Brev fra Landbruks-
og matdepartementet v/statsråd Jon Georg Dale til Stortinget, datert 27. oktober
2016
Dokument 8-9 S (2016-2017) Representantforslag om
tiltak for å redusere matsvinn
Eg viser til brev
frå Næringskomiteen datert 20.10.2016 vedlagt representantforslag
Dokument 8:9 S (2016-2017) frå stortingsrepresentantane Line Henriette
Hjemdal, Rigmor Andersen Eide og Geir Sigbjørn Toskedal om tiltak
for å redusere matsvinn.
Det vert fremja
6 konkrete forslag:
-
Stortinget ber regjeringen gjennomføre
en holdningskampanje for å øke forbrukernes kunnskap om matsvinn
og forebygging av dette.
-
Stortinget ber regjeringen utrede
hvordan datostemplingen på matvarer kan forbedres for å redusere
matsvinn.
-
Stortinget ber regjeringen legge
til rette for utvikling av ny teknologi og emballasje som kan bidra til
å redusere matsvinn.
-
Stortinget ber regjeringen gjennom
den planlagte avfallsmeldingen bidra til at kommuner kan håndtere
matavfall på en bedre måte, ved blant annet å legge til rette for
økt bruk av kildesortering.
-
Stortinget ber regjeringen utrede
og eventuelt foreslå en matkastelov som omfatter næringsmiddelindustrien
og dagligvarebransjen.
-
Stortinget ber regjeringen legge
til rette for at det etableres matsentraler eller liknende ordninger
i alle deler av landet, også gjennom økonomisk støtte.
Innleiingsvis
vil eg vise til at regjeringa er oppteken av å ta problemstillinga
kasting av mat/matsvinn på alvor. I Noreg vert det årleg kasta fleire
hundre tusen tonn etande mat. Eg deler ønsket om å redusere mengda
mat som vert kasta i alle ledd av verdikjeda. Det er allereie starta
opp fleire tiltak og prosjekt for å redusere matsvinnet.
Saman med klima-
og miljøministeren, fiskeriministeren, helse- og omsorgsministeren
og barne- og likestillingsministeren, underteikna tidlegare landbruks
og matminister Sylvi Listhaug og ein samla matbransje ein intensjonsavtale
om reduksjon av matsvinn i fjor. Heile bransjen er med på samarbeidet,
frå primærnæring til forbrukarledd.
Føremålet med intensjonsavtalen
er å styrke samarbeidet mellom styresmaktene og aktørane i heile
matkjeda for å redusere matsvinnet ytterlegare. Intensjonsavtalen
vil gjelde til den vert erstatta av ein konkret bransjeavtale når
det vert tilgjengeleg statistikk og indikatorar som kan gi grunnlag
for konkrete reduksjonsmål. Intensjonsavtalen er eit godt utgangspunkt
for eit breiare samarbeid med hele verdikjeda i matbransjen om korleis
arbeidet med å redusere matsvinn og auke ressursutnyttinga kan utviklast
vidare. Spørsmålet om utarbeiding av tiltak vil det vere naturlig
å ta stilling til i arbeidet med ein forpliktande bransjeavtale,
som intensjonsavtalen om reduksjon av matsvinn skal munne ut i.
Medan vi ventar
på ei konkretisering av bransjeavtalen, har eg likevel gjort ei
førebels vurdering av dei enkelte punkta i representantforslaget:
1. Stortinget ber regjeringen gjennomføre
en holdningskampanje for å øke forbrukernes kunnskap om matsvinn
og forebygging av dette.
Regjeringa støttar
bransjen sin eigen organisasjon for førebygging og reduksjon av
matsvinn, Matvett, som har vore i gong sidan 2012. Matvett har mellom
anna fokus på å haldningsskapande tiltak, særlig overfor barn og
unge for å gje dei naudsynt kunnskap til å ta betre vare på maten.
Organisasjonen sitt ForMat-prosjekt 2010-2015, syner at det totale matsvinnet
i Noreg er redusert med 12 prosent per innbyggar frå 2010 til 2015.
Det betyr at målet som ForMat-prosjektet sette tidlig i perioden,
om å medverke til 25 prosent reduksjon, er halvvegs nådd. Resultata
for plukkanalysane viser at matsvinnet i forbrukarleddet er redusert
med 9 % målt i kg/innbyggar frå 2011 til 2015, frå 46,3 til 42,1
kg/innbyggar. Det er grunn til å tru at denne nedgangen skuldast
både innsatsen som er lagt ned av ForMat-prosjektet/Matvett og andre
tiltak i matbransjen. I tillegg til å støtte opp under aktivitetane
i ForMat-prosjektet, har matbransjen gjennomført eigne tiltak som
bruk av nye emballasjeløysingar, lågare prising av varer nær siste forbruksdag
og utvikling av nye produkt basert på utsorterte råvarer.
Matvett har fleire
informasjonstiltak, mellom anna to nettsider. Matvett.no er retta
mot forbrukarane, medan matsvinn.no primært er retta mot bedrifter.
Matvett skal òg ha ein kampanje retta mot forbrukarane om redusert
matsvinn i 4. kvartal 2016. I tillegg har Matvett vidareutvikla
materiell retta mot elevar i grunnskulen, mellom anna nettspelet
"Waste invaders". Matvett skal òg digitalisere "matkastebordet"
som viser kor mykje mat kvar nordmann kastar.
For å lukkast i
arbeidet med å redusere matsvinn gjennom hele verdikjeda, er det
naudsynt med eit godt samarbeid mellom bransjeaktørane og styresmaktene.
Ein av suksessfaktorane til ForMat-prosjektet har vore utviklinga
av eit slikt samarbeid, og det er avgjerande for framtidig suksess
at dette samarbeidet held fram og blir styrkt ved at fleire aktørar i
bransjen deltek, slik som dei gjer i intensjonsavtalen og i den
kommande bransjeavtalen. Om ein haldningskampanje skal verte gjennomført,
vil det vere naturlig å ta stilling til i arbeidet med denne forpliktande
bransjeavtalen.
2. Stortinget ber regjeringen utrede
hvordan datostemplingen på matvarer kan forbedres for å redusere
matsvinn.
Ferdigpakka matvarer
skal merkast med dato for kor lenge dei held seg. Det er to formar
for slik merking: "Siste forbruksdag" og "Best før". Merkinga er av
omsyn til både helse og kvalitet. Datoen skal gje opplysning om
kor lenge vara held sine spesifikke eigenskaper, kvalitet og liknande
ut i frå oppgitte oppbevaringsforhold i uopna pakning.
Det er produsenten
som vurderer og set ein slik dato på matvara. Produsentane kjenner
råvarene og prosessane som er brukt. Datoen skal setjast ut frå vanlege
og realistiske føresetnader for transport, oppbevaring og sal. I
praksis set produsentane ofte datoen ut frå dei mest krevjande,
men realistiske føresetnadene i løpet av året. Så lenge verksemda
har full kontroll og oversikt over føresetnadene, er det ikkje noko
i vegen for at dei kan setje ulik datomerking gjennom året for same
produkt. Det vil seie at matvarene vert merka med ein dato som er
tilpassa sesong, temperatur og andre føresetnader.
For nokre matvarer
er det ikkje krav om merking med ein slik dato. Det gjeld mellom
anna frisk frukt og grønsaker, bakeri- og konditorvarar som stort
sett vert etne innan 24 timar (for eksempel ferske brød) og drikkevarer
med alkoholinnhald på over 10 volumprosent.
Ei rekkje norske
verksemder er opptekne av å datomerke med sikte på å sikre trygg
mat og kvalitet, samtidig som dei ønsker å oppnå lågast mogleg matsvinn.
Bruk av tilsettingsstoff, pakkegassar og emballasjetype vil kunne
påverke kor lenge ei vare held seg.
På initiativ frå
Nordisk Ministerråd er det nyleg laga ein nordisk rapport som ser
på samanhengen mellom datomerking og matsvinn. Det er òg sett på kva
tiltak som kan påverke kor lenge maten held seg, og som dermed vil
kunne vere med på å redusere matsvinn. I rapporten vert det slått
fast at svinn av kjøttdeig i daglegvarehandelen vart kraftig redusert etter
at brukstida vart forlenga på grunn av endring i gass-innhaldet
i emballasjen. I rapporten vert det vidare slått fast at mange av
forbrukarane treng betre kunnskap om forskjellen mellom ”siste forbruksdag” og
”best før”, og at dei ofte kaster mat når utløpsdatoen er passert,
uavhengig av kva type datomerkinga produkta har.
