Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen
og Eirin Sund, frå Høgre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur, Bjørn
Lødemel og Ingjerd Schou, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari
og leiaren Helge André Njåstad, frå Kristeleg Folkeparti, Geir Sigbjørn Toskedal,
frå Senterpartiet, Heidi Greni, frå Venstre, André N. Skjelstad, og
frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, handsamar i
denne innstillinga forslag om løyvingar på statsbudsjettet for 2017
under dei kapitla og postane som er fordelte til komiteen under rammeområda
1, 6 og 18.
Komiteen har ved vedtak i Stortinget 11. oktober
2016 fått tildelt kapittel under rammeområde 1 (Statsforvaltning),
rammeområde 6 (Innvandring, regional utvikling og bustad) og rammeområde 18
(Rammeoverføringar til kommunesektoren mv.), jf. Innst. 1 S (2016–2017).
Ved Stortingets vedtak 5. desember 2016 er netto utgiftsramme for
rammeområde 1 fastsett til kr 9 152 467 000, for rammeområde 6 fastsett
til kr 26 168 443 000 og for rammeområde 18 fastsett til kr 171 853 060
000, jf. Innst. 2 S (2016–2017).
Komiteen viser til at det 3. desember
2016 blei inngått avtale om statsbudsjettet for 2017 mellom regjeringspartia
Høgre og Framstegspartiet, og Kristeleg Folkeparti og Venstre. Det
vert vist til handsaminga av Innst. 2 S (2016–2017) med lause forslag 5. desember
2016. Komiteen viser
vidare til dei respektive partia sine merknader i denne innstillinga.
Komiteen viser til at i samsvar
med Stortingets forretningsorden § 43 femte ledd skal berre dei forslaga
som summerer seg til ramma for rammeområda 1, 6 og 18, og som er
vedtekne ved handsaminga av Innst. 2 S (2016–2017), bli tatt opp
til votering ved handsaminga av denne innstillinga.
Open høyring blei
halden 20. og 21. oktober 2016. Følgjande organisasjonar deltok:
KS, Østlandssamarbeidet, Hedmark fylkeskommune, Nordland fylkeskommune,
Nord-Trøndelag fylkeskommune, Buskerud fylkeskommune, Finnmark fylkeskommune,
NHO, Fagforbundet, Fellesorganisasjonen, Norsk sykepleierforbund,
Norsk fysioterapeutforbund, Pensjonistforbundet, Frivillighet Norge, Norges
frivilligsentraler, Norges Forskningsråd, Elektroforeningen, Opplysningsrådet
for veitrafikken, Sabima, Sjømat Norge, Bokhandlerforeningen, Pensjonskasseforeningen,
Unio, Norsk tjenestemannslag, Akademikerne, NITO, IKT-Norge, Norsk arkivråd,
Norges blindeforbund, Zero, Syklistenes landsforening, Friluftsrådenes
landsforbund, Byggenæringens landsforening, Boligprodusentenes forening,
NBBL, Naturvernforbundet, Norske arkitekters landsforbund, Lavenergiprogrammet,
Nelfo, Næringslivets stiftelse for miljødeklarasjoner, Norsk Fjernvarme,
Norsk forening mot støy, Norges handikapforbund, Norsk forbund for
utviklingshemmede, Leieboerforeningen, Sametinget, Stiftelsen Saemien Sijte,
Skogfinsk museumsbygg nå!, Taternes landsforening, Veiledningstjenesten
for romanifolket og taterne, Stiftelsen romanifolkets/taternes kulturfond, Røde
kors, Norsk folkehjelp, Norsk folkehjelp solidaritetsungdom, Norges
idrettsforbund, Mira Ressurssenter For Kvinner Med Minoritetsbakgrunn, Noas,
Omod – Organisasjonen mot offentlig diskriminering, Grenseløs kjærlighet,
Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (Seif), Caritas Norge,
Press, Oppland fylkeskommune og Norsk leirskoleforening.