11. Utenlandske pensjonsordninger – fradrag

11.1 Sammendrag

Departementet legg med dette fram eit forslag om å innføre frådrag for innbetalingar til utanlandske pensjonsordningar. Når ein i det følgjande omtaler utanlandske pensjonsordningar, meiner ein ordningar som ikkje oppfyller vilkåra for sparing med skatteføremon etter ein av dei norske pensjonslovene.

Innbetalingar til norske pensjonsordningar gir på nærare vilkår rett til frådrag, jf. skattelova §§ 6-45, 6-46 og 6-47. Utanlandske pensjonsinnretningar etablert i ein EØS-stat kan òg tilby pensjonsordningar i den norske marknaden innanfor dei rammer som følgjer av føretakspensjonslova, innskotspensjonslova, tenestepensjonslova og lov om individuell pensjonssparing. Oppfyller ordninga vilkåra etter ei av dei nemnde lovene, har ein rett på frådrag etter skattelova §§ 6-46 og 6-47, på same vis som om pensjonsinnretninga var etablert i Noreg.

Ein person som kjem til Noreg for å arbeide eller utøve verksemd og som er medlem av ei pensjonsordning i eit anna land, har likevel i praksis ikkje rett til frådrag for innbetalingar til denne. Det følgjer av at ordninga normalt ikkje vil oppfylla vilkåra i dei norske pensjonslovene. Innbetalingar frå arbeidsgivar til ei slik utanlandsk ordning blir òg handsama annleis, og vil vere skattepliktig inntekt for ein arbeidstakar.

Ved å opne for sparing med skatteføremon i ei utanlandsk ordning fjernar ein samstundes moglege EØS-rettslege innvendingar mot gjeldande reglar. Etter avgjerda i sak C-150/04 Kommisjonen mot Danmark er det uklart om ein kan oppretthalde ei generell avgrensing i reglane mot utanlandske ordningar.

Departementet foreslår av den grunn at EØS-borgarar på nærare vilkår skal få frådrag for innbetalingar til utanlandske pensjonsordningar. Det er eit krav at pensjonsinnretninga er etablert i ein EØS-stat. Forslaget vil samstundes sikre ei meir nøytral handsaming av sparing i norske og utanlandske pensjonsordningar.

I tråd med forslaget vert det mellom anna stilt krav til at vedkomande har vore medlem i ordninga i minst eitt år før etablering av skatteplikt til Noreg, og at ordningane har gitt rett til frådrag. På same vis som i dei norske ordningane krev ein at alderspensjon er hovudytinga i ordninga. Frådraget kan ikkje overstige dei innskotsgrenser som følgjer av tenestepensjonslova. Viss skattytar er medlem både i ei norsk og ei utanlandsk ordning, får ein berre frådrag under den norske ordninga.

Departementet viser til forslag til ny § 6-72 i skattelova.

11.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.