Med bakgrunn i resultat
frå prosjektet er det foreslått å utvikle ”best practice”-retningsliner
for næringsmiddelindustri og dagligvarehandel, og meir tilrettelagt
informasjon for forbrukarar.
Gjennom ForMat-prosjektet,
har matbransjen gjort ei rekkje tiltak for å redusere matsvinn gjennom tiltak
som omfattar datomerking, men også tiltak for å informere forbrukar
gjennom internettsida matvett.no. På nettsida er det oppslag om
dei to typane datomerking. Det er også informasjon om datomerking
retta mot forbrukar både på Mattilsynet sine internettsider og på
matportalen.no som er styresmaktene sine informasjonsnettsider om
mat og helse.
Matbransjen har
gjennom ForMat vist at den er medviten sitt ansvar for å søke å
redusere matsvinn mellom anna ved å endre datomerkinga der det har vore
aktuelt. Dette har vorte gjort i dialog med Mattilsynet som har
tilsynsansvaret for mattryggleik og merking.
3. Stortinget ber
regjeringen legge til rette for utvikling av ny teknologi og emballasje
som kan bidra til å redusere matsvinn.
Landbruks- og matdepartementet
og Nærings- og fiskeridepartementet finansierer mykje av Forskingsrådet
sitt BIONÆR-program (berekraftig verdiskaping i mat og biobaserte
næringar). I 2016 var Landbruks- og matdepartementets bidrag til
dette programmet på om lag 192 mill. kroner. Programmet støttar
mellom anna forsking på sensorteknologi, bruk av robotar og meir
miljøvennlege prosessar for å redusere og utnytte matsvinn, både
frå produksjon og frå mat som forbrukarane i dag kastar. Blant dei større
prosjekta på området finn vi CYCLE- prosjektet som blei sett i gong
i 2013, og prosjektet Innovativ teknologi for norsk næringsmiddelindustri
som nyleg har starta opp. Begge prosjekta vert leia av SINTEF.
I tillegg til BIONÆR-programmet,
vil middel frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL)
og forskingsmiddel over jordbruksavtalen (JA) vere sentralt for
å legge til rette for utviklinga av ny teknologi og emballasje som
kan bidra til å redusere matsvinn. I fellesskap mellom BIONÆR-programmet
og FFL/JA, vert det lyst ut middel til innovasjonsprosjekt for næringslivet.
Prosjektet Riktig Emballering for Redusert Matsvinn leia av Bama-gruppa,
og prosjektet Nye lagrings- og pakketeknologiar for forlenga sals-sesong
og ivaretaking av høg kvalitet på norskprodusert frukt, leia av
Hardanger Fjordfrukt, er døme på prosjekt som er starta opp på området.
FFL og Nærings-
og fiskeridepartementet finansierer òg matforskingsinstituttet Nofima
sine strategiske program. Prosessteknologi slik som konservering,
nye teknologiar og varmebehandling er mellom Nofima sine satsingsområde.
Nofima er involvert i fleire prosjekt som legg vekt på å hindre
matsvinn gjennom rett bruk av emballasje og pakketeknologi. I tillegg
til ei rekkje nasjonale prosjekt for mellom anna kjøt-, fiske-,
vegetabilie- og emballasjeindustrien er Nofima med i fleire EU-prosjekt.
Utover dette vil
òg norsk deltaking i det europeiske forskings- og innovasjonsprogrammet,
Horisont 2020, innanfor delprogrammet på området mat, hav og bioøkonomi,
bidra til kunnskapsoppbygging på området.
4. Stortinget ber
regjeringen gjennom den planlagte avfallsmeldingen bidra til at
kommuner kan håndtere matavfall på en bedre måte, ved blant annet
å legge til rette for økt bruk av kildesortering.
Kommunane har ansvar
for å sørge for innsamling av avfall frå hushalda. Kommunane kan
sjølv velje om dei ønsker å tilby innsamling av avfallet i ulike
fraksjonar (kjeldesortering av avfall).
