Søk

Samandrag

Regjeringa v/Landbruks- og matdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar i løyvingar under einskilde kapittel og postar i statsbudsjettet for 2016. I denne innstillinga vert berre framlegget under kap. 1137 handsama. Dei andre framlegga i proposisjonen vert handsama av næringskomiteen.

Kap. 1137 Forsking og utvikling

For å dekkje inn forskingsbehov i samband med Chronic Wasting Disease (CWD), som rammar hjortedyr, gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 1137 post 50 Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd med 2 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet, post 50 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet.