Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

16. Kassasystem-regelverk

Svart økonomi fører til reduserte skatteinntekter for stat og kommune og at middel ikkje kjem fellesskapet til gode. Samstundes har svart økonomi andre negative konsekvensar ved at det gir urettferdige konkurransevilkår for næringslivet og grobotn for annan økonomisk kriminalitet.

Dagens kassasystem er vanskelege å kontrollere, og manglande krav til systema skapar store utfordringar i kampen mot svart økonomi i kontantbransjane. Departementet foreslår derfor nye og strengare reglar for kassasystem. Dei nye reglane vil gjere det vanskelegare å skjule kontantomsetnad gjennom manipulasjon av kassasystem.

Dei nye reglane stiller krav til kassasystem, under dette reglar om påbodne og forbodne funksjonar, kvittering og rapportar og sikring av elektronisk journal. Vidare legg dei føreslåtte reglane nye plikter på leverandørar av kassasystem og bokføringspliktige brukarar av kassasystem. Leverandørar må oppgradere dagens system og levere ei produktfråsegn til skattekontoret før kassasystemet blir tilbode for sal, utleige eller utlån. Dei bokføringspliktige må skaffe nytt kassasystem med produktfråsegn og oppfylle enkelte nærare oppgjevne brukskrav. Ved manglande etterleving av reglane blir det foreslått at skattekontoret blir gitt ein heimel til å påleggje leverandørar tvangsmulkt og brotsgebyr, og dei bokføringspliktige brotsgebyr.

Det blir foreslått å leggje inn krav til kassasystem, leverandørane sine plikter og heimlar for å påleggje leverandørar brotsgebyr og tvangsmulkt i ny lov om kassasystem med tilhøyrande forskrift. Det blir foreslått at pliktene for bokføringspliktige brukarar av kassasystem blir plasserte i bokføringslova ny § 10a og i bokføringsforskrifta. Det er gjort forslag om at heimlane for å påleggje dei bokføringspliktige brotsgebyr, blir tekne inn i likningslova ny § 10-10 og meirverdiavgiftslova ny § 21-1a.

I samband med forslaga om nye administrative reaksjonar for leverandørar av kassasystem og dei bokføringspliktige, blir det òg foreslått enkelte endringar i skattebetalingslova § 1-1 tredje ledd og § 10-51.

Departementet foreslår at dei nye reglane trer i kraft frå 1. januar 2017. For at oppgradering eller anskaffing av nytt kassasystem i størst mogleg grad skal kunne skje som ledd i ordinær utskifting eller oppgradering, blir det foreslått at fristen for utfasing av kassasystem som ikkje tilfredsstiller krava, blir sett til 1. januar 2019. Det blir òg foreslått at heimlane for å påleggje bokføringspliktige brotsgebyr, først skal setjast i verk frå dette tidspunktet.

Forslag til regelverk for kassasystem vil først og fremst ha økonomiske og administrative konsekvensar for leverandørar av kassasystem, bokføringspliktige brukarar av kassasystem og staten.

Bakgrunnen for nytt regelverk er nærare skildra under proposisjonens punkt 16.2. Under punkt 16.3 i proposisjonen blir høyringa omtala, og i punkt 16.4 er det gitt ei overordna omtale av forslaget, medrekna virkefelt og val av teknisk løysing. Nye krav til kassasystem og leverandørar av kassasystem og nye krav til dei bokføringspliktige blir omtala under proposisjonens punkt 16.5 og 16.6, medan forslag til nye administrative reaksjonar for leverandørar av kassasystem og dei bokføringspliktige og endringane i skattebetalingslova er omtala under punkt16.7 i proposisjonen. I punkt 16.8 er det gitt ei omtale av regelverket opp mot reglane i EØS og WTO. Iverksetjing og økonomiske og administrative konsekvensar er omtala under punkt 16.9 og 16.10 i proposisjonen.

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.