Miljødirektoratet
har fått oppdrag om å vurdere verkemiddel for å fremme utsortering
av blautorganisk avfall og plast, som skal verte levert i løpet
av året. Det er naturleg at oppdraget vert følgd opp i meldinga
om avfallspolitikk og sirkulær økonomi.
Som ansvarleg for
avfallet tilknytt hushald, vil kommunane vere naturlege samarbeidspartnarar
når det gjeld kartlegging av matavfall og matsvinn.
5. Stortinget ber
regjeringen utrede og eventuelt foreslå en matkastelov som omfatter
næringsmiddelindustrien og dagligvarebransjen.
Eg har stor tru
på samarbeid for å redusere matsvinn, meir enn lovreglar og forbod.
Alle må ta ansvar for å førebygge matsvinn, både primærnæring, matindustri,
grossistar, daglegvarehandel, restaurantar og forbrukarar. Føresetnadane
for å lukkast er større om vi samarbeider på tvers i verdikjeda.
Som tidlegare nemnt
inngjekk styresmaktene i 2015 ein intensjonsavtale med representantar
for heile matbransjen om reduksjon i matsvinn. Intensjonsavtalen
vil etter planen bli avløyst av ein konkret avtale med reduksjonsmål
og moglege tiltak i 2017.
Eg viser òg til
at styresmaktene har samarbeidd med matbransjen om å sette matsvinn
på dagsorden i Noreg sidan ForMat-prosjektet vart starta opp i 2010. Gjennom
solid kartlegging av matsvinn i store deler av verdikjeda, viktig
forbrukaropplysning og gjennomførte nettverksprosjekt mellom sentrale
aktørar i matbransjen, har ForMat medverka til å redusere matsvinnet
i Noreg. Styresmaktene har støtta ForMat økonomisk og vore observatør
i prosjektet.
Sidan 2009 har Noreg
hatt forbod mot å kaste matavfall på fyllinga. Dette avfallet går
no oftast til forbrenning, fôrproduksjon eller kompostering, men det
er veksande interesse for å auke delen som blir nytta til biogass.
Reelt sett er det dermed berre kravet om avtale med ideelle organisasjonar
som skil matkastelova i Frankrike frå norsk regelverk.
Alt dette syner
at vi er på rett veg med arbeidet mot matsvinn i Noreg, utan ei
matkastelov med forbod mot matkasting som i Frankrike. Heller enn
nye påbod og forbod, vil vi halda fram samarbeidet med bransjen
med sikte på å finne gode tiltak for å redusere matsvinnet i Noreg.
6. Stortinget ber
regjeringen legge til rette for at det etableres matsentraler eller
liknende ordninger i alle deler av landet, også gjennom økonomisk
støtte.
Landbruks- og matdepartementet
har saman med mellom andre ForMat-prosjektet, delteke i arbeidet med
å leggje til rette for etablering og drift av Matsentralen som distribuerer
brukande mat som ikkje kan seljast frå daglegvarebutikkar, grossistar
og produsentar, til vanskelegstilte personar i heile Oslofjord-området.
Matsentralen delte
ut 800 tonn mat i 2015 noko som utgjer 1,6 millionar middagar til
sluttbrukarane og ein vekst på 30 % frå 2014. Dette er no den matsentralen
i Norden som distribuerer mest mat. Prosjektet har støtte frå daglegvarehandel,
matindustri og ideelle organisasjonar, men treng meir mat og finansiering,
noko som eg oppmodar bransjen om å støtte ytterligare opp om.
Regjeringa innførte
eit fritak for meirverdiavgift ved uttak av mat som vert levert
vederlagsfritt til velgjerande føremål frå 1. juli i år. Fritaket
vil medverke til å redusere matsvinnet og gjere det billigare for bransjen
å gje mat til menneske som har det vanskeleg. Dette vil gjere det
enklare for verksemdene å gje mat til både matsentralen og andre
liknande ordningar i alle delar av landet.
Matsentralen er
eit viktig tiltak i arbeidet mot matsvinn, og Landbruks- og matdepartementet
har difor støtta etablering av Matsentralen. Eg trur likevel det
ikkje på sikt er ei offentlig oppgåve å finansiere drifta av Matsentralen.
Her må ein finne løysningar i samarbeid med matbransjen som sikrar
vidare drift og etablering av nye matsentralar.