Søk

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, frå Høgre, Frank Bakke-Jensen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove Trellevik, frå Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad, Oskar J. Grimstad og Morten Ørsal Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, frå Senterpartiet, leiaren Geir Pollestad, frå Venstre, Pål Farstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, viser til representantforslag frå stortingsrepresentantane Torgeir Knag Fylkesnes og Snorre Serigstad Valen om langsiktigheit og tryggleik for turistfiske.

Komiteen vil påpeike at turistfiske langs kysten har auka betydeleg dei siste åra. Stadig fleire reiselivsbedrifter rettar seg inn mot fisketuristar. Komiteen er positiv til turistfiske og vil legge til rette for dette innanfor ei bærekraftig forvaltning. Komiteen viser til at forslagsstillarane påpeiker at formålet med framlegget er å sikre gode rammer for fisket som skjer i regi av utlendingar som kjem hit som turistar, og at det heilt korrekt vert påpeika at det i dag ikkje er kontroll over kor mykje fisk som vert fiska innanfor turistfiskekvota.

Komiteen viser til svarbrevet frå departementet av 12. oktober 2016 (lagt ved innstillinga) som peikar på dei same utfordringane, og at det den 28. september 2016 vart sendt på høyring nye reglar for turistfiske. Høyringa baserer seg på ein rapport levert 27. juni 2011 vedkommande forvaltningstiltak overfor næringsverksemd basert på turistfiske i sjø. Komiteen har merka seg at ifølgje departementet sitt syn så vil høyringsframlegga langt på veg ivareta forslagsstillarane sine framlegg, unnateke punkt 2 om innføring av fiskekort for utanlandske turistar og punkt 6 om eventuelle lovendringar for å overføre forvaltninga til kommunane. Desse forslaga er ikkje med i høyringsutkastet.

Komiteen viser til at punkt 5 heller ikkje er med i høyringsutkastet. Dette punktet går ut på å greie ut ei ordning med at fisk berre kan takast ut av landet dersom den er fiska i samarbeid med ei registrert turistfiskebedrift.

Komiteen vil poengtere at det er viktig å få ei oversikt over kor mykje fisk som faktisk går til turistfiske. Departementet skriv i sitt svarbrev at det mest sentrale i høyringsframlegget er at det vert foreslege å innføre ei registreringsordning for turistfiskebedrifter og pliktig rapportering av fangst. Komiteen støttar dette synet. Komiteen vil påpeike at det er opplevinga av å fiske som er hovudessensen i turistfiske, og ikkje matauk. Utanlandske turistar har ikkje adgang til å selje fangsten sin, og 15 kg fisk utgjer eit årsforbruk om ein tek utgangspunkt i kosthaldsråda om fisk.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, støttar intensjonen i forslaget om å begrense eksport som ikkje gir verdiskaping i lokalsamfunna, og kravet om sterkare kontroll, slik at det etter medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti sitt syn berre er fisk frå registrerte turistbedrifter som vert lovleg.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre finn det likevel vanskeleg å skulle håndheve eit slikt krav.

Komiteen støttar intensjonen i høyringsframlegget frå departementet om turistfiske, om at det bør vere eit mindre tal på kilo til utførsel når fisken ikkje er fanga ved eit registrert turistanlegg.

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre, viser til at regjeringen har forslag til endringer i regelverket for turistfiske på høring, og at kunnskapen fra høringsrunden ikke foreligger ennå. Flertallet peker på at regjeringen også har en stortingsmelding om reiseliv under utarbeidelse, og ser det som hensiktsmessig at spørsmålene om turistfisket ses i den sammenheng.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti støttar imidlertid ikkje høyringsframlegget frå departementet om å auke lovleg utførsel frå 15 til 30 kilo viss turistane har fiska i regi av ei registrert turistfiskeverksemd.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet går inn for at ein beheld dagens grense ved fangst frå registrerte turistfiskeverksemder og foreslår vidare at det vert sett ei lågare grense enn 15 kg dersom fisken ikkje er fanga ved eit registrert turistfiskeanlegg.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil påpeike at troféfiske skal inkluderast i utførselsgrensa, og fremmer følgjande forslag:

«Troféfiske skal inkluderast i grensa for kor mykje fisk som kan takast ut av landet.»

Desse medlemene ber òg om ei utgreiing av om utførselskravet når det gjeld talet på kilo skal gjelde per år, og ikkje per utførsel som i dag, og fremmer følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa greie ut om utførselskravet når det gjeld talet på kilo skal gjelde per år.»

Komiteen vil vise til fleirtalsmerknaden i Meld. St. 10 (2015–2016) En konkurransekraftig sjømatindustri:

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en strategi for bruk av alt restråstoff/biprodukt og insentivordning for ilandføring av hele fisken, herunder utrede og finne rimelig tidspunkt for når innføring av 'hele fisken på land' kan skje i Norge.»

