10. Avskrivingsreglene for vindkraft
Regjeringa foreslår endringar i avskrivingsreglane for vindkraftverk slik at driftsmiddel i vindkraftverk blir avskrivne lineært, med like store beløp over fem år. Etter dagens ordning blir vindkraftverk avskrivne etter saldoreglane, med ulike prosentsatsar for ulike type driftsmiddel. Forslag om endra avskrivingsreglar for vindkraftverk blei varsla i statsbudsjettet for 2015, jf. Prop. 1 LS (2014–2015) kapittel 20, og sendt på høyring 16. februar 2015.
Forslaget har samanheng med at Noreg frå 2012 har støtta fornybar elektrisitetsutbygging gjennom den svensk-norske elsertifikatmarknaden. Denne marknaden er hovudverkemiddelet for utbygging av fornybar elektrisitet. Noreg og Sverige har begge forplikta seg til å finansiere halvparten av utbyggingsmålet på 26,4 TWh i perioden 2012 til 2020. Ulike anlegg og teknologiar er likestilte i elsertifikatmarknaden, slik at prosjekta med lågast støttebehov kan byggjast ut først. Dei norske reglane for avskriving av vindkraftanlegg er gunstige og hindrar ikkje selskapa i å byggje ut samfunnsøkonomisk lønsame vindkraftanlegg. Energibransjen har likevel påpeikt at det er fleire forskjellar i rammevilkåra som kan påverke om utbygging skjer i Noreg eller Sverige, særleg at vindkraftanlegg kan avskrivast raskare i Sverige enn i Noreg. Dei raskare svenske avskrivingsreglane er bakgrunnen for at regjeringa no legg fram eit forslag som gjer at dei norske avskrivingsreglane for vindkraftverk blir tilnærma like dei svenske reglane. Målet er at forskjellar i avskrivingsreglane i dei to landa isolert sett ikkje skal vere avgjerande for om vindkraftverk blir lokalisert i Sverige eller Noreg.
Etter forslaget skal endringane få verknad for driftsmiddel som er erverva frå og med 1. januar 2015. Forslaget er avgrensa til å gjelde fram til utløpet av godkjenningsperioden for norske elsertifikatanlegg. Etter gjeldande reglar vil dette seie til og med 31. desember 2020. Dersom godkjenningsperioden for norske elsertifikatanlegg blir utvida, jf. forslag om eitt års forlenging i Prop. 97 L (2014–2015), er hensikta at driftsmiddel som er erverva fram til utløpet av den forlenga perioden, skal omfattast av dei nye avskrivingsreglane.
Det kan vere usikkert om forslaget inneber ulovleg statsstønad etter EØS-avtalen, og det er derfor foreslått at endringane ikkje blir sette i verk før spørsmålet er avklara. Departementet sendte brev til ESA 24. april 2015 der forslaget om å innføre gunstigare avskrivingsreglar for vindkraft blei pre-notifisert.
I samband med handsaming av budsjettet for 2015 vedtok Stortinget følgjande oppmoding til regjeringa (vedtak nr. 63 (2014–2015), punkt XXVI):
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med arbeidet med meir gunstige avskrivninger på vindkraftanlegg også vurdere avskrivningsregler for vindkraft med 40 prosent meravskrivninger over de fire første år.»
Oppmodinga blei omtalt og vurdert i høyringsnotatet. Slike meiravskrivingar ville innebere at selskapa får eit tilleggsfrådrag på 40 pst. ut over investeringskostnadene, slik at samla investeringsfrådrag ville blitt 140 pst. Meiravskrivingane ville dermed bli ein rein investeringsstønad som ville undergrave elsertifikatmarknaden. Samfunnsøkonomisk ulønsame investeringar ville bli lønsame for selskapa, og dette ville svekke produktiviteten i Noreg. Departementet tilrår derfor ikkje vidare vurdering av ei slik ordning.
Forslaget om lineære avskrivingar for vindkraftverk blei sendt på høyring 16. februar 2015 med frist for innspel 30. mars 2015.
Dei fleste høyringsinstansane var positive til forslaget. Fleire av høyringsinstansane har peikt på eit behov for klargjering av lovteksten og oppmoda til endringar som ville gjere ordninga endå betre for selskapa. Nokre høyringsinstansar meiner forslaget bør utvidast til også å gjelde investeringar i vindkraftverk før 2015.
Nokre høyringsinstansar har motsett seg forslaget. Det er mellom anna vist til miljømessige omsyn og at ei endring som foreslått vil gi urimelige fordelar for vindkraftverk samanlikna med andre teknologiar og bransjar.
Merknadene frå høyringsinstansane blir nærare omtalt under punkt 10.3 og 10.4 i proposisjonen.
Provenytapet knytt til forslaget om fem års lineære avskrivingar for mogelege vindkraftinvesteringar i perioden 2015 til 2020 er anslått til 600 mill. kroner målt som noverdi. Forslaget vil truleg ikkje medføre vesentlege administrative kostnader.
Endringa skal etter forslaget få verknad for driftsmiddel erverva frå og med 1. januar 2015 og tek til å gjelde frå den tid Kongen bestemmer.
Departementet viser til forslag til endringar i skattelova § 14-51.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Senterpartiet, slutter seg til regjeringens forslag.
Komiteens medlem fra Senterpartiet viser til at regjeringen har foreslått endringer i avskrivningsreglene for vindkraft. Bakgrunnen for forslaget er at ulike rammevilkår mellom Norge og Sverige kan påvirke at utbygging av vindkraftverk kan skje i Sverige i stedet for i Norge.
Dette medlem mener at det heller må utformes en teknologinøytral ordning, slik at all sertifikatkraft får bedre avskrivningsregler. En ordning med 40 pst. meravskrivninger vil bidra til at de samfunnsøkonomisk beste løsningene blir valgt når nøytralitet mellom de ulike fornybarteknologier blir lagt til grunn.
Dette medlem viser til at Finansdepartementet sendte brev til ESA om pre-notifisering av forslaget om nye avskrivningsregler den 24. april 2015, og at de foreslåtte endringene ikke vil trå i kraft før spørsmålet om forholdet til EØS-avtalen er avklart. Dersom ESA ikke godkjenner de foreslåtte endringene, mener dette medlem at departementet må foreslå en teknologinøytral ordning.