar, modernisering av transportsektoren

Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1300, post 21 Spesielle driftsutgifter – utgreiingar, modernisering av transportsektoren, med 1,1 mill. kroner.

Post 30 Miljø-/oljevernbase i Lofoten/Vesterålen

Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1300, post 30 Miljø-/oljevernbase i Lofoten/Vesterålen, med 11,1 mill. kroner.

1.2 Programkategori 21.20 Luftfartsformål

Kap. 1314 Statens havarikommisjon for transport

Post 1 Driftsutgifter

Departementet foreslår å auke løyvinga til Statens havarikommisjon for transport for å dekkje ekstraordinære utgifter i samband med helikopterulykka på Turøy, med i alt 7,3 mill. kroner. Vidare orienterer regjeringa om at ein i Samferdselsdepartementet i 2017 vil starte arbeidet med ein tenestekonsesjonsmodell på Haugesund lufthamn.

1.3 Programkategori 21.30 Vegformål

Kap. 1320 Statens vegvesen

Post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.

Departementet foreslår å auke post 23 med 50 mill. kroner til å dekkje utgifter i samband med ei rekke andre hendingar.

I 2016 er det budsjettert med utgifter til å administrere kjøp av riksvegferjetenester på post 72 Kjøp av riksvegferjetenester, med 30 mill. kroner. Departementet foreslår at desse utgiftene blir ført på post 23.

På grunn av endra inntektsoverslag på kap. 4320, post 1 Salsinntekter m.m. og post 2 Diverse gebyr, foreslår departementet å auke løyvinga på post 23 med 162,7 mill. kroner, jf. omtale under kap. 4320 postane 1 og 2.

I alt foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 1320 Statens vegvesen, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., med i alt 242,7 mill. kroner.

Post 72 Kjøp av riksvegferjetenester

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1320, post 70 Kjøp av riksvegferjetenester, med 30 mill. kroner på grunn av reduserte utgifter.

Kap. 4320 Statens vegvesen

Post 1 Salsinntekter m.m.

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 4320, post 1 Salsinntekter m.m., med 20 mill. kroner på grunn av at inntektene vil bli høgare enn budsjettert.

Post 2 Diverse gebyr

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 4320, post 2 Diverse gebyr, med 142,7 mill. kroner, på grunn av auka etterspørsel etter nye førarkort i 2016.

Fullmakt til å forplikte staten ut over budsjettåret for investeringsprosjekt ikkje omtalt med kostnadsramme

Samferdselsdepartementet har i 2016 fullmakt til å forplikte staten ut over løyvinga for framtidige budsjettår for investeringsprosjekt på riksveg som ikkje er omtalte med kostnadsramme overfor Stortinget, men slik at ramma for gamle og nye plikter ikkje blir høgare enn 4,8 mrd. kroner, jf. Prop. 1 S (2015–2016) og Innst. 13 S (2015–2016). Ein gjennomgang viser at det er behov for å auke ramma for pliktene til 6,5 mrd. kroner fordi bindingar knytt til tunneltiltak blei vurderte for lågt da fullmakta blei fastsett, jf. forslag til romartalsvedtak. Dei auka pliktene er allereie påløpt.

1.4 Programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak

Tilføying av stikkord på kap. 1330 post 63

Departementet foreslår at stikkordet «kan overførast» blir føydd til post 63 Særskilt tilskot til store kollektivprosjekt.

1.5 Programkategori 21.50 Jernbaneformål

Kap. 1350 Jernbaneverket

Post 23 Drift og vedlikehald

Prognosane viser at Jernbaneverket vil få eit meirforbruk på post 23 Drift og vedlikehald samanlikna med løyvinga for 2016 på i alt 592 mill. kroner. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald, med 592 mill. kroner. Auken blir foreslått dekt inn ved å redusere kap. 1350, post 30 Investeringar i linja.

Post 30 Investeringar i linja

Fleire av dei store investeringsprosjekta får lågare framdrift enn lagt til grunn i statsbudsjettet for 2016. Prognosane viser eit mindreforbruk på post 30 i 2016 på i alt 744 mill. kroner. Det blir òg mindre utbetalingar enn føresett i 2016 på grunn av utsette arbeid på kapasitetsaukande tiltak og i planlegginga av nye prosjekt. Ein del av mindreforbruket i 2016 er forplikta og gir auka utgifter i 2017 for å halde rasjonell framdrift. For å dekkje inn den foreslåtte auken på kap. 1350 post 23, foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 1350, post 30 Investeringar i linja, med i alt 592 mill. kroner.

Kap. 1351 Persontransport med tog

Post 70 Kjøp av persontransport med tog

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1351 post 70 med 226,5 mill. kroner på grunn av mindreforbruk, redusert vederlag for NSB og endra trafikkinntekter for 2015.

Departementet gir her ei orientering om kvalitetssikring av utbygginga på strekninga Arna–Bergen. Det er gjennomført ei ny ekstern kvalitetssikring av to delprosjekt. I kvalitetssikringsrapporten blir det m.a. tilrådd ei felles kostnadsramme på 6 981 mill. 2016-kroner og ei felles styringsramme på 6 134 mill. 2016-kroner for dei to delprosjekta.

1.6 Programkategori 21.60 Kystforvaltning

Kap. 1360 Kystverket

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1360, post 21 Spesielle driftsutgifter, med 28 mill. kroner.

Kap. 1361 Samfunnet Jan Mayen og Loran-C

Post 1 Driftsutgifter

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1361, post 1 Driftsutgifter, med 6 mill. kroner. Grunnen til dette er mindreforbruk i 2016.

Kap. 5577 Sektoravgifter under Samferdselsdepartementet

Post 74 Sektoravgifter Kystverket

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 5577, post 74 Sektoravgifter Kystverket med i alt 45,1 mill. kroner.

Bestilling av nytt fartøy til Kystverket

På grunn av strengare miljøkrav og prisauke er bestillinga av nytt fartøy blitt forseinka. Kostnadene til bygginga, inkludert kostnadsauke, blir dekt ved overføring av midlar frå 2016 og med midlar sett av i budsjettframlegget for 2017.

1.7 Post- og telekommunikasjonar

Kap. 1380 Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit

Post 1 Driftsutgifter

Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1380, post 1 Driftsutgifter, med 850 000 kroner, jf. omtale under kap. 1380, post 71 Tilskot til breibandsutbygging.

Post 71 Tilskot til breibandsutbygging

Samferdselsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 1380, post 71 Tilskot til breibandsutbygging, med 850 000 kroner. Årsaka er feilpostering i budsjettet for 2016.

Kap. 4370 Posttenester (nytt)

Post 70 Tilbakebetaling post- og banktenester

Samferdselsdepartementet foreslår å løyve 160,9 mill. kroner på kap. 4370, post 70 Tilbakebetaling post- og banktenester, som følgje av eit lågare behov på posten enn berekna.

Kap. 4380 Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit

Post 1 Diverse gebyr

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 4380, post 1 Diverse gebyr, med 2,1 mill. kroner, som følgje av tildeling til Nkom i samband med lønnsoppgjeret for 2016.