I samband med dette arbeidet bør det utarbeidast enkle, greie omrekningsreglar slik at talet på kilo vert rekna i rund fisk. Kilotalet kan då auke utover den satte grensa. Dette for å hindre det vi ser i dag, at mykje av fisken blir kasta og at berre fileten/loinsen vert nytta.

Komiteen fremjer føljande forslag:

«Stortinget ber regjeringa utarbeide omrekningsreglar slik at antal kg vert rekna i rund fisk.»

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringa utarbeide omrekningsreglar slik at talet på kilo vert rekna i rund fisk. Stortinget ber regjeringa komme attende til Stortinget i forbindelse med reiselivsmeldinga.»

Når det gjeld dei nærare reglar om gjennomføring av registrerings- og rapporteringsordningane, er fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, samd med departementet i at det ikkje bør konkluderast før etter at høyringa er ferdig.

Fleirtalet viser til svarbrev frå departementet knytt til / om innføring av fiskekort for utanlandske turistar (punkt 2) og støttar ikkje kravet om å innføre fiskekort i sjø.

Fleirtalet viser til departementet sitt svar knytt til framlegget om å overføre retten til å forvalte turistfiske til kommunane (punkt 6). Det går fram av svarbrevet at forvaltning og kontroll med dei marine ressursane i dag ligg hjå Fiskeridirektoratet, at dei har god lokalkunnskap og god kompetanse, og at Fiskeridirektoratet vil vere best egna til å løyse kontroll- og forvaltningsoppgåvene i turistfiskenæringa. Fleirtalet støttar dette synet.

Medlemen i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti meiner det er positivt at regjeringa etter at representantforslaga vart lagt frem, no har fremma fleire forslag på høyring som liknar på forslaga i representantforslaget, for eksempel forslaget om å innføre ei registreringsordning for turistfiskebedrifter og pliktig rapportering av fangst.

Denne medlemen meiner det trengst strengare regulering av fisken som blir frakta ut av landet som følgje av turistfiske. Denne verksemda må bli regulert for å sikre at ressursane blir skatta av på fornuftig vis, og at denne turismen gir verdiskaping i Noreg. Denne medlemen meiner at forslaget frå departementet om å auke lovleg eksport av fisk frå landet dersom turistane har fiska i regi av ei registrert turistverksemd, ikkje går langt nok i å regulere det som er ein ukontrollert eksport i dag. Ingen veit i dag kor mykje fisk som blir tatt ut landet, heller ikkje kor mange kilo dette representerer i fanga rund fisk. På spørsmål kan heller ikkje regjeringa oppdrive informasjon om andre fangstområde eller andre land kor det finst liknande moglegheiter til å ta fisk ut av landet. Dette er ei spesialordning Noreg har, for fisk i saltvatn. Denne medlemen meiner difor ein bør avvikle ordninga kor utanlandske turister kan ta med seg fisk ut av landet dersom dei ikkje fiskar gjennom ei godkjent verksemd. Ei slik ordning vil gi fleire positive gevinstar. For det første vil det skaffe kontroll med ressursuttaket, som er grunnleggande for norsk fiskeri og samarbeid med Russland. For det andre vil det auke tryggleiken for utanlandske turistar. For det tredje vil det styrke norsk verdiskaping og bidra til sysselsetting.

Denne medlemen stør forslaget om at troféfisk skal inkluderast i utrekninga av kor mykje fisk som kan bli tatt ut av landet, men med ein føresetnad om at dette skjer gjennom registrerte norske verksemder.

På den bakgrunn blir følgjande forslag fremja av denne medlemen:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om innføring av fiskekort for utenlandske turister, der inntektene skal brukes til kontroll med fisket.»

«Stortinget ber regjeringen utrede en ordning der utenlandske turister kun får ta med fisk ut av landet dersom den er fisket i samarbeid med en registrert turistfiskebedrift, slik at man begrenser eksport som ikke gir verdiskapning i lokalsamfunnene og får sterkere kontroll med hvor mye fisk som tas opp.»

Denne medlemen viser til at kommunane har ein nærleik til turistfisket som gir innsikt i korleis dette blir utøvd lokalt. Kombinert med kommunane sin kjennskap til lokalt næringsliv og lokale sikkerheitsutfordringar, gjer dette at kommunane har høve til å sjå turistfisket i ein større samanheng. Denne medlemen meiner difor at forvaltningsansvaret for turistfisket bør flyttast til kommunane.

På den bakgrunn blir følgjande forslag fremja av denne medlemen:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om nødvendige lovendringer for å gi kommunene rett til å forvalte profesjonelt turistfiske, for å sikre god forvaltning basert på lokal kunnskap.»