Omsetning av aviser er fritatt for meirverdiavgift.
Fritak inneber at ein ved omsetning av avisa skal berekne (utgåande)
meirverdiavgift med nullsats, men at ein likevel kan trekke ifrå (inngåande)
meirverdiavgift på varer og tenester som er til bruk i føretaket.
Fritak er dermed ei indirekte støtte gjennom meirverdiavgiftssystemet.
Fritaket gjeld berre aviser som er trykte på
papir. Aviser i elektronisk form er elektroniske tenester som skal
ha meirverdiavgift med 25 pst.
I Sundvolden-erklæringa la regjeringa til grunn at
det skal arbeidast med sikte på å innføre ein felles sats for papiraviser
og elektroniske aviser. I avtala mellom Høgre, Fremskrittspartiet, Kristeleg
Folkeparti og Venstre om budsjettet for 2015, sjå Innst. 2 S Tillegg 1
(2014–2015), ber fleirtalet om at regjeringa notifiserer til EFTAs
overvakingsorgan (ESA) både eit fritak (null-sats) og ein låg sats
på 8 pst.
Regjeringa tek sikte på å notifisere fritak
for meirverdiavgift (null-sats) for e-aviser, dvs. alle nyhende-
og aktualitetstenester som tekst, lyd og bilde. Fritaket vil da
og gjelde tv-nyhende, i tillegg til nyhende på mobil og nettbrett.
Notifikasjonen vil bli utarbeida av Finansdepartementet i samråd
med Kulturdepartementet.
Den nærare avgrensinga av fritaket må avklarast i
notifikasjonsprosessen med ESA.
Komiteen tar omtalen
til orientering.